Martin Luther var flyktning i eige land då han gøymde seg i ei borg og omsette Det nye testamentet på 11 veker.
Lenge før Martin Luther møtte på riksdagen i Worms i april 1520, hadde han avslått å reise til Roma for å svare for seg, av di han visste kor farleg det var. Anton von Werner skildra riksdagen i dette verket frå 1877. Då Luther kom til Worms, tok eit par tusen menneske imot han.
Luther-tesar 2017
Verdslege notisar om
Martin Luthers liv og verknad av Ottar Grepstad

Vintervinden ruska forbi, dagslyset fall svakt inn frå sør gjennom grøne butzenscheiben (blyvindauga), og i gangen utanfor høyrde han folk gå forbi. Varmen frå omnen strålte mot mannen ved det overfylte skrivebordet. Då dagslyset glei bort, heldt Junker Jörg fram som før. Teksten var lang, livet kort.
Junker Jörg (Jørgen på norsk) var dekknamnet til professor Martin Luther (1483–1546). Han sat og omsette Det nye testamentet i arbeidsrommet sitt i borga Wartburg i Sachsen. Dit hadde han flykta etter kritikk mot måten Paven styrte menneskeliva på.
Å leve var å synde. Det måtte kvar og ein svare for. Synd skulle straffast, men straff kunne ettergivast ved avlat. No var det blitt vanleg å kjøpe seg fri frå slike avlat ved å gi pengar til kyrkja: nåde for pengar. Hausten 1517 hadde Martin Luther gjort ope opprør mot dette misbruket av avlat.
Han måtte svare for seg under ein disputas med sin katolske opponent Johann Eck i Leipzig sommaren 1519. Kyrkjehistorikaren Klaus Fitschen meiner at delinga av den kristne kyrkja tok til der og då.
Pave Leo 10 erklærte Luther som kjettar, og lyste han i bann i januar 1521. I april kalla keisar Karl 5 inn Luther til riksdagen i Worms. Der skulle han kalle tilbake det han meinte, og få einvegsbillett til Roma. Luther stod på sitt. Forfattaren Andreas Malessa skriv at 18. april 1521 slutta mellomalderen. Det er berre det at Martin Luther blei erklært fredlaus ein månad seinare. Kven som helst kunne drepe han.
Det første Luther gjorde, var å bli bortført på veg heim frå Worms. Bak forsvinningsnummeret stod fyrst Fredrik 3 av Sachsen. Det neste Luther gjorde, var å bli Junker Jörg. Brått var både mann og namn over alle haugar.
Kyrkja var ingen trygg stad å vere, men det var fyrsteborga Wartburg. Det var forbode å gi ein fredlaus mat eller husrom, og fyrsten med tilnamnet «den vise» gjorde begge delar. Han tok Jörg med opp til borga 200 meter over den vesle byen Eisenach. Der heldt Luther til på to rom i solid plank frå 4. mai 1521 til 1. mars 1522.
Han kom tomhendt, og reiste derifrå med ein skatt.
Luther tenkte stort. Der og då ville han omsetje heile Det nye testamentet til tysk. Arbeidet tok til i midten av desember, og berre 11 veker seinare var manuskriptet ferdig til Das Newe Testament Deutzsch.
Etterpå hjelpte Philip Melanchthon han med slutteksten. Boka kjennarane berre kallar Septembertestament, blei trykt i heile 3000 eksemplar september 1522. Då var Luther alt i gang med tekstrevisjonar til 1500 ekstra eksemplar før jul.
Skrifta var omsett til fyrstens språk, men det var Luthers skrift. Utan støtte frå den verdslege lokalmakta hadde ikkje Martin Luther nokon sjanse til å utføre alt som no skulle gjerast.
Ottar Grepstad
Neste veke: Legenda om hammaren
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?