Kunsten å elska Thailand
Maten er ganske enkelt himmelsk og stort sett basert på havets frukter.
Matmonsen
Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det i Dag og Tid. Del 10
Thailand
I 1792 flytta kong Rama I hovudstaden til ein stad som var lettare å forsvare. Han kalla byen Krung Thep, eller Krungthepmahanakhon Amonrattanakosin Mahintharayutthaya Mahadilokphop Noppharatratchathaniburirom Udomratchaniwetmahasathan Amonphimanawatansathit Sakkathattiyawitsanukamprasit. Namnet tyder «englanes by, dei udødeleges by, den vakre byen med dei ni underverka, kongens sete, byen med dei kongelege palassa, dei inkarnerte gudanes heim, reist av Visvakarman på Indras befaling.» Utlendingar kallar byen Bangkok.
I Thailand har dei ein årleg festival til ære for apekattar. Festivalen er svært populær blant både thaiar og internasjonale publikum og blir halden utanfor Prang Sam Yot-tempelet i Lopburi-provinsen. Meir enn 600 apekattar vert inviterte på to tonn kjøt, frisk frukt, salatar og iskrem. Innbyggjarane arrangerar festen som ein takk for at apekattane dreg turistar til området. I Phuket er apekattar meir av eit problem: Dei plyndrar templa og stel frå turistane. Planen er å flytte dei til ei aude øy.
Før måtte alle menn i Thailand, også dei kongelege, gå i kloster som buddhistmunkar ein kortare eller lengre periode før dei fylte 20 år. Tradisjonen er ikkje lenger det han var. Artisten Leonard Cohen gjekk også i kloster i fleire år, eit zenkloster på Mount Baldy ved Los Angeles. Han forlét klosteret då han fann ut at manageren hans hadde plyndra han for titals millionar dollar. Ein av munkane i dette klosteret har gitt ut boka Zen Confidential, som eg tilrår alle å lese. Stor humor!
Kjelde: 12go.asisa og Samujana.com

I Thailand kan du gjere éin av to ting: hengje med turistane eller finne ut kvar dei lokale vankar. Eg trivst best der thaiane held til. Gata i Cha Am er frå morgonen av full av enkeltpersonsføretak på hjul: eit hundretals mopedar der sidevogna inneheld til dømes ein glødande kolgrill, serveringsdisk og bognande stativ med forskjellig sjømat på spidd. Dei er eit syn, der dei kjem køyrande. Straks et du nygrilla kreps, blekksprut eller andre godsaker, med fersk salat, ris og det heile. Vognene vert flytta dit kundane er. Iblant susar nokon forbi på scooter med eit serveringsbrett i venstre hand, stappfullt av nygrilla kyllingspidd.
Thaiane likar å småete gjennom dagen, dei store måltida er ikkje så vanlege. I 28–30 grader får du heller ikkje lyst på tung mat, så i to månader smakte eg ikkje raudt kjøt i det heile tatt. Det var uproblematisk. Litt svin, litt kylling, men aldri som hovudingrediens. Sjømat, grønsaker og ris kvar dag er eit smart val her. I det heile tatt er klimaet og kosthaldet noko eg kvar dag merkar er sterkt helsefremjande: Etter eit par veker i denne temperaturen og fukta er huda mi glatt som på ein syttenåring, og alle senebetennelsar og smerter er borte. Som dogg for den asiatiske sola.
Ved sida av hotellet finn eg det som blir stamstaden min, Restaurant Vassana, ein uhyre enkelt utstyrt open restaurant med voksduk på borda. Som vanleg er engelsk noko dei kan veldig lite av. Innehavaren fortel at han kvar dag er på marknaden klokka fem om morgonen for å kjøpe fersk fisk og skaldyr, og kvar einaste dag har kona hans gjort i stand måltida. Kvar dag – i 57 år (!). Så maten er ganske enkelt himmelsk og stort sett basert på havets frukter.
Ein dag bestiller eg «deep fried garouta with chili sauce». Fisken kan minne om havåbor, brei og stutt, han blir skrapa og får tre djupe kutt inn til beinet på begge sider, før han vert lagd i ein wok full av boblande solsikkeolje. Etter nokre minutt med djupsteiking vert han servert med salat og ein mild chilisaus. Då eg har smakt på herlegdommen, held eg på å svime av lykke. For ja, eg er over 60 år gammal og har ete mykje godt i mitt liv, men dette er den mest fullkomne fisken. Sjølv om eg er gjennombarka ateist, forstår eg at dette må være Guds fisk, eventuelt Jesu fisk, Mohammeds fisk, Buddhas fisk. Smaken er perfekt samansett av salt, surt, søtt og bittert, med ei crispy overflate over det lekre kvite fiskekjøtet.
Det er det ultimate måltidet, det eg har venta på, og om det er mitt siste, vil eg døy lukkeleg. Eg overdriv ikkje. Dette er storslått. Dette er meininga med livet. Eg får ein ubendig trong til å reise meg og rope til europearane, amerikanarane og liknande folkeslag:
– De har alle blitt lurte! Dette er slik mat skal vere!
Eg legg straks planar om å springe hoiande inn på McDonald’s og velte diskane med smaklaus filet-o-fish og jage kremmarane ut. Som om ikkje dette er nok, der eg sit og stønnar av lykke, kjem katten i huset og legg seg mjukt inntil beinet mitt, han krøllar seg saman og vil ha kos. Ein trebeint hund ligg halvsovande på golvet litt bortanfor og gløttar på meg med eit livstrøytt blikk. Han har gjennomgått mykje, han har mista eit bein, men gir ikkje opp.
Eg slikkar heile fiskeskjelettet reint og tenker «ja, dette er det du skal ete», rett frå havet, som vi har levd av i tusen år, som gjer oss til menneske, havet, som har sørga for mat på bordet og pengar til klede på kroppen, som bar våre små farkoster på ryggen og gav så mykje att, havet, det einaste, det vi må berge. Utan havet er vi pokker så ille ute, vi kom derifrå, vi òg, inntil vi kraup på land og fekk oss utdanning og altfor høge krav til komfort og luksus, men nå er måltidet over.
Eg ber om ein serviett og får ein kritkvit dassrull planta på bordet, og kvifor ikkje, papiret er mjukt og fint og passar utmerkt til å tørke seg rundt munnen med, i dette paradiset, i dette landet fullt av mat eg enno ikkje har smakt.
Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er det ultimate
måltidet, det eg har venta på.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.