Å vøle det gamle og finne det nye
Den som vil ta ned eit hus for å vøle det eller flytte det, må merkje delane før arbeidet startar. Særleg i lafta bygningar er det viktig å vite kva rekkjefølgje stokkane ligg i når huset skal opp igjen. Også samansetninga av stavbygde hus har dei fleste gløymt når dei har bruk for å vite det.
Merka er flytta til nye delar før demontering og transport til byggjestaden. God merking sparer tid.
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Det første ein må gjere i møte med eit gammalt og skadd hus, er å finne ut kor alvorleg tilstanden er. Stort sett dukkar nye skavankar opp når huset er avkledt. Men dei gamle byggjeteknikkane er robuste og logiske. Dimensjonane er så store at det er mogeleg å skøyte inn nye stykke der veden er roten eller smuldrar etter insektgnag.
Diagnosen må byggje på faktiske observasjonar. Spørsmålet er kor mykje av treverket som er for dårleg til å leve vidare, det vil seie til å halde huset ståande i lengda. I mange tilfelle vert det fjerna for mykje. Då går aldersverdien av huset ned, særleg om dei nye delane ikkje er av same treslag og ikkje er laga som dei gamle.
Det løner seg ofte å lage målsette skisser av huset, med dimensjonane – lengd, breidd og høgd og plassering av vindauge, dører og andre delar – på byggverket, særleg dersom det trengst større inngrep for å få huset i stand. Måla treng ikkje vere pinleg nøyaktige for å vere til god nytte. I lafta hus er det avgjerande å måle diagonalane i romma, frå eitt hjørne til hjørnet på motsett kant. Hjørna er ikkje alltid vinkelrette, og lafta stokkar er det uråd å få skikkeleg i hop utan at vinkelen mellom dei er den same som før. Han huset fleire rom, tek vi mål av alle. Å fotografere huset både innvendig og utvendig er eit nyttig supplement til teikningar og skisser av romma og materialen som har vore brukt. Å lage slike skisser kan verke som heft i iveren etter å komme i gang med det verkelege arbeidet, men det sparer tid seinare. På enkle skisser kan vi merke av kva som trengst av ny material.
BASISLINJA
Lafta hus kan ha sige seg skeive, fordi svillstokkane har rotna eller fordi muren eller steinane under har gjeve etter. Slike skilnader i høgd er det ikkje alltid lett å finne ut av, men det er opplysningar som gjer oppattbygginga enklare. Éin metode er å merkje ei vassrett basislinje på huset, og så måle seg fram til avvika i hjørna. Ei slik linje får vi med teodolitt, laserinstrument eller ein gjennomsiktig slange med vatn i. Vi kan som regel gå ut frå at veggane var i lodd då huset var nytt. På mindre hus kan vi jekke opp dei delane som ligg for lågt, og notere høgdeskilnadene.
Mange eldre hus har vore endra gjennom tidene. Spørsmålet vert då: Kva gjer vi med det som har kome til? Svaret er ikkje opplagt. I den antikvariske leiren held somme sterkt på at det nye fortel kva historie huset har vore gjennom, og at historia må vise att også etter restaureringa. Andre ser med større velvilje på å føre bygningen attende til sin ungdom. Ei vanleg oppfatning er at å køyre historia i revers krev kunnskap om korleis huset var då det var nytt. Svaret må komme av ei konkret vurdering i kvart tilfelle.
Om vi her held oss til folkearkitekturen, var det ein byggjemåte utan teikningar. Dei bygde etter skikken på staden. Skikken – ikkje strekar på papir – fortalde både kva dei skulle gjere, dei som bygde, og kva dei skulle fram til. Rom for variasjon var der, men ikkje større enn at vi kjenner igjen hovudtrekka. Endringar gjennom tidene hadde òg skikken fått til.
SKIKKEN på staden
Dersom delar av eit eldre trehus manglar, kan vi gå til andre hus i bygda eller byen og sjå korleis delane som manglar, kan ha sett ut. Dette gjeld både dimensjonar og kvalitet. Ein litt tynn bjelke eller ei spinkel sperre kan vere sterk nok når veden er av rette sorten, men svak dersom emnet er tilfeldig plukka. Difor startar den gode restaureringa helst i skogen, med å finne tre som høver til dei ulike emna. Huset får eit heilt anna preg om vi set inn ein firkantskoren boks der det før var yteved som vankant mellom flate sider laga med øks.
Skal restaureringa bli vellukka, må ho òg følgje byggjeskikken huset vart til i, så langt det let seg gjere. Éin ting er dei fysiske sidene ved saka. Huset skal òg vere vakkert. Augo òg må noko ha, skreiv Olav Aukrust. Dei fleste ser at å restaurere i tråd med byggjeskikken, gjev eit tiltalande resultat. Og vi må kunne hevde at byggjeskikken er eit godt nok haldepunkt for å vite korleis huset var bygt, og korleis vi kan restaurere på ein god måte.
Dersom eldre bygningar skal vere tenlege til dagens bruk, er det ofte ønskje om å gjere dei større. Mellom arkitektar er den dominerande oppfatninga at nye tilbygg – eller nye, frittståande hus – må få ei moderne utforming. Dei må spegle si tid; å byggje som dei gjorde før, vert feil og det som verre er. Professor Christian Norberg-Schulz, også han arkitekt, hevda ei anna oppfatning. Ho bygde på at alle stader og distrikt hadde fått sin byggjeskikk ut av vilkåra på staden – landskapet, materialtilgangen, klimaet, leveviset. Dette gav ein variasjon i arkitekturen som spegla det han kalla ånda i eller på staden. Denne eigenarten veksla rimeleg nok frå eitt område til eit anna, og er ein kvalitet som står seg.
Dagens arkitektur har eit anna ideal: å byggje i samsvar med tida, eller helst litt framom. Det moderne byggjeriet er fullindustrialisert og globalisert så langt rikdommen rekk. Dei same materialane og byggjeteknikkane er tilgjengelege over alt, og motane i bransjen er kortvarige. Denne «nyskapande signalarkitekturen» reiser seg over alt, medan eldre hus vert smadra av vår tids flod av pengar og energi.
Lære av eldre byggjeskikk
Ein av dei som har teke til motmæle, er Audun Engh, i bladet Fortidsvern nr. 3 i år. Engh er styremedlem i International Network for Traditional Building, Architecture and Urbanism. Han vil ha tilbake ein arkitektur for staden, ikkje for tida. UNESCO vurderer å stryke Wien frå verdsarvlista fordi dei byggjer høge hus som ragar over den historiske delen av byen.
Diskusjonen viser at den hypermoderne arkitekturen, laga av og for ein elite, ikkje har noko meir fjellstøtt grunnlag enn andre tankar om å byggje i dag. Går vi attende til spørsmålet om kva som høver i lag med eldre og mindre trehus, finst andre svar enn «kontrasterande element». Dersom det nye skal vare lenge og koste moderat med energi å få opp, gjev det betre resultat å lære av eldre byggjeskikk på staden enn av den globaliserte tidsånda vår.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Går vi attende til spørsmålet om kva som høver i lag med eldre og mindre trehus, finst andre svar enn «kontrasterande element»
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.