Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmfestival
Tromsø Internasjonale Filmfestival
13.–19. januar 2025
Ein bergensar trur nesten han er heime, når regnet fossar ned i Tromsø i januar. Heldigvis er det mykje bra å sjå innomhus på filmfestivalen medan ein ventar på betre tider.
Nokre av filmane på festivalen kjem på kino. Altså kan søringar òg gle seg. I dag kjem indiske All We Imagine as Light av Payal Kapadia, som vann juryens store pris i Cannes. Ho skildrar livet til sjukepleiarar med poetisk realisme. Filmen flyt vakkert. Skodespelarane overtyder, og ein lèt seg rive med.
Kapadia pirkar i sosiale normer knytte til kjærleik og seksualitet. Stemnemøte med muslimske menn sømer seg til dømes ikkje for hinduar. Regissøren er ikkje særleg kjend i Noreg, men Kapadia vann prisen for beste dokumentar i Cannes med den skakande og stramme A Night of Knowing Nothing i 2021. Ho brukte den dokumentariske erfaringa godt for å skape All We Imagine as Light. Etter sånn suksess med sine to første langfilmar har Kapadia ei ljos framtid.
Flukt
Dei fleste festivalfilmane kjem korkje på kino eller på nettet. Ein lyt nytte høvet. I ukrainske Under the Volcano av Damian Kocur er ein familie på ferie på Kanariøyane då det smell i 2022. Krigen heime endrar alt. Regissør Kocur har kokt opp eit smart, universelt drama. Vi kan alle bli flyktningar. Forholdet utviklar seg i familien, og mellom dei og andre, anten det er vestafrikanarar som har flykta over havet, eller russiske turistar ved nabobordet.
Som mange andre i Iran har afghanarane i In the Land of Brothers av Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi òg flykta. Den sårbare situasjonen deira blir fortald gjennom tre ulike historier med intens nerve og stramt filmspråk, i god iransk stil. To andre av titlane frå Iran kjem heldigvis på kino seinare. En liten bit av kaken av Maryam Moghadam og Behtash Sanaeeha og The Seed of the Sacred Fig av Mohammad Rasoulof hamnar truleg på mi toppliste for 2025. Rasoulof flykta då filmen var ferdig.
Danskar kan fort bli flyktningar. I dokumentaren As the Tide Comes In av spanske Juan Palacios møter vi ein bonde som vil bli med i deira versjon av Jakten på kjærligheten, altså Landmand søger kærlighed. Den sjarmerande filmen skildrar at jakta fort kan bli på ein ny plass å bu, sidan den idylliske øya Mandø søkk i havet.
Filmen av Damian Kocur skildrar ein ukrainsk familie som er på ferie på Kanariøyane då Russland invaderer Ukraina.
Foto frå filmen
Von
Nokre vil helst flykte frå røynda. Grøssaren Exhuma av Jang Jae-hyun skil seg frå mange koreanske filmar som når Noreg. Tradisjonell koreansk mytologi og religion er ingrediensar i ein spennande film som byggjer seg sakte opp frå smart krim til eit underhaldande klimaks.
Dvelande Viet and Nam av Minh Quy Truong flyt mellom draum og røynd. Kjærleiken mellom ein mann frå nord og ein frå sør i Vietnam fell i dårleg jord i heimlandet. Ein kan grunde lenge på denne fascinerande og fine filmen. All Shall Be Well av Ray Yeung frå Hongkong er lettare, men kompleks. Då sambuaren gjennom tallause år døyr, møter ei godt vaksen dame diskrimineringa som rammar lesbiske par. Yeung har laga eit varmt og rørande drama.
Dramaekspert Icíar Bollaín frå Spania er i form i I Am Nevenka. Den ekte Nevenka opplevde seksuell trakassering og maktmisbruk av ein populær politikar. Historia hennar viser at mykje skjedde før metoo. Forteljinga inspirerer. Det er i det heile mykje å glede seg over i kinomørket. Filmfestivalen i Tromsø er ein god start på filmåret.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.