Er skadelege insekt farlege for huset?
Huseigarar som oppdagar teikn til skade av insekt på treverket, vert ofte urolege. Den rasjonelle reaksjonen er å ta det med ro. Skadane er ofte mindre enn skrekken av førsteinntrykket.
Kraftig mottskade på golv etter tidlegare lekkasjar og fuktig innemiljø.
Foto: Stig Nordrumshaugen.
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi har berre to insekt som går laus på friskt treverk. Det er stripete borebille (mott, mit, mår) og husbukk. To andre artar lever av borkrestar og litt av yteveden: blåbukk og mjuk borebille. Dei går ikkje så langt inn at dei skadar treverket. Så er det maur, som kan lage reir i rotna treverk. Stokkmaur kan òg utvide sitt rotne husrom i frisk ved.
Borebilla og husbukken er insekt med fullstendig forvandling: egg – larve – puppe – imago (vaksen). Dei vaksne legg egg like under overflata i treverket. Etter to–tre veker har insektet gått over i larvestadiet, og det er i dette stadiet insektet gjer skade. Larvene har treverket som brød, dei får næring ved å gnage gangar i veden. Larver av borebille held det gåande i to–tre år, av husbukk fem–seks år. Etterpå kjem eit kortvarig og uskadeleg puppestadium før det ferdige insektet gneg seg ut gjennom dei typiske hola vi ser på treverk som lenger inne har vore mat for larvene nokre år.
Stripete borebille lagar runde hol med ein diameter på 1,5–2 millimeter. Husbukk er eit større insekt, og lagar ovale hol, 5–7 mm store. Liknande hol vert det etter ròteborebille (runde, 2–3 mm) og ymse trebukkar (ovale, 5–7 mm). Men larvene deira lever av material som frå før er skada av ròtesopp, ikkje frisk ved.
Når borestøvet etter larver av stripete borebille kjem til syne, er det som regel av andre årsaker enn larvegnaget. Motten har fiendar. Larvene av Opilo-billa lever av å ete mottlarver. For å komme fram til føda må Opilo-larva dytte ut ein del boremjøl, som utanfor vert liggande i små haugar, og som tyder på at dei skadelege larvene er under åtak. Også snyltekvefs forsyner seg av mottlarver, ved å legge egg i dei – egg som utviklar seg og et opp larvene innvendig. Opilo-billa og snyltekvefsen er altså på lag med huseigaren og hjelper til med å dempe mottskadane. Dei som prøver å ta knekken på stripete borebille med kjemiske middel, risikerer i staden å ta livet av medspelarane sine. Etter nokre år er også den kjemiske effekten vekke.
Gneg ikkje i alved
Både husbukk og mott gneg i gran og i yteved (geite) av fure – ikkje alved. Bjørk er kanskje mest utsett for mottskadar. Når larvene har forsynt seg i lange tider, kan skadane vere så store at treverket er vesentleg svekt. Men skadane kjem langt frå raskt.
Under gode vilkår er det gjerne husbukk som gjer størst skade. Men dette insektet finst berre i små område. Der må vere varmt om sommaren og ikkje for kaldt om vinteren. Det største leveområdet er langs kysten frå Kristiansand og litt inn i Vestfold, med ein avstikkar oppover låglandet i Telemark, om lag til Seljord. Dei andre funnstadene er indre fjordstrok på Vestlandet – i Hardanger, Sogn, Nordfjord, Tafjord og Nordmøre. I bygningar er husbukken mest vanleg i varme takkonstruksjonar og i vegger mot sør og vest.
Men i nokre av dei eldste bygningane vi har, stavkyrkjene i Indre Sogn, er det lite skade av husbukk. Dei er av beste sort material – gammal fure med mykje alved, emne som er lite påakta i dagens skogbruk. I gamle hus er det berre ein liten del av skadane som er under utvikling i dag, kanskje nokre få prosent. Dersom skadane ikkje alt er alvorlege, vil det gå lang tid før dei vert det. Det aktuelle tiltaket er å observere utviklinga gjennom mange år, meir enn fem.
Våtare vêrlag
Stripete borebille – mott – finst over eit langt større geografisk område og i langt fleire bygningar enn husbukk. Husbukklarver kan i nauda klare seg med knusktørr ved; mott må ha meir fuktig treverk. Vêrlaget på staden må vere våtare. Mest utsett er kyststroka, særleg på Vestlandet. Inne i landet står trehusa tryggare. Bygningar som står lågt i lendet, er meir utsette enn dei som står høgre, der det gjerne er meir vind. Skuggesida kan vere meir utsett enn den som får sola på seg. Delar som ligg nær jorda, klarer seg dårlegare enn dei som er høgre oppe. Skog tett inn på huset aukar risikoen for skade. Det ser ut til at hus heilt ute på kysten klarer seg betre enn mange som står lenger inne.
Om eldre bustadhus har mottskadar, vil utviklinga stanse dersom temperaturen inne stig til det som nå er vanleg. Då tørkar veggene ut, og larvene klarer seg ikkje. Tiltaka mot mott er som tiltaka mot ròte; materialen må få høve til å tørke. God lufting mellom kledningen og det som er innanfor, har lenge vist seg å auke levetida. Isolasjon må ikkje vere pakka inne av diffusjonshemmande duk. Hugs at larvane treng to–tre år før dei vert pupper. Om matfatet deira vert for tørt ein periode om våren, då lufta alltid er minst fuktig, er det ute med dei.
Mellom borken og veden
Larvene av blåbukk og mjuk borebille held seg altså mellom borken og veden, og gjer ikkje konstruksjonen dårlegare. Tiltaket mot dei er å fjerne borken på materialen ved restaurering. Ròteborebille lagar òg hol i overflata, litt større enn motthol. Også denne billa er i praksis uskadeleg, fordi larvene berre forsyner seg av treverk som frå før er sterkt medteke av ròtesopp. Det same gjeld ein del andre og mindre vanlege insekt.
Maur kjem av og til inn i trehus, men ikkje fordi dei har trematerial som næring. I rotna treverk kan dei derimot byggje koloniane sine. Stokkmaur kan utvide sine innandørs «tuer» i frisk ved. Det er likevel ròtesopp som har utretta det vesentlege av skaden.
Då står vi igjen med to biller som kan gjere stor skade i friskt treverk: husbukk og stripete borebille. Det viktigaste tiltaket er å halde huset tørt, stanse lekkasjar og syte for at huset står luftig. Også husbukk vel fuktig ved om det er å finne. Å kle ein lafta vegg kan dempe gnaginga og berge veggen for lange tider. Der skadane ikkje er kritiske, går det lang tid før dei vert det. Der det trengst å skifte delar av ein konstruksjon i fure, vil stykke med mykje alved hindre nye og alvorlege åtak. Johan Mattsson, som har doktorgrad i emnet, skriv i boka Treskadeinsekter i bygninger, som er hovudkjelda for denne artikkelen, at insektgifter ikkje har noko føre seg mot mott.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Opilo-billa og snylte-kvefsen er altså på lag med huseigaren og
hjelper til med å dempe mottskadane.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.