Nytt stormaktsspel trugar
Trumps avvising av globaliseringa vil berre skade dei små landa.
President Donald Trump fekk applaus då han forsvarte nasjonal suverenitet frå talarstolen i FN.
Foto: Lucas Jackson / Reuters / NTB scanpix
Vi var lova ei verd utan grenser. I 1985 underteikna fem europeiske land Schengen-avtalen, som fjerna grensekontroll mellom dei. I 1990 gav den japanske økonomiprofessoren Kenichi Ohmae ut boka The Borderless World, som hylla globale forsyningskjeder. I 1996 skreiv John Perry Barlow boka Declaration of the Independence of Cyberspace, som vende seg til «regjeringar i den industrialiserte verda, slitne gigantar av kjøt og stål». Han melde utfordrande til dei: «Cyberspace ligg ikkje innanfor grensene dykkar.»
Litt meir enn to tiår seinare er grenser attende. I talen til hovudforsamlinga i FN for to veker sidan var Donald Trump utvitydig: «Om vi ønsker anerkjenning av historia, må vi oppfylle pliktene våre overfor det folket vi trufast representerer. Vi må verne nasjonane våre, interessene deira og framtida deira. Vi må avvise trugsmål mot suverenitet, frå Ukraina til Sør-Kinahavet. Vi må oppretthalde respekten for lov og rett, respekten for grenser og respekten for kultur, og det fredelege engasjementet desse gjev høve til.»
«Som USAs president,» sa han, «vil eg alltid setje USA først, akkurat som de, som leiarar av landa dykkar, alltid vil og alltid bør, setje dykkar land først.» Til liks med Trumps referanse til den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un som «Rocket Man», og trugsmålet om å «øydeleggje totalt» landet til Kim, var dette meint å verke sjokkerande på dei folka Steve Bannon kallar «globalistar». Likevel var Trumps forsvar for nasjonal suverenitet ein av dei få uttalane i talen som fekk applaus.
Verda er ikkje i ei global stemning. Brexit handlar om å sikre suvereniteten att, først og fremst over innvandring, sjølv om (slik Theresa Mays tale i Firenze gjorde det klart) det å trekkje Storbritannia ut av EU er lettare sagt enn gjort.
Angela Merkel vart attvald som tysk kanslar søndag, men talet på partirøyster gjekk noko ned, stort sett av di ho mista kontrollen over dei tyske grensene for to år sidan. Og Trump klamrar seg til valløftet om å byggje ein mur langs grensa til Mexico og stengje ute innbyggjarar frå først og fremst muslimske land, som vert assosierte med terrorisme.
Europeiske elitar hånflirer som seg hør og bør av Trump, men meiningsmålingar syner at det er fleirtal i mange europeiske land for å nekte muslimsk immigrasjon til EU. Samstundes pressar dei same elitane på for å skattleggje og regulere dei som tener mest på ei verd utan grenser, dei gigantiske teknologiselskapa i Silicon Valley.
Men om du ein augneblink tenkjer over «attende til grenser»-rørsla, ser du kor underleg verda er. Meir enn 36 prosent av folkesetnaden i verda lever i berre to land, Kina og India, begge med meir enn ein milliard innbyggjarar. Ein fjerdedel (26 prosent) lever i elleve land med folkesetnader på hundrevis av millionar. Ein annan tredjedel lever i 75 land med folkesetnader på titals millionar. Med andre ord lever 95 prosent av alle menneska i verda i færre enn 90 land. Dei sameinte nasjonane (FN) har 193 medlemar. Blant dei sist innmelde er Aust-Timor (1,3 millionar innbyggjarar) og Montenegro (629.000).
Kvifor er det slik? Kvifor har ikkje kurdarane ein eigen nasjonalstat med eigne grenser, med eit folketal opp mot 45 millionar? Kvifor har ikkje katalanarane det same? Dei ønskte folkerøystingane i irakisk Kurdistan og Catalonia er ikkje godkjende av dei landa dei vil rive seg laus frå. Men når den vesle stillehavsøya Nauru (11.359 innbyggjarar) er ein suveren stat, kva er argumentet mot eit uavhengig Kurdistan eller Catalonia?
Eller kva med rohingya, den muslimske minoriteten i Myanmar, med ein lagnad som har trekt til seg merksemd frå heile verda, og som har ført til ein vedvarande mediekampanje mot fredsprisvinnaren og statsoverhovudet Aung San Suu Kyi. Ville kritikarane hennar gle seg om ho proklamerte sjølvstende til Rohingyastan – eit land som truleg har like stor sjanse til å bli verkeleg som «Nambia», den afrikanske staten som Trump fann opp for eit par veker sidan?
Forklaringa på alle desse underlege greiene ligg i historia. Som Harvard-økonomen Alberto Alesina har peika på: Dersom storleiken på eit land vart avgjort av økonomisk rasjonalitet eller dei demokratiske preferansane til nasjonale samfunn, ville kartet over verda sett heilt annleis ut. Men det er ikkje slik historia verkar. Små land kan oppnå sjølvstende når den strategiske verdien er liten (hugs Henry Kissingers vits om Chile som «ein dolk retta mot hjartet til Antarktis»). Elles er det som i dei udøyelege orda i Thukydids meliske dialog: «dei sterke gjer det dei kan, og dei svake finn seg i det dei må».
For hundre år sidan, da tanken om eit Folkeforbund byrja ta form i hovudet hans, rekna president Woodrow Wilson naivt med at ei verd grunna på nasjonal sjølvråderett heller enn imperialisme, ville vere ei stabil verd. Det gjekk ikkje slik. I Europa og Midtausten var folkesetnadene ikkje samla i homogene blokker, men i lappverk av religion, språk og etnisitet. Freistnadene på å skape nasjonalstatar i Europa bana vegen for 2. verdskrigen, ikkje minst fordi dei legitimerte visjonen til austerrikaren Adolf Hitler om eit Stor-Tyskland som sameinte alle tysktalande og ekskluderte alle «framande» rasar. Dei sterke gjorde det dei kunne.
Den moderne verda er ikkje rettferdig. Det er nesten like mange indarar som kinesarar, men berre Kina er eit av dei fem faste medlemane i Tryggingsrådet i FN. Det er fleire tyskarar enn franskmenn og britar, men det er Frankrike og Storbritannia som er medlemar av «P5», saman med dei to supermaktene i førre hundreåret, USA og Russland. Til liks med dei fem store maktene som dominerte Europa etter Wienerkongressen, er det historia som har gjeve dei faste medlemane i Tryggingsrådet den privilegerte statusen dei har: Det var tidlegare sigrar eller tidlegare alliansar som kompenserte for nederlag.
Likevel har ikkje Tryggingsrådet til no makta å få viljen sin med Nord-Korea (25 millionar innbyggjarar). Den tøffe språkbruken for eit par veker sidan – Rocket Man slo attende med å kalle Trump ein «evneveik gamal sullik» – tok verda eit steg nærare ein oppgjersdag. Økonomiske sanksjonar skvisar no Pyongyang. Nordkoreanarane trugar med å sprenge ei hydrogenbombe over Stillehavet. Dei andre medlemane i Tryggingsrådet vaknar opp til sjansen for at Trump har ei verkeleg, om risikabel, militær løysing på bordet – og er i stand til å bruke henne.
Når det kjem til stykket, er grenser eit resultat av makt. Om du ikkje kan forsvare dei, er dei berre prikka linjer på eit ark. Kim-dynastiet har funne ut at atomvåpen er det sikraste grensevernet. Vi vil snart finne ut om det stemmer. Dersom det gjer det, vil mange fleire land ha dei. Viss ikkje, er vi attende i det 19. hundreåret, da stormaktene spela Det store spelet om grensene til alle andre.
Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Den nye boka til Niall Ferguson, The Square and the Tower, kjem ut på forlaget Allen Lane torsdag 5. oktober.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Partirøystene til Angela Merkel vart noko redusert,
stort sett av dei ho mista kontrollen over dei tyske
grensene for to år sidan.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.