JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Saippuakivikauppias

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4387
20171013
4387
20171013

Tittelen i dag er eit finsk ord som nok ikkje alle lesarane er familiære med. Sjølv vart eg så forvirra då eg søkte etter ei ordforklaring på nettet, at eg skreiv til Erik Lundberg, som er finsk ambassadør i Noreg, og bad om ei påliteleg omsetjing. Svaret eg fekk var diplomatisk: «Soapstonemerchant». Kan hende har skarpskodde lesarar alt rekna ut at saippuakivikauppias er eit palindrom, ja, det er verdas lengste eittordspalindrom. Av ordrekkjepalindrom er favoritten til boklækjaren: «A man, a plan, a canal – Panama!»

No skuldar eg å forklare kvifor me i dag skal bruke tid på nett fenomenet palindrom. Det kjem av at særs mange oppgåveløysarar denne gongen kom i hug barndom og det artige palindromet «Agnes i senga». Eg veit ikkje om Agnes Ravatn tykkjer det er like morosamt, men då kan rapportane om at det på Deichmanske bibliotek står 92 personar på venteliste til løysingsboka, vera ei trøyst.

Laurits Killingbergtrø skriv: «Medikusen bed oss ta utgangspunkt i eit ord som skal tyde ‘leggje seg’. Dette verbet bruker m.a. Johannes Heggland i boka Manns blod: ’Dei hadde kveldstelt seg og skulde sengja.’ Dette ordet sengja/senga skulle vi så lese baklengs, og da er ikkje vegen lang til å kome på forfattaren. Det er Agnes Ravatn frå Ølen, det unge nynorske stjerneskotet frå Ølen som har greidd å bli svært omtykt for bøkene sine og har vunne ei mengd prisar. Boka i dag har tittelen Verda er ein skandale. Ei lita bok om livet på landet. Ho kom i år, og er ei omarbeiding av essay som Ravatn har hatt på prent i Dag og Tid. Dette livet på landet får Agnes Ravatn og mann og spedbarn når dei bestemmer seg for å bu eit halvt års tid på ein stad i Sveio som heiter Valevåg. Tanken med det er å fri seg frå det oppjaga livet i Oslo og få meir ro til å skrive og samstundes prøve å finne attende til den meir nøkterne levemåten i ei bygd. Men heilt brot blir det ikkje med det litterære miljøet, for dei blir grannar med Einar Økland. Han blir nær på ein helt i boka. Han og Agnes har djuptgripande samtalar der særleg Einar blir analysert grundig; eit rik kjelde for litteraturforskarar. Og han, gamle mannen, er så utifrå sprek og går lange turar og greier med det meste av praktiske ting. Ja, jamvel baking og matlaging er han dugande i. Agnes er etter eiga karakterisering meir ei rotedame som gjer mange tabbar. Eg veit ikkje om eg vil tru på det; ho er nok heller ein meister i sjølvironi og sjølvkritikk. Eg tykkjer boka er fengjande og morosam og også lærerik, for no veit eg mykje meir om både Agnes Ravatn og Einar Økland – og Valevåg.»

Desse unngjekk skandale og fann fram til rett svar på oppgåve 1307: Tove Knutsen og Idar Lind, Skeisebibliotekaren i LASK, Eirik Holten, Gudrun Kringlebotn, Jon Grepstad, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Inger Anne Hammervoll, Laura Dagsland Eikesdal, Jorunn Øxnevad Lie, Birte Næsheim, Kirsten Bakke, Per Skjæveland, Gunn Bull-Berg, Rannveig Nordhagen, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Anne-Marie Grønhaug, Laurits Killingbergtrø, Marit Helene og Torleiv Kløve, Trond Gansmoe Johnsen, Robert Øfsti, Marit Mangerud, Pål Amdal, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Marit Lindberg, Truls Johan Horsberg Hoff, Turid Tirevold, Eli Hegna, Åsa Elstad, Jon Olav Myklebust, Scott Aanby, Ingvar Nistad, Sjur Joakim Fretheim, Olaug Hokstad, Olav Molven, Anne Berit Skaarer, Gaute Øvrebotten, Mona Fonnes, Inger Margrethe Berge, Dei skakksnodde filurane, Ingvar Engen, Petter Kristensen, Bjørn Gjermundsen, Fritjof Lampe, Nils Farstad, Jarle Fanebust, Per Trygve Karstensen, Geir Instanes, Per-Heine Dahl, Camilla Voss, Tor Inge Myren, Rolv Stølen, Eva Sunde, Sverre Bungum, Dei kvasse på Fana og Tvillingene. I dag er Eva Sunde bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1309

«Kafka har skrevet i et brev til sin far at det eneste foreldre kan gjøre for sitt barn, er å ta imot det som det kommer. Men mener De at De istedenfor å ta imot det, støter det vekk? Bare fordi man er far til barnet, kan man da tillate seg den uhyrlige egoisme å nekte andre liv?»

Sitatet er frå kapittel 10, side 167 i utgåva mi. På originalspråket kom boka ut i drakens år, fire år seinare kom ho for fyrste gong ut på norsk. Forfattaren er nobel og har skrive mykje om den fyrstefødde av borna sine. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 20. oktober.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis