Ny styrke til rotne stokkar
Restaurering er å kopiere delar av eit hus når dei har rotna, brotna eller av andre grunnar ikkje lenger er gode nok. Då kjem spørsmålet: Kor mykje skal vi skifte ut?
Ein stav som hadde rotna er støtta opp i rett høgd med eit nytt endestykke. Det er av bjørk, som staven er.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet

Det generelle svaret er: Så lite som mogeleg. Men handlinga må vere resultat av ei konkret vurdering. Dersom det meste av ein stokk er øydelagd, lagar vi ein kopi av heile, om det er råd å få til. Resultatet må ikkje få preg av lappverk.
Det er lurt å skaffe seg eit samla inntrykk av kor langt forfallet har komme, og så finne ein høveleg framgangsmåte. Det er nyttig å fotografere tilstanden, både veggane og dei detaljane som treng vøling. Alle gløymer etter kort tid korleis dei var, dei delane som er fjerna. Er huset lite, ei utløe eller eit enkelt uthus i tunet, kan bilete vere godt nok. Større hus løner det seg ofte å lage enkle skisser av, med nokre viktige mål på. Det sparer tid seinare. Ikkje alltid er vinklane i grunnplanet rette: Å måle diagonalane frå hjørne til hjørne gjev svaret. Å vite dimensjonane på delar som vert skifta ut, gjer det lettare å finne dei rette emna.
Men først av alt er spørsmålet om fundamenta, steinane eller murane som treverket står på, er gode nok. Om svaret er nei, bør arbeidet starte der. Å jekke opp huset eller delar av det fjernar tyngda frå fundamenta, og dei lèt seg rette opp. Gamle murar og berande steinar ligg ofte oppe på jorda, som dei framleis kan gjere. Men det er ofte grunn til å justere underlaget, slik at steinane ligg flatt. Murar bør vere i lodd, i alle fall tilnærma det. Om det er store steinar i murane, kan det enklaste vere å merke dei, ta dei ned og legge dei opp att der dei låg. Med mindre stein vert det som regel å mure på nytt, med den steinen som var brukt før. Framande bergartar gjer huset framandt.
Gjennom tidene har gjerne jorda lagt på seg i høgda inne ved huset, med den konsekvensen at treverket vert ståande vått og rotne. Å grave vekk jorda kan ofte vere nok til å hindre at skadane veks, eller å legge på fleire steinar for å løfte huset litt opp frå grunnen.
Om vi no held oss til grindbygningar eller andre stavkonstruksjonar, er skadar nede ved grunnen enkle å vøle. Ved å jekke opp den skadde staven kan vi skjere vekk treverket som er rotna og setje inn nytt i staden. Ein stav som er frisk nesten heilt ned, kan godt stå på ei ny stabbe utan noko meir feste. Høgre stabbar kan vi feste med ein bladskøyt og skråskorne endestykke, som vist på biletet. Her er den nye delen i bjørk, som originalen, og av eit tre med om lag same dimensjon som staven var hoggen av.
Vi kjem ikkje vekk frå at ei motorsag med skarpe tenner er ein nyttig reiskap til det grøvste av slikt arbeid. Når vi har kappa den gamle delen, merkar vi den nye, slik at han passar nokolunde. For at skøyten skal stå støtt, og sjå pen ut, må flatene gå tett i hop. Dei loddrette jamnar vi til med øks, dei skrå får vi saman med ei vanleg bordsag når det berre er litt som manglar. Ein slik skøyt, når han er tett, står godt utan noko meir feste. Er skøyten langt oppe på staven, kan ein trenagle gjennom det gamle og det nye stykket gje eit meir solid inntrykk.
Dersom staven er skadd i toppen, av lekkasjar, er gjerne beten og sperrestokken (stavleia) også svekte. Det krev ein litt meir omstendeleg operasjon. Det første ein må gjere, er å støtte opp dei friske delane av beten og stavleia så høgt at det er mogeleg å ta ut staven. I tillegg må vi stramme i hop sperrestokkane slik at sperrene ikkje pressar dei ut. Så er det å ta vekk staven og lage ein kopi. I nokre tilfelle står staven med rotenden opp, når den er tjukkast. Det neste er å kappe inn til frisk ved i beten, og skøyte inn eit nytt stykke i staden for det som er øydelagt. Beten er til for å hindre at sperrene sprengjer huset ut, så skøyten må tole strekk, og svaret kan vere ein loddrett hakeskøyt. Den same løysinga høver som skøyt av stavleia, som i tillegg til å tole trykk utover, må bere tyngde nedover. I alle fall på litt større hus vil det vere tryggast å sikre skøytane med naglar, 5/4” tjukke, av sterk ved. Tørr bjørk er god til slikt.
Når vi skal inn med nye delar, må materialen vere tørr. Er dei nye emna store nok, kan vi lage dei til slik at i alle fall forma og overflata høver til det gamle. Resultatet bør ta seg godt ut. Om ein heil del skal vere ny, har det mindre å seie om han er rå. Når treverk tørkar, krympar det lite i lengde og meir, men varierande i tjukna.
Mange finn det merkeleg at sperrer og bjelkar i gamle hus er tilnærma kvadratiske. Dei har lært at styrken ligg i høgda på bjelken, ikkje breidda. Det har likevel vist seg at dei gamle stokkane har tolt påkjenningane, og forklaringa er at yteveden er sterkare enn kjerneveden mot bøying og brot. Var det om å gjere med stor styrke, er det tettvaksne stokkar vi finn i eldre hus, og dei la dei slik at om stokkane ville bøye seg, var det oppover. I tillegg sparte dei – når øksa var den mest brukte reiskapen til å forme emna – tid og krefter når det var lite å hogge vekk. Mot denne utvalde styrken har totoms boks eller plank av vesentleg kjerneved lite å stille opp med.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.