Då Noreg fekk fallhøgd
Om noko er Noreg minutt for minutt, er det landhevinga.
Men det er bryet verdt. Ho kaster nytt ljos over øvre Telemark.
Heddal stavkyrkje.
NOREG, DEL 2:
I sommar fortel Håvard Rem frå ferder i Noreg, i tid og stad, frå Moss og Nelaug til Møre og Nordland, frå isen og hova som forsvann til det som forsvinn i dag.

Kvifor var øvre Telemark så avsondra? Ligg eit spor i sjølve namnet? Alt i eit skrift frå 500-talet vart folket telane nemnt, og namnet kjem visst av tel som tyder «det indre», «det djupe», «kjernen». Me seier framleis at det er tæl i einkvan.
Når eg no er attende der eg vart fødd, høyrer det med å vitja stavkyrkja, prestegarden og statuen av Olea Crøger inst i Heddalsvatnet.
TELEMARKSVASSDRAGET
Det avsondra såg Crøger ein verdi i. Ho samla mykje av stoffet til Norske Folkeviser, boka Landstad gav ut same året som Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet i Noreg, i 1853. Den gong drog folkeminne- og målgranskarar hit av di dei isolerte stroka hadde eit etterslep i utviklinga. Fortida heldt seg her. Det gjekk korkje vassveg, jarnveg eller høveleg landeveg hit. Frå Christiania i aust enda sivilisasjonen i Kongsberg; vegen vidare gjekk mellom rovdyra på Meheia. Frå vest og nord måtte ein ta seg over fjellheimen eller Hardangervidda. Frå Grenland i sør stogga vassvegen alt med dei fyrste stryka i Skien. Norrøn tru heldt seg inn i katolsk tid, katolsk tru heldt seg inn i protestantisk tid.
Men samstundes som folkloristane drog hit, drøfta Stortinget bygging av ei ferdselsåre frå Grenland til Heddal. Kva med jarnveg? Frå 1854 batt Eidsvollbanen Mjøsa med Oslofjorden. Jarnbane bygde ein for å knyta saman vassvegar. Då Setesdalsbanen mellom Byglandsfjord og Skagerrak i Kristiansand opna, vart reisedøger til reisetimar.
Kva med kanalisering? Medan Byglandsfjord og Mjøsa ligg høvesvis 200 og 123 meter over havet, ligg Heddalsvatnet berre 16 meter over. To sluser ved Skien var nok. Frå 1861 gjekk skip til Heddalsvatnet og det som snart vart Noregs største innlandshamn, Notodden. Og med fabrikkane kom folk som nytta bymål til folkloristanes tidlegare mekka. Telemarksvassdraget var opna – att. For det hadde nok vore ope for rett lenge sidan. I bronsealderen. Før det vart lukka av landhevinga.
Isolasjonen heldt seg heilt fram til berre hundre år før eg vart fødd her. Med samferdsla følgde Sam Eyde og industrien, Einar Gerhardsen og velferdssamfunnet. Notodden og Eydehavn, den andre heimstaden min, ligg som ytterpunkt i den verdikjeda av vasskraft som før Nordsjøen bygde det moderne Noreg.
Hydro er ei historie om fallhøgd. Då tenkjer eg ikkje på at mange postindustrielle stader ligg i sosiale ruinar, men at landhevinga sytte for ei topografisk fallhøgd som var avgjerande for industrireisinga – slik landhevinga sytte for ei kulturell isolering som var avgjerande for at folkeminne- og målgranskarane fann så mykje frå gamal tid her.
MARINTEKNOLOGI
Eit ljos i den postindustrielle skumringa er Reodor Felgen-gründeren Thor Olav Sperre, som i fjor henta internasjonale eigarar til verksemda si på Notodden. Det byrja i 1993 då han på 400 meters djup i Tinnsjøen, med heimesnekra utstyr, fann «Hydro»-ferja som sokk då ho frakta tungtvatn for tyskarane. For ti år sidan fekk han vitjing av marinarkeologar frå Oslo. Saman med Sperre og miniubåtane hans lokaliserte og fotograferte dei fleire middelalderfartøy som låg i den anaerobe gjørmebotnen i vassdraget mellom Heddalsvatnet og Norsjø i sør.
Då forskarane sa at dei ikkje ville sjå bort frå at dei fann eit vikingskip, såg eg føre meg eit museum som kneisar på ein odde i Heddalsvatnet som eit landemerke for armadaen av småbåtar som den fyrste augusthelga kvart år siglar til bluesfestivalen – via dei to slusene ved Skien.
Ja, eg byrja å drøyma om endå eldre skip. For kor langt attende i tid måtte me før Telemarksvassdraget var ope og farbart? Kor mange tusenår med landheving er det sidan Heddalsvatnet ikkje var eit innlandsvatn som no, men inste delen av ein farbar saltvassfjord?
Det kjem an på kor tjukk isen låg over Telemark. Attmed sørvestlandskysten, der breen gjekk i havet, på Lista til dømes, var islaget så tynt at landet berre har heva seg åtte meter sidan istida, men ved Umeå i Austersjøen har det heva seg 300 meter.
DRAMMENSFJORDEN
Ein får sjå mykje av Noreg når ein turnerer med songar og dikt. Sist i mai heldt eldstesonen og eg konsertar i Østfold. På vegen dit, via Oslofjordtunnelen, gjorde me eit stopp i Drammen – byen som har teke steget frå botnen til yta, ikkje berre i omdømme. Då eg var ung, var Drammen den styggaste byen i landet, men det kunne ikkje sonen vita, for no er Drammen av dei finaste.
Byen har lyfta seg på mange vis. For å seia det slik: Frå brusteinane på Bragernes Torg er det 60 meter opp til botnen av dei uthola eikestammene som dei kryssa fjorden i, bergkunstnarane som var her for 7000 år sidan. På svaberga i havkanten kring heile Drammensfjorden la dei att bilete av maten dei jakta på, som slakteriplansjar hogne i stein. «Der er hjartet og der er livmora», kan jegermeistaren ha sagt der han stod og peikte med ein stokk på dei vitale organa i den lett attkjennelege elgen eller kvalen i Skogerveien, på Åskollen og Utenga – stader som no ligg 60 meter over havnivå.
Men den gongen – ei monsterutgåve av Drammensfjorden delte seg i to armar som flaut saman med kvar sin arm av den like salte Tyrifjorden. Mellom fjordarmane låg Finnemarka, Oslomarkas nabo i sørvest, som ei øy på storleik med Vestvågøy.
Men kven var dei som hogg dyrefigurar i svaberget i strandkanten? Det veit me ikkje. I det historiske mørkret er alle kattar grå. Om me finn restar etter dei, er dei gjerne utan markørane me grupperer folk etter. Men dei var nok ikkje oss. Kven er forresten me? Var me her på bergkunstnaranes tid? Kva tid kom me hit?
Om me kom hit med språket, kom me nok lenge etter bergkunstnarane, for ein indoeuropeisk forgjengar til målet me har i dag, nådde ikkje Skandinavia før eit par tusen år seinare. Men «me» kan ha skifta språk. Eit språkskifte kan like gjerne tyda eit skifte av herskarar som av folkesetnad. Då arabisktalande hærar la under seg Nord-Afrika, vart det eit skifte av mål meir enn av menneske. Då tyrkisktalande folk la under seg den anatoliske halvøya, vart tyrkisk hovudspråket, òg i den opphavlege folkesetnaden.
Og kven var me om «me» laga bergkunsten og framleis snakka før-indoeuropeisk? Kva markørar definerte oss som «dei»? Forskarar meinar at om lag på bergkunstnartida oppstod den blå augefargen som ein mutasjon, merkeleg nok med om lag same utbreiing som det skandinaviske isskjoldet. Di tjukkare isen låg, og aller tjukkast låg han kring Austersjøen, di tjukkare var og er førekomsten av isblå auge.
Var dei oss? Gudane veit. Det me veit, er at dei som i dag bur kring dyreristingane i Skogerveien, rett nedanfor bydelen Fjell i Drammen, ikkje har blå augo, og heller ikkje snakkar indoeuropeisk, mange av dei.
Gjer det ein skilnad at dei som bur ein stad, er dei som heldt til der opphavleg, med same språk, fargar og førestillingar? Det kan sjå slik ut. Den eldste mumien som er funnen i Kina, ein 4000 år gamal mann, liknar ikkje ein han-kinesar, men ein nordeuropear, og er difor ikkje stilt ut i Beijing. Eg fann han bortgøymd i Ürümqi, 3000 kilometer frå hovudstaden, glad for at han berre var gøymd, og ikkje øydelagt.
Øydelagd vart derimot kvart einaste hov i Noreg, og viss hova var like vanlege som dei seinare stavkyrkjene, må det ha vore tusenvis av dei, kan henda fleire. I litt nyare tid vart dei høge buddhastatuane i Afghanistan sprengde i filler som døme på feil tru. Ein kuwaitisk forkynnar tok nyleg til orde for å jamna sfinksen og pyramidane i Egypt med jorda.
Når den tanken melder seg, ser eg med ekstra godhug på den 7000 år gamle kvalen her i Skogerveien, og eg ber ei stille bøn om at ein slik forkynnar aldri vert invitert til moskeen på Fjell.
ALVHEIMAR
Men me skulle djupare enn Drammen. På botnen av Oslofjordtunnelen var me på 134 meters djup. Eg forklåra sonen at om lag så høgt låg havet over Heddal då istida tok slutt. No er det motsett. Heddal ligg 16 meter over havet. Men det eg no var ute etter, var den tida då dei møttest og låg på same høgd, havet og vatnet.
Då me kom opp av tunnelen i Frogn, var det ikkje lange vegen til Alvheimar. Alvheimar var landet mellom elvane Glomma og Göta älv, eit land Harald Hårfagre underla seg på 800-talet, eit land som må ha hatt ei stordomstid i bronsealderen, for Alvheimar-kysten er ein av verdas rikaste på bergkunst frå tusenåret før vår tidsrekning.
Nasjonsgrenser tyder lite i denne samanhengen. Etter konserten i Halden drog me dei fem–seks mila til Tanum. Bohuslän høyrde til Oslo bispedøme fram til 1658. Det har vore dansk òg. No er det visst svensk. Me vart mållause av figurane som vart hakka inn i svaberget – på eit tidspunkt då bergkunsten kring Drammensfjorden alt var 4000 år gamal
Eit skilt i Tanum Hällrisningsmuseum fortalde: «För 3000 år sedan stod havet 15 meter högre än idag.» Det var som eg vona. Denne bergkunsten vart til medan Heddalsvatnet låg på havnivå. Det same salte havet som skvulpa mot svaberget i Tanum, skvulpa mot den inste delen av Heddalen der stavkyrkja ligg i dag.
Skålgroper og skip er dei to dominerande motiva i Bohuslän. Kvinnefigurane er få, og dei har ein hestehale hengjande frå bakhovudet slik mannen har ein fallos ståande frå midja. Somme kvinner har dessutan ei skålgrop i underlivet, slik livmora er merkte på nokre hodyr attmed Drammensfjorden. Kva nå det kan tyda. Forskarane ved dokumentasjonssenteret i Bohuslän er ærlege og fortel at dei for det meste ikkje skjønar kva figurane tyder. Men dei same motiva går att i heile Skandinavia, og forskarane dreg ei tusenårig line frå bronsealderkunsten til den norrøne mytologien – jamvel om bileta vart lagde tusen år før dei eldste germanske runeinnskriftene vart hogne, truleg med Alvheimar- og Kattegat-området som eit sentrum.
Eit 3000 år gamalt motiv er ein mann med horn på hjelmen og eit lyn framfor seg. Han køyrer ei tohjulskjerre som vert dregen av ein geitebukk, og han liknar til forveksling vêrguden som gav namn til den fjerde vekedagen vår.
Men kva alle skipa tyder, nei, det veit ein ikkje. Det er mykje ein ikkje veit. Istida og landhevinga visste ein ikkje om for berre 200 år sidan. Dei fyrste svenske naturforskarane som merka seg at strandlina flytta på seg, trudde det var havet som sokk.
NI METER ATT
Attende frå Alvheimar og Drammen går eg attmed Heddalsvatnet og undrast på om det ikkje kan vera bronsealderspor her òg – frå tida før jarnalderen, då landet heva seg ytterlegare, og fjorden inn til Heddal vart til stryk som berre laksen kunne forsera – inntil han òg gav opp.
Det var så godt klima i Sør-Skandinavia i bronsealderen, mest som i Sør-Frankrike no. Så vart det kaldare att i jarnalderen, men berre det at ein har litt å gå på og kan tola ein temperaturauke, er slett ikkje verst. Ein kan lura på om det er noko rettferd att på jorda når ein veit at den globale oppvarminga som kan verta kritisk for strok kring Middelhavet og katastrofal for Afrika-hornet, er ein temperaturauke som på mange vis kan gagna Skandinavia – i det minste ei tid.
Me er òg heldigare stilte enn mange andre strok når det kjem til ei framtidig auke i havnivået. Den skandinaviske landhevinga held fram, med nær ein centimeter årleg på det meste, ved Austersjøen, med om lag det halve i Oslo-traktene.
Ja, Heddalsvatnet skal opp på om lag 25 meter over havet før landhevinga er over og den seigtflytande jordmantelen har utlikna den kolossale tyngda frå isskjoldet. Men rekyleffekten har sjølvsagt vorte svakare og langsamare med tida. Når det kjem til Heddalsvatnet, reknar ein med at dei attståande ni metrane med landheving vil ta om lag like mange tusenår.
Når ein tuslar kring i Heddal, nord for vatnet, legg ein merke til at ein ikkje går i ein vanleg norsk bredal. Dalen har sjølvsagt vorte forma av isen, og av elva som renn gjennom han, Heddøla. Men noko er annleis. Der vatnet endar, er dei fyrste kilometrane som eit våtmarksområde. Til dei gamle, rike gardane høyrer det god jord innover dalen og attmed dei slake dalsidene, men det er ikkje morenejord frå ein bre. Det er marin sand og leire. Heddal låg ikkje under breen, men havet. Like langt inn i landet som somme av vestlandsfjordane går, gjekk Telemarksfjorden.
Stavkyrkja meiner ein var bygd på 1200-talet, men prøver av tømmeret syner at noko av det var felt på 900-talet, og kan ha vore teke frå ein eldre bygning som måtte vika plass for kyrkja. Av fleire grunnar ser ein føre seg at det stod eit hov på staden. Ein ny generasjon av omvisarar i kyrkja peiker gjerne på andleta som er skorne ut i tømmeret høgt der oppe under taket, øvst på stavane som ber stavkyrkja i ein konstruksjon som nok ikkje var så annleis enn konstruksjonen til hova – om ein skal døma etter dei einaste restane som er att, stolpehola.
Somme omvisarar seier at det kan vera andleta til norrøne gudar. Trusskifta kunne gå tregt i avsidesliggjande Telemark. Ein luthersk biskop som endeleg fekk summa seg til å vitja Heddal i si tid, godt etter reformasjonen, vart mildt sagt overraska over at heddølane heldt ved like den katolske skikken med å feira Marimess.
SKIPSRISTINGAR
Ikkje langt frå stavkyrkja, bygdetunet og Olea Crøger-statuen ligg garden Hustveit, rett på andre sida av Heddøla, i same fråstand frå vatnet som stavkyrkja. På Hustveit er det avdekt bergkunst. Kulturhistorisk museum i Oslo daterer han til bronsealderen. Ikkje berre er bergkunsten lagd til same tid som bergkunsten i Alvheimar, og ikkje berre ligg felta i same høgd, om lag like mange meter over havet, og ikkje berre ligg dei på ei bergflate, eit svaberg, som den gongen låg i havkanten, men det er òg dei same motiva som går att.
I Alvheimar var dei hyppigaste motiva skålgroper og skip. På Hustveit er det eit felt med 16 skålgroper og to skipsristingar. Hustveit-skipa liknar på Alvheimar-skipa. Dei er 30 centimeter lange og med høvesvis elleve og tolv såkalla mannskapsstrekar, ein loddrett strek for kvar roar eller for kvar rekkje av roarar. Skipsfigurane er dessutan som ei stilisert framstilling av skipa til dei som var herrar på havet i bronsealderen, fønikarane.
På veg attende til Notodden er det difor ikkje vikingskip, men fønikiske skip, i det minste bronsealderskip, eg ser føre meg ute på vatnet. Men når eg vel heime gjer eit nettsøk på «Telemark» og «fønikarar», leiar dei fleste treffa meg til galningar.
Attmed Norsjø, like sør for Heddalsvatnet, ligg Mikaelshola, ei freda grotte i fjellet, nemnd alt på 1300-talet, då ho var nytta som kyrkje. I 1982 kom ein skipskaptein frå Arendal til staden. Han ville prova at fønikarane hadde vore der, og sprengde eit to meter djupt krater i den heilage hola.
Neste treff leier meg til same by, til heimesida til Evangeliekirken Arendal, der dei dreg ei rekkje band mellom fønikarane og Noreg. Eg byrjar å lesa frå toppen: «Det er flere steder i Bibelen som beskriver i korte hint at Guds folk var hvite.» Jau, her er me nok på sporet. Det er vel like før dei blå auga dukkar opp òg, og sanneleg, sanneleg, det gjer dei: «Israelittene, og Jesus selv, var høye, lyse, blonde, blåøyde mennesker.»
Nei, skal det vera slik, kan det vera det same med fønikarane. Men kven som gjorde strandhogg i Heddal, det grundar eg framleis på.
HÅVARD REM
Håvard Rem er forfattar, poet
og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein omvisar sa at andleta i kyrkja var norrøne gudar. Trusskifta kunne gå tregt i avsidesliggjande Telemark.
På svaberga i havkanten kring Drammensfjorden la dei att bilete av maten dei jakta på, som slakteriplansjar hogne i stein.
Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.