Kva for tre gjev rett material?
Under vøling av Borgund stavkyrkje i Lærdal i Sogn fann snikkarane frisk spon som hadde lege på taket sidan 1100-talet. Også om det er utsett for vêr og vind, kan treverk på tak og kledning av hus vare lenge. Kunsten er å finne dei rette trea til slike emne.
To furestokkar med ulik kvalitet. Til høgre mørk og tung alved, med tettvaksen geitved. Til venstre lett og lys alved som har vakse raskt, og som er langt mindre sterk både mot ròte og brot.
Foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Høg alder på trea gjev god kvalitet til dei fleste bruksmåtar i hus. Men både for brotstyrken og for evna til å stå i mot ròtebakteriar, er det ein kvalitet at treet ikkje har vakse fort. Sein vekst gjev smale årringar, tett ved. Det moderne industriskogbruket, med flatehogst, planta gjenvekst og delvis gjødsling, har på nokre tiår gjeve skog med stor volumtilvekst. Resultatet av denne kubikkfeberen er lausare og lettare ved, og mindre styrke mot brot og ròte. Så store areal har det moderne skogbruket lagt under seg, at det mange stader er vanskeleg å finne tre av god nok kvalitet til varig restaurering av gamle hus.
Dersom dei har tilgang på nok lys, vil alle treslag vekse raskt i ungdommen, i 20–30 år. Dei strekkjer seg i konkurransen om å få tilgang til lyset, og ikkje bli ståande i skuggen av andre. Det er som kjent sollyset som gjev energi til veksten. Årringane vert då breie og veden laus. I fure kan breie årringar i nokon grad bli kompensert av den naturlege impregneringa med harpiks i alveden. På den andre sida får furebord i mange tilfelle mergsprekker når dei tørkar. Då er dei ikkje tette nok til tekking eller til kledning på drevsida av huset. For å få varige bord av fure, bør ein skjere vekk den veden som er nærast margen. Særleg i granbord er laus ungdomsved eit lyte ved utandørs bruk. Dei som ikkje kan velje eigna tre i skogen til materialen, kan sortere borda etter bruken når dei kjem på tunet.
Gamalt er godt
Høg alder på trea – for fure eit par hundre år eller meir – er eit generelt kvalitetskjenneteikn. Ettersom tilveksten minkar, får treet mindre bruk for å transportere vatn og næring opp og ned. Transportrøyra finst i yteveden, geita, som minkar ved stigande alder. Det som er innanfor, vert fylt med harpiks. Dette er tørr og daud ved, ettertrakta til material som skal tole allslags vêr. Dei eldste trehusa i landet er av fure frå skogar som gav høve til å velje det aller beste. Det er fortalt at Vonde-Åsmund, som bygde Rygnestadloftet i Setesdalen på slutten av 1500-talet, sende mennene sine lange strekningar i mange retningar for å hente stokkar som var gode nok.
Etter at volumtilveksten har stagnert, aukar tilveksten av kvalitet. Treet vert meir sylinderforma, og dei ytre, svært smale årringane er òg meir ròtesterke enn dei vi finn i yngre geitved. Dette gjeld både gran og fure. Gran har kjerneved, men ikkje harpiksmetta alved. Styrken hos grana til bruk på tak og som kledning ligg i at porene i veden er tette. Når granmaterial først er tørr, trekkjer han lite vatn. Av den grunn kan gran av god kvalitet halde seg lenge utandørs, som i skigardar.
Ròtestyrken
Kvalitetskrava til materialen varierer mykje etter kvar i huset emna skal vere. Bord til tak og veggkledning, særleg nede på bygningen, må vere tette og ròtesterke. Dei kan ikkje ha ròtekvist, og friske kvistar bør vere granne. Grove kvistar sprekk når dei tørkar, og lek. På fure er det berre første stokken av gamle tre som er godt eigna, på gran gjerne også den andre. Også svillstokkar og andre emne som kan bli utsette for væte, må vere ròtesterke.
Sperrer og åsar har gjerne så grove dimensjonar at dei er sterke nok. Det same gjeld bjelkar under golv. Men dei kan bogne. For å hindre det, bør margen ligge i den øvste halvdelen av det ferdige emnet. Yteveden er sterkast mot strekk – han er armeringa i stokken. Samstundes krympar yteveden meir under tørking, og dersom det er mest yteved i underdelen av bjelken eller sperra, gjev tørkinga eit spenn oppover. Grove kvistar reduserer styrken.
Om det er aktuelt å skjere bord og bjelkar av same stokken, vert resultatet best ved å skjere bord frå margen og utover, og så bjelkane lenger ute. Då får vi bord med kantved – med årringane på tvers av bordflatene – og bjelkar med den sterkare geitveden. På dagens sagbruk er det mest vanleg å gjere det omvendt, med det dårlegaste resultatet for både bord og bjelkar.
Nytta heile treet
Med oppgangssag og handsag skar dei bord som smalna etter stokken, dei vart ikkje like breie i begge endane. Til kledning, både ståande og liggande, gav dette liv i veggen og dei fekk meir ut av stokken. Restaurering er å kopiere denne skikken der han er brukt. Til liggande kledning på Vestlandet, som knapt har naturleg gran, hogg dei vekk geita på den kanten som ligg oppå bordet under.
Til stavar og standarar, betar, sperrestokkar (stavleier) og tro (borda i underkant av taket) er det ikkje så nøye med kvaliteten. Slik material vert ståande tørt og rotnar ikkje. I strok med mott (stripete borebille) er det nok ein føremon med lite geitved i lafta veggar. Motten skadar ikkje alveden. Er det tvil om styrken, kan vi auke dimensjonane. Det har truleg alltid vore ein del av byggjeskikken å utnytte nesten heile treet. Før sagene kom, og dei emna til stokkane med øks, var det rasjonelt å finne tre som hadde høveleg dimensjonar til bruken. Då vart det mindre å hogge vekk, og dei fekk sterkare emne. Dette er framleis ein god regel å følgje. Det som er igjen av stokken etter saging, kan vare lenge på ein vegg om treet er gammalt nok til å ha aldersved med nesten usynlege årringar i yta.
Observasjonar
Ved restaurering er det viktig å studere nøye dei emna som treng vøling eller utskifting. Kva for treslag og dimensjonar brukte dei? Korleis er overflatene laga? Kva har svikta? Berre ut frå slike observasjonar kan vi skaffe rett material til vølinga. Slett ikkje alltid er kvaliteten på topp; folk måtte byggje med det dei fekk tak i og hadde råd til. Regelen er å kopiere det som har vore. Eit poeng med å restaurere hus er å ta vare på mest mogeleg av variasjonsbreidda som fanst, både i materialbruk og i handverk. Om ikkje alt vert nøye kopiert, bør historia framleis finnast i huset. Framtida får eit feil inntrykk om vi i dag gjer alt betre enn det var.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eit poeng med å restaurere hus er å ta vare på mest mogeleg av variasjonsbreidda som fanst, både i materialbruk og i handverk.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»