Luktesans
Mange fisk bruker lukt for å orientere seg og for å finne heim, men surare sjøvatn kan øydeleggje denne evna.
Foto: Nick Hobgood / Wikimedia Commons
Luktesans, eller kjemoresepsjon, var den aller første sansen som vart utvikla i dyreriket, og den grunnleggjande anatomien for luktesans har vore med oss gjennom 500 millionar år med evolusjon.
Ved å fange opp kjemiske signal frå omverda kunne dei første, enkle organismane styre bort frå fare og i retning av dei gode tinga i livet: kvile, mat og sex.
Nummer 1
Luktesansen hos dyr har to hovudfunksjonar: vanleg luktesans og feromonluktesans. Den vanlege luktesansen startar i nasehola, eller rettare: i eit spesialisert epitelvev som er bygd opp av slimkjertlar, støtteceller og nerveceller. På overflata av nervecellene er det fine flimmerhår der luktmolekyla blir fanga opp. Frå nervecellene i nasen går signala rett til luktenerven, også kalla hjernenerve nummer ein. Denne går vidare til den fremste delen av storhjernen. Dei fleste andre sansane, inkludert smakssansen, er kopla om via hjernestammen.
Lukt er altså høgt prioritert, truleg fordi det å oppfatte og tolke signala frå luktesansen var det som starta utviklinga av sentralnervesystemet, og fordi luktesansen er så avgjerande for overleving og reproduksjon.
Hos pattedyr blir heile 1 prosent av gena brukte til å kode for luktesans. Det er ingen andre sansar i heile dyreriket som har ei så tjukk brukarrettleiing. Men primatar, særleg menneske, er i særstilling dårleg utrusta med luktesans. Hos oss har firefarga stereoskopisk syn overteke mykje av den jobben luktesansen har hos andre pattedyr. Eit menneske kan rett nok skilje millionar av ulike stoff i svært små konsentrasjonar, men vi har ikkje meir enn 50 millionar lukteceller, fordelte på 10 cm2 med lukteepitel.
Hos sau er luktearealet om lag som hos menneske, hos gris og schæfer ti gonger større, hos villsvin tjue gonger større, hos ein ulv hundre gonger større. Det er verdt å merke seg kor redusert luktearealet og luktesansen er hos tamme tyr samanlikna med dei opphavlege, ville artane. Slik er det fordi det er menneska som styrer overleving og reproduksjon hos husdyra, dei er ikkje lenger avhengige av god luktesans og raske reaksjonar.
Dårlegast luktesans av alle pattedyr har kvalane, som tidleg i evolusjonen til å bli sjødyr ikkje berre mista luktesansen, men òg evna til å skilje smakane søtt, bittert og umami – dagens kvalar kan berre skilje mellom smakane salt og surt.
VMO
Den største skilnaden i luktesans mellom oss menneske og alle andre landlevande pattedyr er det som blir kalla det vomeronasale organet (VMO). Ein dansk anatom oppdaga i 1813 eit nytt og til då ukjent organ nedst i nasehola til alle pattedyr han undersøkte. I eit eige holrom i midten av nasen ligg eit område med spesialiserte lukteceller. Desse cellene er særleg gode til å fange opp feromon, eller duftstoff sendt ut for å tiltrekkje artsfrendar av motsett kjønn. Og dette duftsystemet er effektivt. Hos bjørnar, som er blant dei landdyra som har aller best luktesans, kan ein hannbjørn merke duftstoff frå brunstige hoer på mange mils avstand.
Du har kan hende sett at hingstar, vêrar eller hannkattar som har lukta på kjønnsorgana til det motsette kjønnet, vrengjer overleppa og etter det strekkjer fram hovudet, held pusten og stirer tomt ut i lufta nokre sekund, ei karakteristisk åtferd som har fått eit eige namn; flehmen-responsen. Det dei gjer då, er å dra eit djupt andedrag inn gjennom munnen, så urin eller anna væske med sterk kjønnslukt kan komme inn i denne spesialiserte delen av nasehola. Slik tek dei ein sikker hurtigtest av om det er rett tid for paring.
Menneske har ikkje denne flehmen-funksjon, noko som i sosialt lag kan hende er like greitt. Amfibiar og reptil har liknande system, men dei bruker denne støtteluktesansen ikkje berre til å lukte seg fram til ein partnar, men òg til å finne byttedyr. Hos fisk er det vist at spesialiserte lukteceller i det vanlege lukteepitelet kan ha liknande nerveforsyning og funksjon, det same kan vere tilfellet hos fuglar.
Å finne heim
Små klovnefisk (Nemo-typen) held til inne i korallrev, og ungane deira er heilt avhengige av luktesansen for å finne heim til dei trygge skjulestadene. Vi veit at med drivhuseffekten blir havet varmare og surare, og korallreva kan bli svekte og døy. Ikkje alle tenkjer over at også fiskane som lever der, vil få problem.
Om sjøvatnet blir berre litt surare enn det er i dag, kjem det til å forstyrre luktesansen til fiskane, og klovnefiskungane vil byrje å rote seg vekk heimanfrå. Om klimaendringane og forsuringa av havet held fram i hundre år til, kan luktesansen deira bli heilt lamma, og dei vil vere sjanselause ved angrep frå større rovfisk.
Laksen brukar òg luktesansen for å finne heim. Når lakseungane er ferdige med livet i ferskvatn og utviklar seg til smolt, kjem dei inn i ein rask vekstfase der dei endrar utsjånad og utviklar evne til å tole sjøvatn. Hormonet tyroksin er med på å styre denne forvandlinga – det same hormonet ser òg ut til å styre innlæringa av luktstoffa i elvevatnet nett på den tida laksen legg ut på den store reisa til havet utanfor.
Ny forsking har vist at plantelivet langs elva og mikroorganismane i biofilmen på elvebotnen sender ut aminosyrer og andre molekyl, og desse stoffa lagar ein unik aroma som gjer det mogleg for den vaksne laksen å skilje si elv frå alle dei andre når han skal opp att for å gyte.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å oppfatte og tolke signala frå luktesansen var det som starta utviklinga av sentralnervesystemet.
Fleire artiklar
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Foto: Joachim Frich
For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.