Porten til Noreg
Østfold var Noregs forlenga arm inn i ein sørskandinavisk sivilisasjon som endra Europa med folkevandringar.
Utsyn frå bygdeborga på Ravnefjellet ved Hunn i Østfold.
Alle foto: Håvard Rem
NOREG, DEL 4:
I sommar fortel Håvard Rem frå ferder i Noreg, i tid og stad, frå Moss og Nelaug til Møre og Nordland, frå isen og hova som forsvann, til det som forsvinn i dag.

Kva kjem først, veldet som vaklar eller folka som vandrar? Ein samanheng er det, før som no, mellom menneska som legg ut på vandring, geografisk eller åndeleg, og riket som knelar, anten det no er Romarveldet på 400-talet, i folkevandringstida, eller det dansk-norske eineveldet på 1800-talet. Kva skal me tenkja om folkevandringstida me lever i no? Er den vestlege verda det vaklande veldet?
På ferda gjennom Østfold, eit fylke som gir mange døme på migrasjonar, melder spørsmåla seg. Som ein del av den norske invasjonen av Bohuslän skal me sjølve kryssa ei landegrense undervegs, på veg til eit norskeigd sommarhus i Bullaren. Det var ikkje som rikingar me passerte Svinesund sist på 1960-talet, heile familien i ei stasjonsvogn, og slo opp teltet på ein campingplass i utlandet. Mindre var ikkje spaninga for gutelaget i fotball midt på 1970-talet, då me slapp ut av bussen i Strömstad og stadfesta at svenskesynda ikkje var oppskrytt. Østfoldingane hadde denne fleirkulturen som kvardag.
PORTEN TIL NOREG
Østfold har fleire av dei viktigaste hovudferdselsårene inn og ut av Noreg, både til lands og til sjøs, ein kombinasjon som tyder at fylket alltid har vore åstad for vandringar, og at Østfold har vore knytt til verda utanfor – før Noreg vart Noreg.
E6 har vore hovudferdselsåra ut av landet, ikkje berre i bilismens hundreår, men lenger attende enn me har minne. Framleis ligg deler av vegen, til dømes E6 mellom Moss og Halden, på det store raet – endemorenen som låg att etter isbreen for ti tusen år sidan. Med raet som ferdselsveg kom færre vasslaup i vegen, men éin dramatisk stad bryt Noregs største elv gjennom raet og vert til Europas største foss – i dag kryssa av både jarnbane- og vegbru: Glomma vart til Sarpefossen, og fossen vart til ein by som Sarpsborg og ei verksemd som Borregaard.
Sidan 1880 har jarnbanen gjennom Østfold vore ein veg til kontinentet. Til sjøs ligg Østfoldkysten mot både Skagerrak og Kattegat. I mellomalderen var dette sambandet særs sterkt av di «Østfold» i 600 år rakk heilt sør til Göteborg. Frå 1050 til 1658 var Bohuslän norsk.
Om berre drygt to år, 1. januar 2020, vert dette snudd på hovudet. Då skal «Østfold» i staden strekkja seg like langt den andre vegen, til Hardangervidda og Sogn og Fjordane , når grensefylket vert slått saman med Akershus og Buskerud i Region Viken, i ein reform som skal syna folk i Halden og på Geilo at dei så å seia er grannar.
Eg tvilar på at østfoldingane vil venda det andre kinnet til og sjå mot vest og Hardangerjøkulen i staden for mot aust og Bohuslän. På ferda dit er fyrste stopp Engelsviken brygge, nokre kilometer før Fredrikstad, der Göteborg-fødde Evert Taube, tolka av Lars Klevstrand, Hege K. Johannessen og Nissa Nyberget med jazzmusikarar, samlar østfoldingane til fulle hus to gonger kvar einaste kveld gjennom heile sommaren – for tjuande sommar på rad. Taube er ikkje utlending i Østfold. Engelsviken, der han vert sunge, og skjergardsøya Vinga, der han voks opp, er same kysten. I sagaene vert Vinga nemnd som Noregs sørlegaste grensestad, eit slags Lindesnes i søraust.
BYGDEBORGA
Frå Engelsviken dreg me til Oldtidsvegen, frå Gamlebyen i Fredrikstad mot Skjeberg i aust, vidare mot Tune og Sarpsborg i nord og attende til Gamlebyen. Her ligg noregshistoria frå istida til i dag, samstundes som Oldtidsvegen berre er ein etappe på eit samanhengjande historisk felt frå Glomma til Göta elv.
I Østfold finn ein den rikaste samlinga av minne frå norsk bronse- og jarnalder, med endå høgare frekvens på svensk side. Den fyrste dagen kjem me ikkje lenger enn til Hunn, inst i Hunnebotn, midtvegs mellom Fredrikstad og Sarpsborg. Eit par liner av Bjørnstjerne Bjørnson surrar i bakhovudet. I «Norge, Norge!» frå samlinga Digte og Sange (1890) fortel han at landet vantar dei sjåverdige borgene ein finn i Tyskland og England, ja, i Danmark og Sverige òg.
Norge, Norge,
hytter og hus og ingen borge
Ingen borge? Me har om lag 400 bygdeborger, og tettast ligg dei i Østfold. Dei vert vanlegvis daterte til folkevandringstida. Øvst på Ravnefjellet ligg ei av dei nær 100 i Østfold. Historikarane er usamde om dei var forsvars-, marknads- eller kultanlegg, men som bomberom kan dei vel ha hatt ulike funksjonar i krig og fred. Øvst ligg eit stort, flatt platå, nær 100 meter over havet. På tre kantar endar det i stupbratte fjellsider, og i bakkant har ein lang og tjukk steinmur stengd for den einaste tilkomsten. Den 1500 år gamle borgmuren er godt synleg. Slike murar er det einaste som er att frå folkevandringstida i Noreg, ved sida av graver. Dei er lite undersøkte. Muren på Ravnefjellet syner spor etter palisadar, eit påleverk som må ha forsterka forsvaret.
Og utsynet! Mil etter mil med kyst, fjordar og flate landskap. I dag eit vakkert syn og i går ein viktig del av forsvarsverket. Her ligg bygdeborgene så tett at dei kan ha vore organiserte i eit varde- eller baunesystem som varsla om fiendar, og som i dag vitnar om ein større samfunnsstruktur.
Nedanfor Ravnefjellet ligg Steinringfeltet på Hunn, blant dei lokale Tinget, eit mystisk og monolittisk kompleks frå midtvegs mellom bronsealder og folkevandringstid, i alt ni ringar med høgreiste kampesteinar. Talet på steinar i kvar ring er eit oddetal. Då kom det alltid til ei avgjerd om no kvar stein var eit dommarsete og den sikta stod midt i ringen.
OPENBERRING I GAMLEBYEN
I 1993 demra det for meg at Østfold alltid har knytt saman steinrøysa og kontinentet. Eg hadde ei openberring på ein utekafé i Gamlebyen, ikkje i Fredrikstad, men i Jerusalem. Eg las ei bok frå antikken, eit utanombibelsk kjeldeskrift om livet i byen på den tida Jesus levde, forfatta av Josefus Flavius, ein historikar som levde i det fyrste hundreåret. Ein namnlaus skandinav, i det minste ein nordeuropear, synte seg i det myldrande gatelivet, kan henda som eit augnevitne til dei hendingane som me feirar i den kristne påska. Han var der som romersk soldat. Historia vart så levande for meg at eg gav han det eldste namnet eg hugsa frå norsk historie: Vodurid. Frå verket Norges oldtid av arkeologen Anders Hagen (1921–2005) visste eg at sørskandinavane i det fyrste hundreåret hadde farkostar som kunne ta seg til dei nordlegaste romerske grensepostane, der dei kunne verva seg. Høgvaksne skandinavar var ettertrakta soldatar, og dei lange, ljose lokkane vart etterspurde som parykkmateriale for forfengelege borgarfruer i Roma.
Vodurid kom frå Østfold, i det minste namnet, nemnd i den lengste teksten som er nedskriven i eldre runer, på Tunesteinen frå om lag år 300. Men å kalla desse historiske banalitetane for ei openberring? Vel, at ein skandinavisk soldat skulle dukka opp i bibelsoga, i Jerusalem, samstundes med Johannes Døyparen og Maria Magdalena, var for meg like overrumplande som om nr. 91 Stomperud dukka opp i ein episode i eit Supermann-hefte, ein stad i Metropolis, i lag med Clark Kent og Lois Lane.
SKANDINAVISKE VANDRINGAR
Skal me tru Grimberg, var Vodurid eit døme på byrjinga av folkevandringstida, medan Romarveldet framleis hadde kontroll på grensene. Kvifor tenkjer me gjerne at det er eit tusenår mellom romar- og vikingtid? Jau, av di me assosierer romarriket med stordomstida i det fyrste hundreåret av tidsrekninga vår, og av di me gjerne legg vikingtida til kring år 1000. I røynda er det berre tre hundreår som skil. Den siste vestromerske keisaren vart avsett i 476, og åtaket på klosteret i Lindisfarne, rekna som byrjinga på vikingtida, fann stad i 793.
I den latin- og engelsktalande verda, i land som hadde vore ein del av Romarveldet, vart tida periodisert som saeculum obscurum, the dark ages, den mørke tidsalderen, av di ei fornuftsbasert, rasjonell verd braut saman med Romarveldet. Med antikken forsvann dei skriftlege overleveringane. Eit anna namn var barbarinvasjonane. Den mørke tidsalderen strekte seg frå år 500 til 1500, frå antikken til attfødinga, renessansen, ja, for somme heilt til 1700-talet og opplysingstida, då det fornuftas ljos som rådde i Romarriket, vende attende til Europa etter mørketida.
For kulturar som låg utanfor veldet, var ikkje folkevandringstida mørk og barbarisk, men tvert imot ein gullalder. To av kulturane i ytterkanten av Romarriket, den sørskandinaviske og den arabiske, ekspanderte kraftig etter at Romarriket braut saman. Presset kom både frå aust, med hunarane, frå sør med arabarane og frå nord med sørskandinavane.
Den sistnemnde gruppa vert gjerne kalla «germanarane», men ho hadde opphav i Sør-Skandinavia, særleg kring Kattegat, i eit område som òg dagens Østfold var ein del av. Eit av dei fyrste områda dei trengde inn i, var det naboområdet i sør som me gjerne forbind med «Germania». Og då Vest-Romarveldet braut saman, fløymde dei utover heile Europa. Mykje av det som har vore demografien i Vest-Europa, vart forma i folkevandringstida. Det ser me av områda som fekk namn etter dei opphavleg sørskandinaviske folka som trengde inn: Catalonia (Gotalania), Andalucía (vandalane), Wessex og Sussex (saksarane), Normandie og så bortetter.
I folkevandringstida gjekk vandringane frå nord, der dei tydde erobring, til sør, der dei tydde katastrofe. No er vandringane snudde, og går frå sør mot nord.
HANS NIELSEN HAUGE
Men om vandringane kjem frå nord eller sør, om dei er geografiske eller andelege, kjem dei alltid nedanfrå. Når Oldtidsvegen kjem til Tune, er det meir enn Tunesteinen som fortel om store endringar. Tune kan òg by på ei forteljing frå moderne tid, om det mest djuptgripande trus- og mentalitetsskiftet i Noreg i tida mellom reformasjonen og det me har no.
Forkynnaren Hans Nielsen Hauge (1771–1824) kjem frå Tune. Meir enn nokon annan sette han i gang skiftet frå einevelde til folke- og lekmannsrørsler på 1800-talet. No snakkar me openberring. Medan han gjekk og pløgde og nynna på «Jesus, din søte forening å smake», såg han ljoset. Sjølv kalla han opplevinga «Een Aandsdaab», i tråd med dei folkelege, sterkt veksande karismatiske rørslene som seinare og indirekte voks ut av verksemda hans.
Openberringsaspektet står heilt sentralt. Det var sjølve elden, gudekontakten, han røva frå styresmaktene, om dei no hadde sete i Vatikanet eller i København – at ikkje kyrkja eller kongemakta, men den einskilde kunne forvalta sanninga, endra makttilhøva i samfunnet.
I København, Kongens by, var det ikkje ein bondeson, men ein diktarfilosof som gjorde noko av same jobben. I Noreg varte eineveldet til i 1814, og av di Hauge ikkje kunne venta, enda han som straffange på Akershus festning. I Danmark varte eineveldet til 1848, og nett så lenge kunne Søren Kierkegaard venta med kyrkjestormen sin. Men då braka det laus.
At den einskilde kunne representera sanninga, fann dei legitimert i dei same kjeldene, i mystikken – Kierkegaard i hernuttismen og Brødreforsamlingen som far hans leia i København. Og det var frå Brødreforsamlingen i København han kom, han som vart Hans Nielsen Hauges sokneprest i Tune gjennom heile oppveksten. Korkje Noreg eller Danmark vart nokon gong dei same landa.
*
Når raet fører oss heilt til Halden, ligg Fredrik-sten festning der som eit imponerande, men òg sørgjeleg minnesmerke over dei svensk-danske krigane om Bohuslän. Kolonien Noreg var eit gissel då eineveldet Danmark ville kriga om Skånekysten, og tapte.
Haldensarane bryr seg ikkje. For dei er ikkje landegrensa meir reell enn fylkesgrensa er for austegder som legg handleturen til Kristiansand. I skuggen av festninga, i Haldens legendariske musikkpub Siste Reis, nyttar ein eit svensk namn om husets spesialitet, eitt stort og eitt lite glas fylt av mørk væske med kvitt lokk, Guinness og Irish Coffee: Luksuspakken, eller som dei seier på Siste Reis: Lyxpacketet.
HÅVARD REM
Håvard Rem er forfattar,
poet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om vandringane kjem frå nord eller sør, om dei er geografiske eller åndelege, kjem dei alltid nedanfrå.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»