Gamalt gull i huset
Gamle vindauge er verdfulle saker. Dei kan vere 200–300 år gamle, og har i uminnelege tider tolt både vind og væte fordi dei er laga av det beste av utvald material.
Om treverket ser delvis medteke ut, er veden ofte frisk innanfor. Dette vindauget vil framleis vare lenge.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Slik kvalitet er ikkje å finne i vanleg handel, og det skal stor materialkunnskap til for å kopiere dei gløymde snikkarane. Ein annan kvalitet er at dei høver til huset. Formatet, ruteinndelinga og listverket høyrer liksom opplagt til resten av bygningen. Sprossene er ofte spinklare, og samanføyinga annleis enn i vindauge som er å få kjøpt i dag. Så er det dei gamle rutene, som ikkje er heilt jamtjukke, og heller ikkje plane. Også glas sig når det står lenge. Men glasa gjev bygningen eit anna preg enn nye og heilt glatte ruter. Om det er mogeleg å berge nokre av dei i eit gammalt vindauge, vil dei dempe konflikten mellom det slitne og det glatte. I rom som ikkje treng stadig oppvarming, er enkle vindauge, utan fleire lag med glas, framleis godt tenlege.
Knivtesten
Dersom treverket i vindauget er så fast at det er tungt å stikke ein syl eller kniv lenger inn enn i overflata, er veden god nok til å vare minst like lenge, oftast lenger enn ny. Mest utsett for skade er endane på sprossene og rammestykka. I samanføyingane tørkar våt ved seinare. Endeflata på eit trestykke trekkjer lettare vatn enn sideflatene.
Når dei nedre rammestykka og den nedste planken i karmen er fast nok, er som regel resten endå betre. Om det liggande karmstykket nede er for dårleg, kan vi løyse det frå resten og skjere vekk det som har rotna, og lage ein ny fals i den friske alveden. På innsida trengst det då eit nytt stykke ut til karmbreidda. Er sidekarmane rotne nede, er det enklast å legge inn nye stykke, festa med vassfast lim og trepluggar. Pluggar av tre har den føremonen, samanlikna med skruar og spikar, at vi etterpå kan høvle til dei nye delane slik at dei høver akkurat. Dei nye emna bør vere av tettvaksen, feit og tung kjerneved av fure. I somme distrikt snikra dei vindauge av tettvaksen gran, og då må også nye delar vere av dette treslaget. Sjå korleis årringane ligg i dei originale stykka, og monter dei nye same vegen. I karmane skal rettsida på emnet – sida inn mot mergen – ligge inn i rommet.
Målingsfjerning
Vindaugsrammene er tappa saman i endane og festa med trenaglar som vi kan banke ut. Hola er laga med navar, og er dermed koniske, slik at naglen lettare heng på plass. Men før vi går laus på treverket, må rutene ut. Gammal kitt er enklast å fjerne når han er oppvarma med ei kittlampe. Varmluftpistol er farleg, glaset sprekk lett under for stor hete. Å få vekk hard kitt utan varme, er òg vanskeleg utan å skade rutene. Merk rutene før du tek dei ut; det er ikkje sikkert dei passar andre stader i ramma. Skrap vekk mest mogeleg av kittet, og alt som har vore under rutene. Tjukke målingslag kan skjule vakre profilar på treverket, og lèt seg fjerne med varsam bruk av varmluftpistol og skrape. Av tynne målingslag fjernar vi det som er laust. Hengsler og vinkeljarn i hjørna er festa med spikrar som lèt seg vippe ut, eller skruar. Målinga på stål losnar om vi legg stykka i ei blanding av kaustisk soda og vatn ei tid og skyl dei godt etterpå.
Linolje
Når laus måling er fjerna, kittfalsane reinsa og treverket vølt, er det tid for å setje det inn med rå, kaldpressa linolje (olje av linfrø) til det ikkje trekkjer meir. Denne oljen har mindre molekylar enn vanleg, kokt linolje, trekkjer lenger inn og vernar treverket betre. Material som skal stå utan måling, vert meir robust av linolje. Treverk som er litt laust i strukturen, men likevel fast i forma, kan vare lenge om det får trekkje linolje til det er metta. I kittfalsane bruker somme kvistlakk i staden for olje. Poenget er å hindre at treverket trekkjer til seg olje frå kittet og tørkar det ut.
Når treverket er restaurert, er det tid for å montere hengsler og hjørnejarn igjen. Stål som ikkje er galvanisert, kan vi varme kraftig og bade i linolje for å hemme nytt rust. Nye hengsler, hjørnejarn og stiftar i eldre stilartar er å få kjøpt i spesialbutikkar.
Kitt
Under rutene skal det ligge eit lag med kitt som ruta vert pressa og rugga imot. Det er linoljekitt som høyrer til på gamle vindauge. Meir nymotens kitt kan feste godt, men det er vanskelegare å arbeide med, og nesten uråd å fjerne seinare. Om kittet er stivt i boksen, vert det mjukt og føyeleg etter litt massasje i hendene. Når rutene er på plass, festar vi dei med glasstiftar som ikkje treng å ligg kloss i ruta. I tynne sprosser kan ein stift feste ei rute på kvar side. Dei gamle stiftane fortel kor tett dei nye bør stå. Så er det å fylle falsane med kitt, såpass hardhendt at rommet mellom kanten av ruta og treverket vert fylt, og å stryke vekk, med ein kittkniv, det som er til overs. Før kniven i motsett retning om kittet losnar frå treverket. Kittolje som ligg igjen på ruta, er lett å fjerne med ein klut med gips (kalsiumsulfat) i pulverform på.
Når kittet har storkna litt i overflata, er det klart til å måle over. Oppskrifta er å stryke målinga litt inn på ruta, det held kittfalsen tettare. Ein pensel av naturbust gjer arbeidet mykje enklare enn ein med syntetisk bust. Linoljemåling kan vere litt vanskeleg å halde styr på, men er best for vindauget. Slitasje av vêr og vind gjer at målinga sprekk i småbitar, og materialen får tørke etter regn.
Kopi som naudløysing
Om ein stor del av materialen er rotna – kvaliteten var ikkje alltid den beste før heller – er det ei betre løysing å lage ein kopi enn å setje inn noko som berre liknar. Den som har lyst til å prøve, kan godt få det til med handverktøy.
I bustadhus kan ei løysing på ønske om mindre varmetap vere å byggje enkle vindauge om til doble, kopla. I andre tilfelle er svaret kanskje å montere nye rammer som slår inn i rommet. Det viktigaste er å få det tett mellom rammene og karmen. Trekk i rommet kjøler ofte meir enn litt stor varmegjennomgang. Når isolasjonskrava i dag er like over heile landet, er det knapt anna enn meiningslaus standardisering.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mest utsett for skade er endane på sprossene og rammestykka.
Dei gamle stiftane fortel kor tett dei nye bør stå.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.