Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Les også
Færøyane består av atten store øyar og nær åtte hundre småøyer, holmar og skjer. Sandoy er mi niande øy, og med den har eg då vore på halvparten av hovudøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Farvel, Færøyane!
Les også
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
Les også
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brødrasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Les også
Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om sau og sjølvstende
Les også
Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925. I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.
Les også
Færøyane består av atten store øyar og nær åtte hundre småøyer, holmar og skjer. Sandoy er mi niande øy, og med den har eg då vore på halvparten av hovudøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Farvel, Færøyane!
Les også
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
Les også
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brødrasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Les også
Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om sau og sjølvstende
Les også
Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925. I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Færøyane 2024
I seks somrar på rad har Hallgeir Opedal vore på reise for Dag og Tid. Han har gått heim til Odda, padla Themsen, besøkt Sverige, Danmark, Finland og Island. Denne sommaren sende vi han til Færøyane. Her er rapporten hans.
Dag 4: Gjógv–Klaksvik–Hvannasund–Svinoy–Hvannasund–Klaksvik
Nei, kor var vi? Jo, førre veke enda vi vel eigentleg i Saksun på Streymoy. Det var der i grenda eg møtte Johan Jógvanson, den sintaste bonden på Færøyane, han som meinte at utanriksministeren var eit vondskapsfullt rævhol. Jo da, han sa det, eller et ondskapsfuldt røvhul, for Johan Jógvanson, snakkar dansk, eller meir korrekt blandinavisk, som er danske ord med vestnorsk uttale.
Dei fleste i hans generasjon snakkar på det viset, for på Færøyane fekk dei inn norsk radio, og mange er flaska opp med nyhende frå Noreg, med vêrmeldingar, fiskerimeldingar og Ønskekonserten. No høyrer ingen færøyingar lenger på NRK, og dei yngre snakkar heller engelsk enn dansk.
Det blei ikkje plass til praten med Johan Jógvanson i førre artikkel, så den kjem i dag. Snart. Fyrst må eg skrive kor eg no er: Eg er i Gjógv, eller djegv som eg har lært det skal uttalast, ei grend ut mot havet på Eysturoy med stiv kuling frå nordaust og eit tjuetals innbyggjarar. Eg ligg i eit spartansk innreidd rom i kjellaren på Gjaargardur gjestehus, og ut vindauget ser eg myrar og fjell og tåke. I går kveld var det færøysk festkveld her på huset med spekt kvalkjøt og kokt sauekjøt og ringdans. Eg har så mykje å fortelje, men la oss ta det kronologisk og starte der vi avslutta, altså i Saksun.
Vakre Gjógv er mellom anna kjend for boka til Johan Harstad, Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?. Og for TV-serien med same namn.
Johan Jógvanson er kongsbonde, og det er ikkje så gjævt som det høyrest ut. Det tyder kort og godt at han leiger land av staten, og Johan bygslar mykje land, 25 kvadratkilometer med gras og lynggrodde heier, der han har sju hundre sauer. Problemet er at eigedomen òg famnar ein av dei mest populære attraksjonane, nemleg den Instagram-venlege bygda Saksun med torvtakhus, steinkyrkje, strand og lagune.
Heller ikkje på Færøyane går by og land heilt hand i hand, og Johan har markert seg som ei kvass røyst frå distrikta. Mange er frustrerte over dei der inne i Tórshavn, eller Havn, og frustrasjonen til Johan er mykje retta mot utanriksminister Høgni Hoydal og partiet hans. Ein gong var Tjódveldi eit parti for småkårsfolk, men no er det blitt ein caffè latte-drikkande floke av akademikarar og anna urbant rask. Ikkje mine ord.
– Dei er fullstendig likeglade med korleis det går med folk ute på dei små plassane, seier Johan.
Vi drikk kaffi frå pappkrus og sit på ein platting han snikrar på. Det blæs, det er skya, men ikkje regn, og oppe i dei grønbratte liene beiter ulne sauer. Og så er det turistar. Overalt.
– Kva gjer deg så forbanna?
– Det er ei lang historie, umuleg å forklare til botnar i eit slikt intervju, seier han.
To danske jenter i turklede kjem forbi og bryt han av.
– Unnskyld, kan I fortælle os hvordan vi kommer der ned?
Ho peiker på stranda.
– Til stranden? I skal køre tilbage til søen, og gå på den anden side af kløften.
– Tak!
– I orden, seier Johan høfleg, og dette vesle intermessoet på pære dansk viser at han ikkje alltid lèt sinnet fare av med seg. Turistmyndigheitene har som nemnt åtvara meg mot å reise til Saksun «da bonden der ikke er så glad for gæster».
– Dei meinte det, ja? Vi tok ei avgjerd her om å setje opp straumgjerde for at folk skulle halde seg på vegane. På den sida er det lov å gå, og på den sida er det ikkje lov. Og kvar gong nokon klauv over gjerdet, irettesette eg dei aggressivt.
– Du kjefta?
– Ja, svært brutalt, og heilt bevisst. Ingen lyttar til oss, men når det kjem 70 turistar som har hatt ei dårleg oppleving i Saksun, så lyttar dei. For her er hundre lovbrot kvar einaste dag, seier han. På Instagram har han lagt ut bilete av turistar på kyrkjegarden som tramper på min bedstefars grav, turistar som invaderer tunet hans, bilar som blokkerer vegen, og turistar som ligg mageflate med kamera like utanfor stoveglaset hans. Som han sjølv oppsummerer det: Mit liv i apeburet.
– Distrikta og landbruket har vore i ein nedgåande spiral i ein mannsalder. Alt som er blitt gjort dei seinare åra, har vore til skade for oss og til fordel for hovudstaden. Før var det å vere bonde høgstatus i samfunnet, i dag er vi heilt på botnen. Og straks nokre bønder begynner å tene pengar på turistane, så er det protestar frå Tórshavn. Dei har trolla det heile politisk, og vi har mista alle rettar.
– Er det allemannsretten du tenkjer på?
– Det er heile lovgivinga. Ein flyttar råderett frå bygd til by, og vi kan ikkje bestemme noko lenger. Om vi vil dyrke opp jord eller om vi vil skyte gjæser eller rovfugl, så må vi spørje Tórshavn. Og med den nye lova skal dei òg bestemme kvar turistar kan gå, når dei kan gå der, og til kva pris. Heile turistindustrien er skrudd saman rundt Visit Faroe Island, og i styret sit folk frå flyselskap, hotell og Smyril Line. Det er dei som bestemmer. Berre dei får profitt, så køyrer dei fritt.
– Du føler deg overkøyrd?
– Fullstendig!
– Men du vil vel ha turistar òg?
– Vi har vore i turistbransjen sidan 1960, men vil ikkje ha det på dette viset.
– Så kva er nytt?
– At det ikkje lenger er vi som bestemmer. Vi har eit lite gardsmuseum her, og besøkstalet har vore stabilt sidan 1980-talet. Men no er langt fleire som går i utmarka og skremmer sauene. Dei kjem ikkje hit for å bruke pengar, for det gjer dei i Tórshavn. Her skal alt vere gratis. Og på høgsommaren kjem det fire hundre bilar gjennom dalen kvar dag.
Naboen til Johan sette opp ein betalingsbom for folk som ville gå på stranda hans. Det førte til skriveri, og bommen blei tatt ned.
– Den bommen var meir som ein protest. Dei begynte å marknadsføre stader i turistbrosjyrar som ligg på privat eigedom. Vi bønder får ingen fordelar, heller ikkje bygdene eller kommunane. Våre bygder er fullstendig øydelagde, det fins ikkje éin person her i Saksun som synest det er OK.
– Kor mange bur det her?
– No er vi elleve, og vi er fem i vårt hus. Elles bur det folk i fem av husa. Det er organisert valdtekt av heimar på bygdene.
– Er det nokon som vil overta etter deg?
– Eg har tre døtrer, men vil ikkje anbefale dei dette livet. Eg kjøpte to eigedomar her ut frå patriotisme og idealisme, men den har dei avretta politisk. Viss du spurde meg for ti år sidan ville eg sagt at vi må gjere det beste for landet, og betale skatt for a greater good. Spør du meg i dag, så vil eg seie at ein skal snyte og bedra så mykje som overhovudet mogleg, og ikkje gje nokon ting til det offentlege, for ein får ingenting tilbake. Eg veit ikkje om eg vil halde fram sjølv eingong.
– Skal du flytte?
– Eg veit ikkje. Nei, nei, ikkje til Tórshavn! Det må i så fall bli eit anna land. Berre ikkje her.
– Kva tenkjer du om å lausrive Færøyane frå Danmark?
– Ja, dei snakkar om å vere eit fritt land. Men kva nytte er det å vere eit fritt land utan eit fritt folk.
– Er det betre å vere styrt frå København?
– Det er betre enn å bli detaljstyrt av sosialistane inne i Tórshavn. Det er så pisse tåpeleg, eg kunna ha snakka i fleire timar om det, seier han og nemner grågåsplaga. Villgjæser beitar og trakkar ned marka.
– Alle er einige om at det er eit problem, og at vi må gjere noko. Ein alminneleg fornuftig mann ville laga ei enkel lov: Det er lov å skyte gjæser på innmark, og så kan dei få gå i fred andre stader. Det er ei pragmatisk løysing.
– Det høyrest fornuftig ut.
– Men så kjem sosialistane i Tórshavn med sine forskrifter: Vi må først få løyve frå miljødirektoratet, så må vi gjere greie for kven som har våpenløyve, og kva matrikkel vi skal skyte på, og viss du skyt ei gås, må du ta vare på ho i frysaren i tilfelle styresmaktene vil undersøkje ho. Det blir berre eit helvetes byråkrati. Rotter er det same. Før fekk vi rottegift frå kommunen, men no skal også det styrast frå Tórshavn. Det er berre papir fram og tilbake, resultatet er at det er fullt av rotter alle stader.
Sa Johan Jógvanson.
Etter at eg hadde vore i Saksun, bestemte eg meg for å køyre til Klaksvik ute på Nordøyane. Det er ikkje meir enn 48,9 kilometer, og turen ville ta ein knapp time. Men så skjedde noko med telefonen. Eg fekk ikkje ringt eller brukt nettet og kjende meg aldeles hjelpelaus. Så slutta GPS-en i bilen å verke, og eg måtte køyre på gamlemåten, det vil seie bruke kart og lese vegskilt. Eg kryssa brua over til Eysturoy, som er den nest største av øyane. Til informasjon: Her ligg den høgste toppen på Færøyane, Slættaratindur på 880 meter.
Midtvegs på øya såg eg eit skilt som peikte mot Gjógv. Gjógv?! Men var det ikkje der samtidskomponisten frå Hongkong skulle høyre ein hornkonsert i eit juv? Altså han som eg trefte i heisen på veg til frukost. Jo, det var det vel. Så eg blinka av, og undervegs kom eg på kvifor namnet verka så kjent: Det var her Johan Harstad la handlinga i romanen Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?. Staden er også anbefalt av mange, inkludert Visit Faroe Islands, for her er ingen sinte bønder.
Vona var at det kanskje låg ein butikk der som kunne fikse telefonen. Hah! Det fins ingen butikkar i Gjógv, det einaste var ein kiosk nede ved juvet som selde sjokolade og ni typar kaffi, deriblant caffè latte og latte macchiato. Hornkonserten var for lengst over, og det var knapt turistar igjen. Eg spurde den unge mannen i kiosken om han hadde ein idé om korleis eg kunne få telefonen til å verke. Han foreslo å ta ut SIM-kortet, og restarte telefonen, og det prøvde vi. Utan hell. Telefonen var ubrukeleg. Klokka var snart sju, så kvifor ikkje legge seg til her i Gjógv? Dei hadde eit gjestehus, sa mannen, men han meinte det var bra dyrt. Eg køyrde dit opp. Parkeringsplassen var på nær full, men eg fekk trykt bilen inn. I resepsjonen sat ei tilårskomen kvinne med raudleg permanent og briller. Om ho hadde rom?
– Nja, sa ho, ho kunne no sjekke.
Ho brukte lang tid, og mens fingrane klapra over tastaturet, fortalde eg at burde ha ringt på førehand, men telefonen hadde slutta å verke.
– Har du prøvd å ta ut SIM-kortet?
– Sjølvsagt, sa eg, og det kom ut altfor nedlatande. Men at det gamle skinnet skulle lære meg om smarttelefonar, kom brått på. Ho hadde eit rom, sa ho, og bad om namnet.
– Ja, eg lurte no først kor mykje det kostar. Eg er on a budget?
– No, sa ho, tenkte seg om.
– Kva med tusen kroner?
Det var det ikkje noko å seie på, så eg fekk rommet nede i kjellaren. Og når det gjaldt telefonen ..., sa ho.
– Ja?
– Eg opplevde noko liknande med min siste Samsung, og då bytte eg frå 5G til 4G.
– Du gjorde kva?
– Gi meg telefonen din.
Ho fekk telefonen.
– Sånn, sa ho.
Yes! Eg var på nett, eg var igjen i verda, og dette var berre byrjinga, for då sa ho at restauranten var stengd på grunn av kulturkvelden. Huset var fullt av turistar som skulle ete færøysk tradisjonsmat, og om eg ville, kunne eg no få ta for meg av kaldtbordet etter dei. Og ho hadde endå meir å by på.
– Kjenner du til færøysk dans?
Om eg gjorde! Eg hadde spurt meg føre både på turistkontoret og Nordens Hus om dei kunne setje meg i kontakt med nokre som dreiv med denne tradisjonsrike folkedansen. Det er ein enkel dans, ein held hender og dannar ein ring, og mens ein forsongar leier, tek ein to steg til venstre, eitt til høgre, to steg til venstre, eitt til høgre, og slik kan dei halde på gjennom fleire hundre vers. Under Ólavsøka kan fleire tusen vere med i dansen i Tórshavns gater. Sidan eg ikkje hadde billett til kulturkvelden, måtte eg sitje på hemsen, og der sat eg og åt kokt sauekjøt og spekt kval og røykt laks og rullepølse, og då dei starta dansen, reiste eg meg: To skritt til høgre, eitt til venstre. Feil! To til venstre eitt til høgre. Slik gjekk den kvelden.
Eg ligg i senga og ser morgonfjernsyn. Det vil seie, dei viser berre naturfotografi frå Færøyane til salmar og anna oppbyggjeleg musikk. Men klokka sju skjer det noko, då begynne morgonandakten.
Det var så seint som i 1957 dei fekk nasjonal radio på Færøyane. Den fyrste radiosjefen var presten Axel Tórgar?, og med seg hadde han to tilsette. Dei sende ein halv time om morgonen og opp til ein time på kvelden, og sendingane blei ekstremt populære. Endeleg fekk færøyingane høyre sitt eige mål i radio. Men fram til 1969 var det lite pengar. Då vedtok lagtinget at dei kunne finansiere radiodrifta gjennom lotteriet V4. Det blei ein suksess på alle vis. På 1980-talet blei det omsider fleirtal i lagtinget for også å innføre nasjonalt fjernsyn – Sjónvarp Føroya. Dei skulle ikkje samarbeide med radioen, nei, det måtte vere ein uavhengig institusjon. Torsdag 3. mai 1984 opna fjernsynsdirektøren den nye tidsalderen med orda: «Sjónvarp Føroya, gott kvøld.»
Fyrst i 2005 blei TV og radio slått saman under namnet Kringvarp Føroya. Det mest populære TV-programmet er framleis Dagur og vika som blir sendt måndag, tysdag, torsdag og fredag. Der er det nasjonale og internasjonale nyhende, men også reportasjeliknande direkteinnslag frå til dømes saueslakt på Sandoy. Elles sender dei mykje innkjøpte program frå Danmark.
«Amen», seier andaktshaldaren i fjernsynet, eit orgel speler opp, og snart fyller salmesong rommet. Eg går i dusjen, og då eg kjem ut att, har radiosendinga «Gódan morgun Føroyar» begynt. På skjermen er det framleis bilete av færøysk natur – og vêrsymbol. Det er ni grader og regn i Klaksvik, ser eg.
Ein kan seie mykje om amerikanarar, men dei evnar no å prate. Då eg kom opp i frukostsalen, var det tyst. Det sat folk rundt borda, men dei veksla knapt ord, og alt eg høyrde, var knivklirr, slurp og stolar som skrapa golvet. Men så kjem tre høglydte amerikanarar inn, og det gjorde noko med stemninga denne grå torsdagen. Snart pratar alle, til og med på tvers av borda.
Eg skal halde fram turen mot Klaksvik i dag, og sjekkar kartet. Då ser eg at Oyndarfjørdur ligg ei halvtimes køyring unna. Det ringer nokre bjøller, og så kjem eg på det: Då eg henta leigebilen på flyplassen, spurde eg jenta som jobba der, kvar ho var frå. Oyndarfjørdur, sa ho, og då eg spurde om det var noko å sjå der, sa ho at staden var mest kjend for Rinkusteinar – rocking stones. Det var eit naturfenomen, sa ho, med nokre digre steinblokker i sjøen som vogga i bølgjene. Det var ikkje heilt wow, men kvifor ikkje ta turen, sidan eg likevel er på desse kantar?
Det er yr og lett skodde når eg set meg i bilen, og eg finn «Gódan morgun Føroyar» på bilradioen. Dei speler popmusikk no, og snakkar om arbeidsløysa att. Skodda tetnar til, og det er som å køyre i kvitt mørke, og alt av fjell og fjordar og natur ligg i ein tåkeheim. Ned svingane mot Oyndarfjørdur står ein forlaten bil med knekt framhjulsstilling. Det eine framhjulet har losna og ligg i vegkanten. Ja, det er no ein observasjon.
Eg må sei at vippesteinane er ein nedtur. Rører dei på seg? Ein kjetting er slått ned i steinen, og festa i land. Han heng dønn i ro. Heller ikkje når eg legg eg meg over kjettingen skjer det noko. Nei, skal du til Færøyane kan du spare deg turen til Oyndarfjørdur.
Vippesteinane er ein nedtur.
Eg er i Klaksvik, og turen hit har vore utan hendingar. På grunn av skodda har eg ikkje sett noko. Det einaste måtte vere at eg møtte eit sykkelfelt gjennom den undersjøiske tunnelen frå Eysturoy til Bordoy. Ja. Nei, det var ikkje meir enn det. «Klaksvik er ingen fin by», hadde kongsbonden Johan Jógvanson sagt, og det er vanskeleg å seie han imot. Han er liksom uferdig der han ligg på eit eid mellom to fjordar. Eg parkerer bilen. Kva gjer eg?
I sentrum ligg det som eg første trudde var eit staseleg kulturhus, men på veggen står det Betesda. Det må vere forsamlingshuset til brødresamkoman. På motsett side av parkeringsplassen ligg Föroya Bjór, og det minner meg om at eg enno ikkje har skrive noko om forbodstida. Bryggjeriet blei etablert av Símun i Vágur i 1888, og det var rette tida. I 1856 blei den konglege monopolhandelen oppløyst, noko som blei startskotet til blømande forretningsliv. Eit resultat var eit meir moderne og eksportretta fiskeri, og i tiåra etter fekk folk pengar å bruke. Mens tyrste færøyingar tidlegare måtte reise til handelsstasjonen i Tórshavn, opna frihandelen alle kranar og det blei mogleg å kjøpe øl og brennevin i dei fleste bygdene. Bønder drakk seg frå gard og grunn, og fattigfolk fann trøyst i den djevelske rusen. For fiskarar blei det vanleg å drikke brennevin på sjøen, mange drukna, og på land venta enker, farlause og elende. I lagtinget arbeidde dei for å regulere djeveldrykken, og i april 1907 blei eit forslag lagt fram for lagtinget: «Lov for Færøerne om Handel og Udskænkning af berusende Drikke».
I november blei eit forslag om å forby alkohol lagt ut i folkerøysting. Det var fyrste gong kvinner fekk ta del, og resultatet blei at heile 96 prosent røysta for eit forbod. I januar 1908 blei forbodet innført og Föroya Bjór måtte leggje om produksjonen til brus og lettøl. Men alkoholen har ei ustyrleg kraft og finn alltid smotthola, og så måtte ein gjere noko med viljen til å betale skatt. I 1949 ble det innført rasjonering til alle som kunne godtgjere at skatten var betalt. Dei fekk eit personleg rasjoneringskort av styresmaktene, og ein gong i kvartalet kunne dei bestille eit visst tal flasker frå Danmark. Det kunne gå veker frå dei leverte bestillinga til snapsen stod på bordet, og det var ei omstendelig affære der ein måtte innom ulike kontor. Rasjoneringsordninga førte til heftig periodedrikking, og så var det mørketala frå smugling, svartebørshandel og heimebrent.
På 1980-talet fekk Föroya Bjór igjen lov til å bryggje øl med opptil 5,8 prosent alkohol, men for å hindre impulskjøp, måtte kundar bestille over telefon eller per brev, og det måtte gå eitt døgn frå giroen var betalt, til dei kunne hente øl på lageret på bryggjeriet. Det var fleire forsøk på å innføre vinmonopol, men forslaga blei etter tur nedstemte i lagtinget. Fyrst på 90-talet kom saka gjennom, og forbodstida var endeleg over. Restaurantar kunne igjen servere raudvin til turistane, og i 1992 opna Rusdrekkasøla Landsins sitt fyrste utsal i Tórshavn. I dag har Rúsan åtte utsal på øyane, og sel chablis og vodka under slagordet kvalitet og ansvar. Föroya Bjór blir drive av fjerde generasjon Waag og har ein marknadsdel på 70 prosent. Dei produserer òg for eksport.
Eg stikk innom turistkontoret, og spør kva kan eg gjere her i Klaksvik. Å, det er mykje! Eg kan til dømes ta ferja over til Kalsoy, og sjå der avslutningsscena i Bond-filmen No Time to Die blei spelt inn. Agent 007 står fremst på Nolsoy, missilar slår ned og sidan har ingen sett han. Derfor er det sett opp ei gravstøtte der ute, «James Bond – 1962–2021». Eg har no aldri vore nokon stor Bond-fan. Nei? Jo, men så har dei Christianskirkjan frå 1963 med ein fire tusen år gamal døypefont. Det er ei heidensk offerskål som blei gitt i gåve frå Nasjonalmuseet i Danmark. Nja, seier eg. Eller så er det mogleg å ta lokalbåten frå Hvannasund, seier dei, og det skal uttalast kvannasund. Lokalbåt, kor går den? Ut til Svinoy og Fugloy. Yes, det vil eg. Eg vil jo til flest mogleg øyar, og no kan eg få to i éin smekk. Slik har det seg at eg køyrer gjennom den einvegskøyrde Árnafjardartunnellen på fem kilometer, og deretter den sju kilometer lange Hvannasundtunnelen. Og så er eg der, og ved kaien ventar lokalbåten Ritan på gods og passasjerar.
Turen ut til Svinoy og Fugloy skal vere den vakraste sjøreisa på Færøyane, men alt eg fekk sjå, var sjø og tett skodde.
Vi er ikkje mange om bord, og billetten kostar berre 40 kroner. Men skodda ligg lågt, eg ser ingenting. Det blæs opp, og vi ruggar over havet, og eg kjem i snakk med Rógvi Joensen som eigentleg er fiskar, men segler no innaskjers på Ritan. Han reiste til sjøs då han var 15 år, fortel han og har fiska på russiske og amerikanske båtar i Beringstredet, han vore på spanske båtar, og budde mange år i Skagen. Nok ein gong vrir eg samtala mot sjølvstendespørsmålet. Rógvi er skeptisk til lausriving.
– Vi har så mange fordelar av å høyre til Danmark. For det fyrste er det pass. Færøyane er ikkje med i EU, men det er Danmark. Så alle får EU-pass i tillegg til færøysk pass.
– Nettopp!
– Ja, og så er det utdanning. Alle kan reise til Danmark og få gratis utdanning på høgskular og universitet. Og så er det helsetenester.
– Ja?
– Dei er flinke på sjukehuset i Tórshavn, men når det oppstår komplikasjonar, blir vi sende til Danmark, der vi får tilgang til spesialistar og dei beste legane. Til Rigshospitalet i København, ja, til alle dei danske sjukehusa.
Rógvi Joensen ser mange fordelar med å høyre til kongeriket Danmark. Men ikkje visste eg at han var evangelist.
Vi kjem til Svinoy, der bølgjene skvalpar meterhøgt. Ritan ruggar og slår mot kaien, og landgangen får dei ikkje ut. Passasjerane må hoppe i land. Eg ber om å få berre trø ned på kaia, så eg har vore på Svinoy. Rógvi nølar, men så nikkar han og gir plass, og eg er på Svinoy i tre sekund, før han dreg meg hardt om bord att. Fugloy kjem vi oss ikkje til, ikkje i dette ruskevêret, og vi set kursen attende mot Hvannasund. Rógvi står ved sida av meg og peiker ut alt eg ikkje får sett.
– Dette er den finaste sjøreisa på heile Færøyane, seier han, og eg kan ikkje anna enn ta han på ordet. Hadde eg då skjønt kven Rógvi Joensen var, hadde eg hatt mange spørsmål. Det var fyrst seinare eg fann ut han var ein av brørne i Betseda i Klaksvik, at han som fiskar var djupt nede i alkoholhelvetet, til han møtte Jesus og blei menneskefiskar. I åtte år reiste han rundt som evangelist på Færøyane og Island og i Danmark, og han har vore gjest på den kristne kanalen TV-visjon i Noreg. Eg fann fleire av vitnemåla hans på Youtube og på nettsidene til Betesda. Ja, eg fann òg nokre morgonandaktar han hadde halde på Kringvarp Føroya.
Vi er attende i Hvannasund, og eg set meg i bilen og skrur varmeapparatet på fullt. Eg får bestilt rom på Klaksvik hotell, og gruer for å køyre gjennom dei tronge tunnelane. Og ikkje visste eg då at eg snart skulle tilbake.
For ute i havet mellom Island og Færøyane svømte ein stor flokk grindkval, ja, over to hundre dyr. Om eit drygt halvdøgn skulle dei til Hvannasund.
Der skulle dei døy.
Framhald neste veke.
Les også
Færøyane består av atten store øyar og nær åtte hundre småøyer, holmar og skjer. Sandoy er mi niande øy, og med den har eg då vore på halvparten av hovudøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Farvel, Færøyane!
Les også
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
Les også
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brødrasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Les også
Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om sau og sjølvstende
Les også
Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925. I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.
Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.