For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Foto: Joachim Frich
Kommentar
Kongsberg er 400 år i år. Byen vart grunnlagd eitt år etter etableringa av Kongsberg Sølvverk (1623–1958), det første store bergverket i Noreg. Den som går rundt i byen i dag, blir mint om det store industrieventyret: den staselege kyrkja frå 1761 med det storarta Glogerorgelet, Den Kongelige Mynt, Kronene i Håvet, Knutefjell med eit over- og underberg som omfattar dammar, renner og gruveopningar som eit ope, levande industriminne, og – naturlegvis – Kongens gruve i Saggrenda, eit av landets mest interessante historiske minne, under krigen oppbevaringsstad for nasjonale skattar, mellom anna Munch-målarstykke.
Gløym heller ikkje bygningsmassen som sølvverket etterlét seg. Bygningsarven syner seg især i Bergseminaret, det storslåtte klassisistiske bygget vis-à-vis kyrkja, reist i 1757. Det Kongelege Norske Bergseminarium er den eldste bergtekniske læreanstalten i Europa, etablert ni år før bergakademia i Freiburg (1766) og lenge før tilsvarande utdanningsinstitusjonar i Chemnitz, St. Petersburg og Paris. Med sine vel avvegne proporsjonar og strengt opptrekte liner, no også i vakre fargar, er Bergseminaret etter mitt syn ein av dei vakraste bygningane i landet.
Hadde ikkje universitetsgründerane i Christiania i 1811 vore så redde for smitten frå potensielt opprørske sølvverksarbeidarar, kunne vi fått det første norske universitetet hit. Då hadde Noreg kopiert ei Oxford- og Cambridge-løysing, med hovuduniversitetet i landet i rimeleg avstand frå hovudstaden.
Evig skamplett
Vi som vaks opp på Kongsberg, vandra rundt blant desse flotte bygningane og tok dei nærast for gjeve. I dag, med avstanden i tid, står bygningsrekkene endå sterkare fram som ei påminning om tidlegare tiders talent, ja, meir enn det: slektene sitt strev etter det vakre. Her kan dagens arkitekturopprørarar gå og sjå kva god arkitektur kan vera.
«Når kjem dei guida ekskursjonane i denne flotte bygningsverda?»
Kongsberg er eit levande stilmuseum i tre og mur. Her ligg fasar og brot i arkitekturhistoria like i dagen. Mange stilartar er med, inklusive historiske blandingsformer, til dømes Kirketorget 7, det gamle politikammeret frå 1810 som no er pietetsfullt restaurert.
Det er synd at vandalane i 1970-åra reiv Arbeidersamfunnet, der rådhuset står no. Det skjedde i 1974. Bygget var oppført i 1810. Huset var direktørbustaden til Sølvverket frå 1816 til 1886 og eit minne frå pionertida til arbeidarrørsla, med ein forsamlingssal som fortalde om tidlegare tiders mobiliseringar og opplysingsarbeid. Eg høyrde Aage Samuelsen der som realskulegut og vart permanent avkristna. Eg gjekk rett til kyrkja etterpå og melde meg ut av Den norske kyrkja.
Arbeidarpartifleirtalet i bystyret sa nei til midlar frå Kulturrådet til å bevara bygget. Dei ville berre sikra bygget om det vart omgjort til husvære (!). Tilgje dei ikkje, for dei visste kva dei gjorde. Dette er ein evig skamplett for Kongsberg Arbeiderparti. Ville ikkje partiet bli konfrontert med si eiga historie?
Samstundes, for å vera skvær, må det seiast at byen har berga mange verneverdige bygningar frå rivingsmonstera, eller bygd dei opp i original stil, som apoteket frå starten av 1600-talet. I ei tid med arkitekturopprør er dette verdt å hugsa. Eg spør: Når kjem dei guida ekskursjonane i denne flotte bygningsverda? Eg saknar meir byrgskap over arven i heimbyen min.
Kronene i Håvet.
Foto: Kjetil Bjørnsrud
Fascinerande dobbeltside
I tråd med dette siste spør eg meg sjølv: Gjer Kongsberg nok ut av historia si? Å seia at jubileet vert feira med stil, er ei overdriving. Få utanfor Kongsberg har oppdaga at byen er 400 år i år.
Kongsberg har lenge stått i skuggen av Røros. Kvifor? Endå merkelegare vert dette når vi minner om at byen samstundes har ei fascinerande dobbeltside: Kongsberg sølvverk på den eine sida og brennheit teknologihistorie frå etableringa av Kongsberg Våpenfabrikk i 1814 på den andre.
Kan dette kome av at byen ikkje har hatt ein Johan Falkberget, som gjennom ein figur som An-Magritt skapte eit symbol for ein heil gruvesivilisasjon?
Den store oppgåva no er å laga eit nytt teknologimuseum på grunnlag av Kongsberg Våpenfabrikk og Den Kongelige Mynt. Kva andre middels store norske byar har dette å by på? Burde ikkje våpenindustrien, som no tener enormt med pengar, gje noko av overskotet sitt til eit slikt museum?
Praktisk konge
Det som set meg på desse tankane, er Bjørn Ivar Bergs kjeldenære og velskrivne studie Et sølvverk blir til – Kongsberg Sølvverks ti første år 1623–1633, publisert av Norsk Bergverksmuseum. Dette er ei historiebok full av interessante innsikter og illustrasjonar – og full av venlege nappetak med tidlegare fortolkingar. Slik skal det vera. Kva har vi historikarar til?
Bergs studie kan lesast på fleire plan. For det første er dette ei historie om handlekraft frå danskekongen. Christian 4. skjønte fort at her var det verdiar. Alt 28. april 1624 sigla han opp til Noreg og kom på synfaring og stakk ut den første skikkelege vegen frå Hokksund til den komande Bergstaden. Han kom raskt attende. Det var jo så mange «bjerge» i Noreg; kongen vona å finna mange metall som kunne styrkja økonomien i tvillingrika.
Kongens sjølvstendige, aktive innblanding i den tidlege fasen av soga til verket er eit gjennomgripande tema i Bergs studie. Christian 4. var ein handlekraftig kar.
Alt 2. mai, i eit kongebrev frå Akershus, vart Bergstaden grunnlagd, tømrarar innkalla og byggearbeid sette i gang. Grunnlagd og grunnlagd. I dei tidlege dokumenta vert «byen» omtala som «boeplasser».
Berg er òg open for at kongen sjølv hadde ei aktiv hand med i byplanlegginga. Og sølvstuffar tok han med seg, mot kvittering. Ordnung muss sein.
Materielle interesser
Vi som vaks opp i denne byen, mora oss med å fortelja soga om Christian Kvarts vandring ned til byen og kvilen ved «Korset», eit minnesmerke i åssida over byen, der han planla byen. Berg burde ha stadfesta eller avkrefta det vi elska å fortelja: at kongen var så full eller så tung av mat (dansk frukost) at han veiva med armane og gjorde grensene breie og vide. Vi veit at byen skulle ha lege lenger ned i fossen.
Marxistar ville naturlegvis peika på at det var materielle interesser som låg til grunn: Kongen ville sikra sølvførekomstane for krona og sytte difor for at grensene vart vide. Han var lur på vegner av staten. Kongsberg var lenge ein av landets største byar.
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø