Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2069
20241122
2069
20241122

Olav H. Hauge-dagbøkene

3. august 1959

Kafkas Tagebu↔cher er drjug lesnad, men forvitneleg, ser eg. Endå drjugare er samla verki til Nietzsche, som eg no har fenge. Fyrr har eg berre ått Thus Spoke Zarathustra i engelsk umsetjing, – den fekk eg tak i hjå Edmund morbror då eg var 18 år, – og dikti hans.

Eg er no for gamal til å gå laus på ein slik forfattar, men det er gildt å ha verki hans, so ein kan slå upp og lesa når ein ser dei viser til han, og det gjer dei ofte, ser eg.

Forresten er eg ikkje so sikker på det, eg kjem venteleg til å lesa i dei, for eg ser det er forvitneleg og herleg lesnad. Eg kan ikkje skyna at nokon kan få tid til å skriva so mykje um so vanskelege og tunge ting! Skral helse hadde han òg.

Det lyt vera vilje attum! Og hard sjølvtukt! Sikkert leve-reglar etter buddhistisk klosteruppskrift, vanleg borgarlevevis kan ikkje slike menn ha. Arbeid! Tidleg og seint!

Ei ulukke, eller ein vanlagnad, kan utan tvil gjeva oss verdfulle røynslor mange gonger, men er det ikkje litt djervt å vilja gjera ulukke og vanheppor til det einaste rette liv? Me nektar å gå attende til lukka, til kvardagen, endå dei kan stå opna for oss, og lever vidare i ulukka um det ikkje er noko grunn til det.

Ein lyt læra å tenkja, på same måten som ein lyt læra å dansa, segjer Nietzsche. No lærer dei ikkje ungdomen å tenkja lenger ved skulane, segjer han. Alltid den gamle klaga, i min ungdom var det andre greider! Endå Nietzsche har sume vanlege menneskelege drag!

I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt. Eg har alltid havt det med å ha hug til å halda meg med filosofane, ulærd som eg er. Rett nok held eg meg i fyregarden, i von um å plukka upp litt visdom. Det er so si sak å skyna språket til desse karane, men eg lærer då litt etter kvart, sjølv um det vert baklengs.

Få ordi til å dansa, ja, det var det Nietzsche kunde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis