Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

🎧 Kven er vakrast på stølen her?

Dei to kyrne står finpussa. No skal dei kårast.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fjordfea Symra og Vårsøg. To fyrsteårs mjølkekyr.   Foto: Svein Gjerdåker

10127
20201002

Dag og Tid-stølen

Dag og Tid driv støl på sjuande året.

Stølen ligg på Remlo på Voss og er eigd av Bjørn Mjølsnes.

To kyr, to griser og fire geiter.

Vi mjølkar, ystar og ryddar kulturlandskapet.

Kyrne er på garden Selheim på Voss om vinteren, geitene på Bernes på Osterøy.

Lytt til artikkelen:

Stølssesongen er i gang, og vi har fått besøk av Laget for Vestlandsk Fjordfe og Laget for vestlandsk raudkolle. Dei har felles årsmøte på Voss og spurde fint om dei kunne få koma oppom. Vi sa sjølvsagt ja – det er jo ei ære for oss som har to fjordfekyr – og vi slo til og spanderte lapskaus, saft og kaffi på alle dei 48 gjestene.

Einaste kravet var at det skulle vera allsong. Så laurdag 25. juli stod fjordfegjengen, stølsgrannar og vi og song «Dei gamle fjelli» med tekst og melodi (!) av Ivar Aasen, akkompagnert av kona Ingvild på batteridrive orgel.

Det ljoma ikkje akkurat, «Dei gamle fjelli», er ikkje allemannseige lenger. Men det hadde likevel ikkje vore slik stemning på stølen sidan 2016 då den no avlidne meisterspelaren Leif Rygg spela «Budeiene på Vikafjell».

I år byrja vi optimistisk med kyrne Symra og Vårsøg, to griser og fire mjølkegeiter. I tillegg kom drengen Anders med kviga Solveig, som var her som kalv i fjor. Ameline, som vi kjøpte i 2016, og som er mor til Symra, er denne sommaren på stølen til heimefolket på Selheim. Det var ein tabbe, for vi sakna den rolege og sindige kua.

Vårsøg er ny på stølen, men dei to kyrne kjenner kvarandre frå heimegarden og går godt saman. Vårsøg er skvetten av seg og spissar øyra for den minste ting. Eg vert fortald at mora var likeins og vart slakta i fjor sommar fordi ho var for uroleg.

Så eg angra på at vi bytte ut Ameline. Det vart eit strev å få Vårsøg inn i det vesle fjøset før mjølking. For skulle Vårsøg våga seg inn, måtte ho gå i hælane på Symra. Det var ikkje lett å få til når Symra gjekk rett inn med ein gong ho fekk sjansen, og Vårsøg var usikker og stogga opp. Det som berga oss, var Symras forstandige framferd. Ho lét seg roleg leia ut att gong på gong, slik at Vårsøg til slutt drista seg inn.

Etter kvart gjekk det seg til, og vi likte Vårsøg betre og betre. Og sjølv kom ho til å lika seg i fjøset og var den fyrste som la seg ned i båsen dei gongene det høljeregna og kyrne fekk stå inne nokre timar etter mjølking.

Ho er lita, men har eigenleg ein ideell storleik for ei stølsku. Ho mjølkar 12–13 liter for dagen, noko som er bra for ei fyrsteårs fjordfe-mjølkeku. Vonleg kjem ho over 20 liter for dagen og minst 4000 liter i året om nokre år.

Ho er lett å handtera, og den vesle kua trakkar ikkje ned stølsbøen og lagar det gjørmete og utriveleg når det regnar. Det er ikkje ein uviktig detalj om ein skal trivast på ein vestlandsstøl med mjølkekyr. Vårsøg er skapt for fjellet og stølslivet. Storleiken og den ljose fargen med dei ljosebrune innslaga, gjer at ho ser ut som ei stølsku frå gamle dagar.

Vi er ferdige med lapskausen, Anders, drengen, har spela slåtten «Ringjaren» på hardingfele, Martha Tøn frå nabostølen har snakka om Remlo i gamle dagar, og fjordfegjengen har stilt seg opp bak steinmuren på stølstreet. Bedømminga skal ta til.

Eksteriørbedømming har vore ei alvorleg sak. Bøndene med dei beste kyrne fekk åtgaum, og resultata vart refererte i lokalavisene. Ei fyrstepremieku vart hugsa lenge etter at ho var slakta.

Men det var ikkje alltid bonden var nøgd med statskonsulentane som reiste rundt og vurderte kyrne. Bestefar min var ivrig oppteken av avlsarbeid, deltok på kåringssjå og hadde beste buskapen i Voss fjøsrekneskapslag i 1938–39.

Og han hadde éi ku som var med i Stambok over Telemarkfe. Kyr født 1929–48, gjeven ut av Statens stambokkontor i Oslo i 1959. Det var Dagrei, fødd 8. oktober 1940 og slakta 4. mars 1951. Om ho står det: «Raudsidet. Dyp, bra bred, førbygd ku med ganske rett overlinje (en liten senking bak manken) og ganske velstilte bein. Fint formet jur.»

Dagrei mjølka på det meste, i 1950 og ti år gamal, 4617 liter med 4,9 prosent feitt. Eg kjenner ikkje heilt til korleis fôret var samansett, men gjennomsnittet for kyrne i Voss fjøsrekneskapslag på den tida var 35 prosent høy, 18 prosent silo, 29 prosent beite og 18 prosent kraftfôr.

Favorittkua hans var likevel Fjellros, ei telemarksku fødd i 1933 og slakta i 1949. Farfaren var Lykkemann som kom frå Helgja sør for Ulefoss, ein fyrstepremieokse som vart kjøpt opp av oksestasjonen i Bø i Telemark.

Men på kåringssjået på Voss i 1940 gjekk det dårleg for Fjellros. I dagboka skriv bestefar: «Dei to fylkesagronomane som stod for bedømminga, vraka ho av di ho var svartsidut. Endå ho er den best bygde kui me har, og er ogso den kui som gjenom heile sitt liv har ytt mest mjølk. Ja, slik er utvalsjåi i våre dagar. Farge, horn og nyvlor veg meir enn avdråtten.»

I 1945 var han på nytt kåringssjå, men med same utfall: «Om Fjellros, som er svartsidut, sa statskonsulent Lahlim at austpå viste dei ut kyr som var so ueinsarta av let», skriv bestefar i dagboka, og siterer lett sarkastisk statskonsulenten: «Men dere vil vel kanskje ikke vise den ut av deres fjøs?»

9. februar 1949 vart Fjellros seld til slakt: «Det går vel lenge før me får att ei som vert so god på alle vis, med ytingar og elles i det heile – roleg og klok. Ho hadde ei sers evna til å leida dei andre kyrne. Ho var heilt sjølvsagd til å vera hovding. Dei andre kyrne fann seg i det utan å mukka. Ho var svartsidut, og det gjorde at ho ikkje kom på toppen i premidømingi. Hadde ho vore raudsidut som rasen skal vera, hadde ho tvillaust havt 1. premi.»

Så med bakgrunn i kva slekta har opplevd av uforstandige statskonsulentar, er det med ei viss uro eg overlèt kyrne til Bjørn Karsten Ulberg med assistanse frå Nils Drabløs for vurdering.

Ulberg er agronom, hadde eksteriørdømming av ku som fag på landbruksskulen, han har delteke med eigne kyr på tevlingar og ikkje minst vore dommar i dømming av kyr. Og sjølv har han hatt fire fyrstepremiekyr. Drabløs er ei av eldsjelene i fjordfelaget og ein inspirator for Dag og Tid-stølen.

For å ha det klinkande klart: Det å få fyrstepremie heng høgt. Særs høgt. Ikkje sjeldan var det ingen på eit kåringssjå som fekk fyrstepremie. Bestefar min hadde aldri ei fyrstepremieku. Det skal vera ei toppku på alle måtar, med minimum 8 poeng for kropp og bein og 4 poeng for jur og spenar.

Så det seier seg sjølv at ei andrepremieku er òg ei særs god ku som alle gjerne vil ha i buskapen sin, med minimum 7 poeng for kropp og bein og 3,5 for jur og spenar.

Nå ein dømmer, legg ein vekt på at juret skal vera enkelt å mjølka med moderne maskinar. Det skal ikkje vera så sidt og stort at det hindrar kua i å røra seg enkelt, eller slik at kua lett skader det.

Det er visse krav til jurfestet framme og bak, avstandane mellom spenane og sjølve spenelengdene. Høveleg lengd på spenane er 5 cm, og dei skal ikkje peika ut til sida. Sylinderforma spenar er best. Har dei kølleliknande form, vert dei ofte tunge å mjølka.

Juret skal vera langt og breitt og altså ikkje sidt. Den beste forma på juret er «traujuret», ikkje det korte og side «bollejuret» eller det hengslete «sekkejuret».

Elles skal ein vurdera hovudet og halsen, som skal ha jamn overgang. Brystet skal vera breitt, og bøgene skal ikkje vera «lause», men sitja fast til kroppen. Ryggen skal vera rett med god breidd. Krysset er viktig for at kua kan kalva enkelt og godt. Krysset er hofta, setebein, krossbein og halerota. Best er det om krysset er jamt framme og bak. Spissar det bakover, er ofte bekkenet for trongt, og kalvinga vert tung.

Beina må ha gode vinklar i hasar og kodeledd. Bakbeina, som har størst påkjenning, skal vera parallelle og innerklauvene mindre enn ytterklauvene. Ved vurdering av bein og beinstilling er det fyrst og fremst bakbeina som er interessante. Det er pa° bakbeina pa°kjenninga er størst.

I avlsarbeidet i dag legg ein mest vekt på juret og jurhelsa (34 prosent), mjølkemengda (27 posent), fruktsemd (11,4, prosent), deretter klauvhelse (3,8 prosent), bein (2,5 prosent) og kryssvinkel (1,4 prosent).

Lynne vert det merkeleg nok lagt lite vekt på, berre 0,5 prosent. Fargen vert ikkje vurdert i det heile. Så gamle Fjellros ville ikkje lenger ha vorte avvist av statskonsulentane.

Men Nils Drabløs meiner fargen er viktig. Han vil gjerne ha dei ljose: «Dei vise so gøtt att i markja», seier han. Og det stemmer. Eg har lagt merke til det etter at han sa det. Dei ljose kyrne ser eg lagt borte, medan dei brune og mørke lettare går i eitt med terrenget og vegetasjonen.

Så kjem domen. Symra får andrepremie. Ikkje verst. Ho får gode poeng for vinkelen på hasane, krysset og beina, men eit lite trekk for juret, som gjer at fyrstepremien rauk.

Solveig, som er kvige og for ung til å verta vurdert, får likevel, utanfor konkurranse, ein andrepremie. Det lovar godt for neste år.

Men Vårsøg får fyrstepremie! Leigekyra vår, ho som eg dei fyrste dagane ville senda ned att. Ulberg seier at ho presenterer seg godt. «Ho står fint. Ho har eit funksjonelt, godt og breitt jur og ein harmonisk og fin kropp.»

Eg spør han kva som fyrst og fremst gjorde utslaget, kvifor ho fekk fyrstepremie og ikkje Symra. «Juret. Ho har eit typisk traujur med gode utvikla mjølkekammer. Og at ho er lita, er berre bra. Gamlerasane skal vera små og lette.»

Så frå å vera problemkua har Vårsøg vorte premiekua. Berre så dumt at ho er ei leigeku, og at eg i tide og utide får høyra av eigarane kven som har den beste kua på stølen.

* * *

Kyrne får godt stell når dei kjem til mjølking denne kvelden. Det rart med det, men dei har fått ein ny glans og status. Så eg hiv i ein ekstra halvliter med kraftfôr til kvar av dei som premie og spelar Vårsøg frå Spotify. Det er god stemning i fjøset.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er stølsdreng og ansvarleg redaktør i Dag og Tid.

Kjelder: Hefte om bedømming av Noregs Bygdeungdomslag og nettsida til Geno.

Framhald: Mjølkegeiter og
realitetsorientering.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med bakgrunn i kva slekta har opplevd av uforstandige statskonsulentar, er det med
ei viss uro eg overlèt kyrne til dømming.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis