Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
CD
Weiss, J.S. Bach, C.P.E. Bach:
Meetings with Bach
Duo SolRoos. Proprius 2024
«Einast Sylvius skal spela lutten», står det på koparstikket nedst på denne sida. Dei som i si tid høyrde Sylvius Leopold Weiss spela, ville nok vore samde. Med sin briljante teknikk og improvisasjonskunst var han si tids fremste luttspelar, eller «luttinist», som ein kalla det då. I dag blir han rekna som den siste store utøvaren på barokklutt, eit instrument som med sine mange strenger mogleggjer fyldigare akkordar enn vår moderne gitar tillèt.
Weiss kom til verda i nærleiken av Breslau (dagens Wrocław i Polen) i det historiske landskapet Schlesien. I 1718 blei han teken opp i hofforkesteret i Dresden, der han i 1744 var den best betalte instrumentalisten, sjølv om karrieren i 1722 stod i fare då ein (avundsjuk?) fiolinist freista å bita av han tommelen.
Likskap
Med si fine blanding av fyldig fransk harmonikk og italiensk songleg melodikk – i tillegg til raffinert tysk polyfoni – minner Weiss’ solostykke mykje om Johann Sebastian Bachs (1685–1750) tilsvarande komposisjonar. Dei to mest jamaldrande komponistane, som begge døydde i 1750, møttest fleire gonger i J.S. Bachs tenestebustad på Thomasskulen i Leipzig. Desse møta er inspirasjonen bak Duo SolRoos’ fine album Meetings with Bach.
Meistrane må ha ovundra kvarande – det improvisatoriske samspelet deira er skildra av samtidige – og J.S. Bach nytta ein solosuite for lutt av Weiss som utgangspunkt for sin eigen Sonate for fiolin og cembalo i A-dur, BWV 1025, ved å tilføra ei ekstra toppstemme.
Nyansert
Det er dette «syntetiske» stykket blokkfløytisten Emilie Roos og luttspelaren Dohyo Sol opnar albumet med. Det at melodiane til lutten og fløyta er så tett samanvovne, gjer stykket spesielt. Særs godt likar eg andresatsen «Courante», der fløyta på typisk bachsk vis har lange parti med snøgge tonar, passasjar Roos artikulerer nyansert på fløyta, med perfekt intonasjon. Liknande kvalitetar syner ho i Solosonate for fløyte i c-moll, Wq 132, av J.S. Bachs nest eldste son Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788).
Også Sol har eit solostykke: J.S. Bachs Cellosuite nr. 2 i d-moll, BWV 1008, i sitt eige arrangement for lutt. Dette ville nok ikkje komponisten hatt noko imot, for han arrangerte sjølv éin av cellosuitane sine for lutt. Sols tolking vekslar fint mellom mjuk melankoli (i fyrstesatsen «Prelude») og krast driv (i tredjesatsen Courante), og han er god til å lyfta fram dei ulike stemmene i den polyfone veven.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.