JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Å vøle hus

Ein klar regel i arbeidet med å restaurere eldre hus er å nytte same slags material som i dei gamle delane, og å lage til nye emne med den same teknikken som var nytta på gamle delar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Huset har nokre nye stokkar og nokre skøytte, og alt er sterkt nok.

Foto: Erik Solheim

4566
20170602

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Om huset er bygt av fure, skal nye delar også vere av fure, ikkje gran. Men skal vi skifte ein del som er i gran, skal det nye også vere gran. Tilsvarande er det om utgangspunktet er bjørk, som vi finn i mange uthus i strok med lite barskog. Eller osp, som finst i kledning på eldre bygningar.

Idealet er òg at årringane i ein ny del samsvarar med årringane i den gamle. Då vil den nye veden endre seg på same måten som den gamle når huset vert fuktig i vått vêr og tørkar i andre periodar.

Slikt er ikkje dumt å ha i tankane, sjølv om det ofte ikkje er praktisk å følgje strenge reglar fullt ut.

Øksa og saga

Å nytte same teknikken som dei eldre brukte då dei bygde, vil i stor grad seie å lage tilverka flater med øks. Øks er ein gjennomgangsreiskap frå dei eldste tider til i dag. Med øks kunne dei både hogge flate sider på stokkane og kappe dei. I stovehus og andre bygningar som folk budde i – og innvendig i lafta fjøs – er flatene glatta med høvel, og i tidlegare tider med ein reiskap som heiter skjøve. Dette er eit stål festa i eit trestykke som lét seg drage langs stokken og som tok tjukkare fliser enn ein høvel gjer.

Sager kom i bruk på ulike tidspunkt. Dei første er visstnok kjende frå 1300-talet, men det gjekk enno lang tid før dei vann innpass over alt. Med handsag kunne dei felle og kappe tre. Bord skar dei med oppgangssag eller med handsag der stokkane låg på eit stillas. Ein mann stod oppe og styrde saga etter ein strek av ei sota snor på stokken; ein stod under og drog saga ned. Med begge teknikkane vart det att eit stykke i enden av bordet som saga ikkje nådde. Det vart kløyvt ut og gjerne jamna med øks. Om bordet er laga med handsag eller oppgangssag, er ikkje alltid like lett å avgjere for dei som ikkje er øvde. Berre i særskilde tilfelle, med gamle og særleg verdfulle hus, vert slike teknikkar nytta i dag. Det er ikkje mange oppgangssager i drift, og heller ikkje mange som meistrar teknikken med handsaging. I dei fleste tilfella er det òg eit kostnadsspørsmål. Bord laga med sirkelsag eller motordriven bandsag er like varige som andre; det er kvaliteten på stokken som avgjer. Og dei lèt seg godt glatte med øks eller høvel.

Materialval

Ein tredje hovudregel er å skifte ut berre så mykje av materialen som trengst for å få huset i stand til å stå lenge. Delar som er våte, mørke, skitne og gjerne dekte av algar eller skadde av insekt, er som regel i betre stand enn det kan sjå ut til ved første augnekast. Dimensjonane er til vanleg så store at også berande delar kan vere sterke nok om somme av dei er rotne. Om ikkje kvaliteten på den materialen ein har å skifte inn, er god, kan han vere mindre varig enn den gamle. Gamle kledningsbord og laftestokkar kan sjå dårlege ut på overflata, men vere harde som bein like under. Det er berre å stikke med ein spiss kniv for å finne ut kor mykje som er alvorleg skadd, eller slå med ein hammar og lytte. Klang i stokken tyder på at han er solid nok; ein dump lyd er illevarslande. I nokre tilfelle, som i sperrer under torvtak, kan overflata verke lovande, medan ei grøft midt i sperra er heilt roten.

Vindauge

Den mest vanlege feilen er truleg å vrake gamle vindauge som ser noko medtekne ut. I alle fall langt ut på 1800-talet var vindauge nesten alltid av nøye utvald material, så godt at det er vanskeleg å finne like god erstatning i dag. Det som ofte held for å gjere vindauget fullgodt, er å fjerne kitt og laus måling, og å pusse treverket reint. Om veden er heil – har si form – er det oftast nok å setje råmene inn med linolje og kitte på plass rutene igjen. Eldre, bulkete glas gjev vindauget eit anna preg enn heilt plane ruter.

Dersom bygningen har vore endra gjennom tidene, kjem spørsmålet om å ta vare på det som er i dag, eller å tilbakeføre huset til eit tidlegare tidspunkt. Svaret har det vore strid om så lenge restaurering har vore praktisert. Standpunktet som har antikvarisk oppslutning i dag, er å ta vare på – i stor grad – vitnemål om historia bygningen har vore gjennom. Tilbakeføring er likevel akseptert dersom kunnskapen om tidlegare stadium er sikker nok.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.

Foto: Astrid Waller

BokMeldingar

Ei vill mafiahistorie frå Noreg

Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.

EinarHaakaas

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis