JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Å restaurere er å kopiere – også bruken av reiskapar

Frå dei eldste tider var øksa det viktigaste i nevane når ein bygde hus. Ikkje noko anna bitjarn kan gjere øksa overflødig når vi skal restaurere gamle bygningar. Med litt øving får vi til mykje med å hogge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Veggstokkar som er brukte om igjen og slanka med øks.  Mønsteret i hogginga er lite systematisk og ikkje lett å kopiere.  Variasjonen var stor i måten arbeidet vart utført på.

Alle foto: Erik Solheim

6420
20171124

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

På lang nok sikt går det meste av bygt treverk til grunne. Dersom vi vøler hus med nye delar som er skorne på sag i staden for å hogge dei til, forsvinn etter kvart dokumentasjonen som fortel korleis delane var laga. Huset vert annleis – mindre ekte og truverdig. Dei fleste meiner, ser det ut til, at det heller ikkje vert så vakkert som det gamle. Det same gjeld overflater som er glatta med maskinhøvel i staden for tradisjonelle handreiskapar til å lage blanke flater.

Å meistre bruken av øksa krev ein del øving. Hogga må ha ei viss tyngd for at flata skal bli som dei laga henne, dei som kunne det. Nølande hogging gjev eit anna resultat. Ei viss kraft i hogga trengst òg for å få fart i arbeidet. For at landet skal vere i stand til å ta vare på bygningsarven, må mange nok øve opp handelaget med øksa.

Utgangspunktet for tidlegare husbygging var stokkar med høvelege dimensjonar. Dei hogg etter kor tjukke stokkar dei hadde bruk for, gjerne slik at det vart igjen ein del vankant. Det gjev bygningen eit mildare inntrykk enn kvasse kantar. Truleg vart det meste av materialen emna til i rå tilstand, og så tørka før bruk. Mindre hus, særleg stavbygde, gjekk godt å setje opp rå. Småvaksne laftestokkar er enkle å hogge flate sider på, og så eventuelt høvle når stokken er tørr. Større dimensjonar kan få ein tur innom ei sag først, og så lage sidene slik dei skal vere. Ved restaurering av lafta hus må dei nye stokkane vere like tørre som dei gamle. Elles kan det bli glip når dei nye tørkar.

Laftestokk

Framgangsmåten med øks er å leggje tømmerstokken på to tverrstokkar og feste han med haldhakar eller bindhakar. Så lagar vi to loddrette strekar i kvar ende, med avstand etter kor tjukk den ferdige stokken skal bli. Mellom strekane kan vi slå ein strek langs stokken med ei kritsnor, eller strekkje ei tynn snor mellom ein spikar i kvar ende. Så er det å hogge langs snora eller streken – træ, skante, rye. Dersom veden som skulle vekk, var tjukk, hogg dei hakk inn frå sida. Då vart det lettare å sprengje ut det som var til overs. I dag er det eit alternativ å skjere nesten inn til streken med motorsag. Ikkje alle får flata ferdig i éin omgang. Resultatet kan bli best ved å ta det grøvste først og så avslutte med mindre kraft i hogga i neste omgang. Då er det å sjå på dei gamle stokkane korleis øksa har gått, nesten loddrett på stokken eller meir på langs. Her er det både regionale og lokale skilnader. Hoggemerka vil òg vise kor lang økseegga har vore, og om ho var rundaktig eller meir bein. Å kopiere i detalj er ikkje lett, men noko av preget på det gamle kan vi få med. Raskast og lettast går det når øksa er kvass.

Om materialen er skoren på sag, er det lettast å økse ny overflate når veden er rå. Yta vert då meir lik den originale. Tynne delar som sperrer, opplengjer og andre strangar er det neppe tid å spare med å ha dei på sag først. Det er nyttig å sjå seg om, på gamle hus i området, for å få eit inntrykk av korleis det var vanleg å emne til stokkane. Byggjeskikken er nettopp ein skikk; ein gjorde som hine gjorde. Grunnlaget for restaurering er å finne attende til skikken og innsikta dei bygde på før.

Å fjerne mykje yteved på store stokkar går lettare med ei litt tung øks – ei træbile med heller lang egg. Ho arbeider godt, sjølv når ho har fart. Til mindre kraftkrevjande oppgåver er det snauare med ei mindre øks. Det lettar arbeidet mykje, og gjev best resultat, så sant egga er kvass.

Når dei ville ha slettare flater enn øksa gav, var skjøve – også kalla pjål – ein reiskap som kunne skave eller skjere av heller tjukke fliser og late etter seg ei glatt, men ikkje jamn, yte. Egga er litt runda, slik at kvart drag lagar ei lett innhol flate med eit slags møne mellom. Skjøver finst i fleire utgåver og kjem til også om veden har sælder, dumpar, i overflata. Dei verkar på både rå og tørr ved.

Bord

Etter at dei fekk skorne bord utover på 1500-talet, kom høvelen etter kvart i meir allmenn bruk. Med høvel vert overflata som regel planare enn med skjøve. Ein variant – tvimenning – har to handtak på tvers, slik at éin kan dra og éin dytte. Med kvass tann er ein slik høvel rask i bruk. I dag er det vel ofte enklast å slette overflata først med ein roterande høvel. Så kan vi gjere overflata glattare og meir blank med ein skarp handhøvel. Denne operasjonen går raskare enn mange gjerne trur før dei har prøvd.

Gamle golv i hus for folk er oftast av utvalde bord, breie og stabile. Anten dei skar med handsag eller oppgangssag, var det gjennomgåande skur. Etterpå vart borda kanta langs avsmalninga, altså slik at dei er breiare i eine enden enn i hin. Når kantane er rette og borda fell i hop, vart det høvla nót og fjør, nót på begge sidene av det eine, og fjør på begge sidene av dei andre. På denne måten kunne ein felle borda saman slik at golvflata voks jamt bortover. Golvet låg på tunge bjelkar. Dei gjev litt – umerkande – etter når folk går eller dansar på dei. Skilnaden er likevel tydeleg frå eit golv på fast underlag. Det har ingen spenst. Å handhøvle nót og fjør med skarp reiskap er eit overkommeleg arbeid, og variasjonen i bordbreidda gjev golvet – og rommet – eit anna preg enn smalare og jambreie bord, slike som går gjennom dagens maskinhøvlar.

Til å fjerne bork og bast, og til å glatte overflata på ein rund stokk, er bandekniv ein nyttig reiskap. Dette er ein nesten bein kniv med eit handtak i kvar ende. Brukaren dreg han mot seg. Namnet kjem vel av at kniven vart brukt til å glatte tønneband med.

For dei fleste er det freistande å la ein motorisert reiskap ta ein del av det tidkrevjande arbeidet. Resultatet kan bli godt dersom valet av treslag, kvalitet og dimensjon høver med stokkane som treng vøling, og dersom overflatene har rett utsjånad når dei nye stykka er på plass.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«For at landet skal vere i stand til å ta vare på bygningsarven, må mange nok øve opp handelaget med øksa.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis