🎧 Rafaels englar
PIACENZA: Då den saksiske kurfyrsten henta «Den sixtinske madonna» til Dresden, omskapte han måleriet frå liturgisk objekt i kyrkja til eit estetisk kunstverk i museet.
Rafaels «Den sixtinske madonna» (1512) prydde i 240 år koret i San Sisto-kyrkja i Piacenza. Originalen er i Dresden, medan kopien som heng i kyrkja (det store oljemåleriet i midten), kom på plass kring 1753.
Foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No i sommar skriv han ut reisedagbøkene sine.
Piacenza:
Provinshovudstad i regionen Emilia-Romagna med 100.000 innbyggjarar
Heitte Placentia i romersk tid
Blei fri bykommune i 1126
Kom under hertugdømmet Parma og Piacenza i 1545
Blei del av kongeriket Italia i 1860

Lytt til artikkelen:
«Det er ufruktbar kapital», meinte abbeden i San Sisto-klosteret i Piacenza om altertavla i kyrkja hans. Klosteret var nedslite og gjeldstyngt, ja, på randa av konkurs, og munkane såg uansett ikkje på måleriet som unik kunst eller ein heilag relikvie. «Ein god kopi i same storleik vil gjera same nytta», tykte abbeden. Difor blei det vedteke å selja det.
Paven tillét vanlegvis ikkje at klostera hans selde unna altartavler. Men abbeden argumenterte godt i søknadsbrevet til Roma: «Etter år med krigar og dårlege avlingar» ville salet gje han høve til «å føra klosteret attende til sin tidlegare glans». I svarbrevet, datert 27. mars 1753, gjorde paven difor eit unntak, på vilkår av at pengane blei «nytta til å betala ned på låna dykkar eller brukte på faste utgifter».
Verdsrekord
På dette tidspunktet var det alt funne ein kjøpar, og prisen var fastsett: Klosteret skulle få 25.000 scudi romani, som var kyrkjestatens valuta den gongen. Aldri før hadde ein kunstgjenstand blitt seld for så mykje – for denne summen kunne ein kjøpa 40 antikke skulpturar eller byggja eit heilt kvartal i ein europeisk residensby. Men når kunstnaren er stor nok og kjøparen rik nok, er alt mogleg. I Dresden var kurfyrsten Fredrik August II av Sachsen (òg kjend som kong August III av Polen) nemleg oppsett på å vera den fyrste nord for Alpane til å eiga ein «ekte Rafael». Og då kom det ikkje an på «nokre tusen scudi meir eller mindre».
Etter ei dramatisk vinterreise på sølete landevegar, over Gardasjøen i storm og gjennom forblåsne pass i Alpane kom måleriet på nyåret 1754 fram til residensbyen Dresden. Det hadde då ikkje berre gjennomgått ei geografisk reise, men òg ei statusreise: Frå å vera eit liturgisk objekt i kyrkja var det blitt til eit estetisk kunstverk i museet. Den dag i dag er Rafaels gripande vakre oljemåleri «Den sixtinske madonna» juvelen i Dresdens statlege kunstsamlingar. Dei fleste vil dra kjensel på det – om ikkje anna, så på englane.
Fire sjekkpunkt
Då eg sat på toget til Piacenza i går kveld, blei eg var eit paradoks: Det eg gledde meg mest til å sjå, var faktisk noko som er borte. Rafaels original har eg sett på museumsveggen i Dresden mange gonger. Det eg no vil oppleva, er kyrkjerommet der madonna-biletet var meint å henga då Rafael måla det i 1512. San Sisto-kyrkja hyser framleis 1700-talskopien som kjøpskontrakten plikta kurfyrsten å kompensera munkane med, og kopien skal vera god.
Den litt svevntunge, men gemyttlege provinshovudstaden Piacenza eig sjølvsagt meir enn berre det tapte. Han ligg ved elva Po lengst nordaust i Emilia-Romagna, regionen øvst på den «italienske støvelen» som strekkjer seg frå Adriahavet i aust og nesten heilt til Liguriahavet i vest. Eg er blitt merksam på fire ting frå fire epokar som går igjen i dei fleste byane i denne regionen: eit romersk gatenett, ei romansk domkyrkje, eit gotisk rådhus og eit renessansepalass som aldri blei ferdig av di byggherrane tok seg vatn over hovudet. Med desse fire sjekkpunkta i bakhovudet går eg laus på Piacenza.
Via Aemilia
Det kjem an på perspektivet: I Skjolden inst i Sognefjorden seier dei at det er der «fjorden byrjar», medan folk kring Sognesjøen ser omvendt på det. Om ein skal kalla Piacenza for byrjinga eller slutten på romarvegen Via Aemilia, er òg avhengig av om ein spør folk her eller i kystbyen Rimini i andre enden av vegen. Den opna i 187 f.Kr. og har namn etter byggherren, den romerske konsulen Marcus Aemilius Lepidus. Eit blikk på Italia-kartet syner kor formande Via Aemilia har vore for heile Emilia-Romagna: Ein ting er at den moderne riksvegen SS 9 framleis fylgjer han. Viktigare er det at mest alle dei store byane i regionen ligg som perler langs den snorrette vegen. Ja, faktisk på vegen, for han går gjennom byane og deler dei i to.
Men Piacenza er eldre enn romarvegen. Alt i 218 f.Kr. blei kolonien Placentia grunnlagd under den romerske hærtakinga av gallisk land. Ingen ting frå romartida har overlevd over bakken. Men bykartet syner at sentrum i gamlebyen framleis fylgjer den sjakkbrettaktige romerske byplanen slavisk, med kvartal som er mest perfekt kvadratiske. Gata der hotellet mitt ligg, utgjorde faktisk dei i fyrste meterane av den 26 mil lange Via Emilia – eller dei siste metrane, frå eit Rimini-perspektiv.
Domkyrkja
Som så mange norditalienske byar blei også Piacenza styrt av biskopar i mellomalderen. Den siste biskopen som titulerte seg «biskop og greve av Guds nåde», var ein viss Aldo, som døydde i 1122. Like etter blei kommunen danna, med fem valde konsular (borgarmeistrar). 1122 er òg eit merkeår her av ein annan grunn. Då byrja nemleg bygginga av den nye domkyrkja, som sidan ho stod ferdig 111 år etter, har vore Piacenzas største monument.
Cattedrale Santa Maria Assunta e Santa Giustina er det fulle namnet på denne 85 meter lange treskipa domkyrkja i krossform. Ho er i såkalla lombardisk-romansk stil, med eit 70 meter høgt klokketårn frå 1300-talet. Bygningen føyer seg harmonisk inn i bybiletet, for han fylgjer ikkje den tradisjonelle liturgiske retninga der koret peikar rett mot aust, men orienterer seg etter det rettvinkla romerske gatenettet. Den sparsamt utsmykka vestfasaden mot domkyrkjeplassen gjev eit verdig og alvorsamt inntrykk. På bakkenivået har han tre toetasjes portalbaldakinar. Over dei er det to galleri med små rundbogar borne av slanke marmorsøyler, den nedste rekkja horisontal, den øvste i flukt med gavlen. Midt på fasaden strålar eit gotisk rosevindauge som kom til på 1300-talet.
Bakarsøyla
Domkyrkja står som eit monument over det borgarlege fridomsstrevet i mellomalderen. Det var nemleg ikkje bispen, men borgarane som reiste henne. Konkrete teikn på dette skal finnast på innsida. Eg skrittar opp trappene mot den venstre portalen, der eg må pressa til sides eit tungt forheng for å koma inn.
Kyrkja blei på slutten av 1800-talet reinska for alt ein oppfatta som barokt krimskrams, difor er det no dei reine steinflatene som dominerer interiøret. Hovudskipet er bore oppe av uvanleg tjukke søyler og pilarar. Desse blei finansierte av dei ulike handverkslauga i byen. Kvart einskildlaug hadde ansvar for éi søyle. Så langt oppe på søyleskafta at eg får bruk for den vesle kikkerten min, finn eg nisjane med Piacenza-domens berømte «handverksbilete». Dei er som vindauge inn i mellomalderens spesialiserte verkstader; ein ser skomakarar, vevarar, smedar, hjulmakarar og reipslagarar i aksjon. For dei som skulle vera i tvil, er det meisla inn tekstfelt som til dømes fortel at «dette er søyla til bakarane». Her ser me to bakarassistentar som ber fram brøddeigar til bakarmeisteren, som igjen står klar med spaden han skal dytta deigane i omnen med.
Sympatisk rådhus
Heldigvis ligg alle monumenta få minuttars gangavstand frå kvarandre, for det er ekte bergensk skitvêr i Piacenza for tida. Etter plasseringa å døma låg vel forumet i det romerske Placentia der rådhusplassen ligg i dag. Den heiter Piazza Cavalli, etter dei to barokke ryttarstatuane som flankerer det gotiske rådhuset, som passande nok blir kalla «Il Gotico». Dette er eit erketypisk eksempel på det elegante lombardiske (norditalienske) rådhuset, der berre dei stiliserte skyteskara på toppen hintar om festningsarkitektur. Heile den sandsteinskledde underetasjen består nemleg av ein luftig søylehall – eit bygg ein kan gå inn i frå alle sider, er det noko djupt sympatisk ved.
Slike italienske rådhus er som regel eit uttrykk for den kommunale fridomen til borgarane. I høve Piacenza uttrykkjer det heller ei svunnen von, for då det blei reist på slutten av 1200-talet, var det slutt på folkestyret. Med adelsmannen Alberto Scotti hadde byen fått sin fyrste signore, som eineherskarane i Italias bystatar i seinmellomalderen blei kalla. Det var Scotti som skjenkte rådhuset til byen, noko som ikkje kosta han mykje, all den tid han handsama bykassen som sin personlege pengepung.
Dissonerande palass
Ypparlege er dei to barokke ryttarstatuane på rådhusplassen, der den toskanske bilethoggaren Francesco Mochi (1580–1654) syner kor virtuost og plastisk han kunne støypa i bronse. Det er som om me høyrer hesten vrinska, medan vinden huskar i mana og halen hans. Kappa til ryttaren flagrar også, og med naturleg autoritet øver han full kontroll over det kraftfulle dyret – tydelegare kan ikkje absolutistiske fyrstar teiknast. Ryttarane er hertugar av huset Farnese, som overtok makta i Piacenza i 1545. Det var denne adelsslekta som i 1558 byrja bygginga av det svære renessansepalasset Palazzo Farnese.
Hertugpalasset, som no hyser bymuseet, ligg i nordenden av gamlebyen. Denne kasseforma bygningen er storfelt, men lite innbydande. Ja, det er noko grelt ved oppsynet, som ein dissonans i Piacenzas elles så harmoniske bybilete. Ein residens blei mastodonten aldri, for då pengane tok slutt i 1602, blei han ståande halvferdig. Eg går gjennom endelause gangar og rom etter rom med uferdige kvelv, og kjenner mest trong til å koma meg ut att. Det er tid for Rafaels yndige englar – San Sisto-kyrkja ligg berre eitt kvartal unna.
Paveleg gåve
Historia byrja med pave Julius II (1443–1513), han som tinga målarstykket. Store delar av Italia var hærteke av franskekongen den gongen, og paven tapte slag etter slag. Men lik Harald Hårfagre, som nekta å klyppa seg før han hadde samla Noreg, svor Julius II å la skjegget gro heilt til franskmennene var ute or Kyrkjestaten. Nedslaktinga var uhorveleg, og fyrst då sveitsiske leigesoldatar kom på løningslista hans, snudde lukka for paven. I 1506 marsjerte dei inn i Roma, der dei blei verande – i dag kallar me dei sveitsargarden.
Piacenza var mellom byane Julius II kunne innlemma i Kyrkjestaten. I takksemd gav han innbyggjarane «ei gåve dei aldri skal gløyma»: ei altartavle av den store Rafael som skulle henga i San Sisto, benediktinarklosteret som var blitt stifta så tidleg som i 874 av den frankiske keisarinna Angilberga. På Rafaels tid blei det bygd om i nyaste renessansestil, og altartavla hans skulle bli krona på verket.
Skog av krusifiks
Klosterkyrkja, der måleriet hang dei fyrste 240 åra, er i dag soknekyrkje. Eg trer inn i henne gjennom ein fornem forgard med lysegrå granittsøyler. Søylerekkja langs hovudskipet på innsida, som er av same bergart, leier blikket opp til det uvanleg djupe koret. Det endar i ei sikkert ti meter høg, flammande utskoren og forgylt barokkramme med kopien i. Som om ikkje Rafaels to englar var nok, er der eit halvsirkelforma, sukkersøtt englemåleri på toppen.
Or denne ramma var det altså Rafaels «Sixtinske madonna» blei teken ned i 1753, i byte mot dei 25.000 scudi romani som redda klosteret. Eg går nærare altaret, men koret er sperra av med eit reip. Nærare enn 25 meter kjem ein altså ikkje, og då står ein så lågt at skogen av krusifiks og lysestakar på høgaltaret kjem imellom. Det 2,7 meter høge måleriet verkar difor underleg puslete, og det dårlege lyset gjer fargane altfor mørke. Den einaste måten eg kan sjå måleriet uhindra på, er ved å klyva opp på ein stol som står inntil den høgre veggen. Kyrkjetenaren protesterer ikkje, han kjenner nok til problemet.
Det var altså som kunstverk i museum denne altartavla blei verdsberømt. For hadde ikkje kurfyrsten kjøpt henne, ville nok englane med det fjerne blikket nedst i biletet aldri ha forlate Piacenza. I staden flaksa dei ut i verda og inn i den internasjonale populærkulturen – som motiv på alt frå kakeboksar til kondompakkar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar
og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei er som vindauge inn i mellomalderens spesialiserte verkstader.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.