Ein god kopi kan vere svaret
Når spørsmålet er om dagane er talde for eit hus i forfall, må det generelle svaret bli svevande. Kan eigaren makte oppgåva huset stiller? Begge avgjer utfallet.
Mange vil kalle eit slikt hus falleferdig, andre eit funn. På ein lettare tilgjengeleg plass enn her, ei veglaus og fråflytta grend i Årdal, kunne huset få igjen sin gamle stas. Men det krev mykje arbeid.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Første oppgåva er å finne ut kor mykje av bygningen som faktisk er øydelagd. Mange kledningsbord kan vere det, men ikkje alle. Om ein del av taket er ròte, kan resten ofte vere med vidare. Éin lafta vegg kan ha store skadar, medan mesteparten av dei andre er gode nok. Bord eller anna som kan skjule skadar bak dei, må vekk. Når det er avdekt kor mykje skade ròte og insekt har gjort, er det grunnlag for å setje opp ei liste over ny material som trengst, av rette sorten, med dimensjonar og lengde på stykka. Dersom konklusjonen er at det som står att, manglar botevon, kan svaret vere å byggje ein kopi av det som var, på same måten som dei reiste det tapte huset.
Domen og domarane
Mange av dagens auge, trena av den skikken at slitasje og elde tilseier å kjøpe nytt, vil undervurdere sjansane til å løfte ein sjaber tilstand til noko godt. Dei som har faget sitt i moderne måtar å byggje på, med trematerial som knapt har andre kvalitetar enn dimensjonane, vil som regel vere raske med dødsdommen. Ofte lokkar dei med låge kostnader for hus i moderne konstruksjonar, men utan å nemne at då sit eigaren igjen med stadig veksande utgifter til vedlikehald.
Dei som ser verdiane i det gamle, og ikkje har handlingslammande hastverk, kan få perler ut av rotne stokkar. Vi kan likevel ikkje underslå at å berge eit hus i dårleg forfatning, krev innsats. Ein som kan gjere mykje sjølv, slepp billegare frå det økonomisk. Dersom alternativet er eit nytt hus eller hytte, gjev dagens prisar stort rom for å vøle det gamle.
Stavbygde hus
Dei enklaste å få skikk på, er stavbygde hus. Dei har loddrette stykke som berande delar under langsgåande stokkar som held taket oppe. Konstruksjonane varierer med plasseringa i landet og med alderen. Det første ein må gjere, er å få tak i logikken i oppbygginga. Om huset har sige fordi underlaget har svikta, eller fordi stavane har rotna nede, er slike bygningar lette å jekke opp i sin opphavlege posisjon. Då er mønet og ufsene parallelle, nokolunde beine og til vanleg vassrette. Nedover får stavane gå så langt det høver med underlaget. Om dei har rotna nede, er tiltaket å skøyte inn ny ved, eller legge under korte stabbar. Om skadane er oppe, er også nye stykke det som skal til. Dersom taket ligg på, kan dette vere vanskelegare, i alle fall på større hus.
Lafta hus
Lafta hus er meir kravstore. Dei er bygde nedanfrå og opp, ved å tilpasse nye stokkar til dei som ligg under. I ølstover – rom som skal vere varme – må veggane vere tette og materialen nokolunde frisk. Ein roten stokk i botnen av veggen lèt seg fjerne ved at ein løftar huset, kopierer stokken og legg den nye på plass. Kjem skadane av lekkasje, er det mest dei øvste stokkane som har smuldra opp. Dei lèt seg skifte, spunse eller skøyte når taket er av. Om no eit lafta hus er dårleg heilt frå grunnen, er det enklast å merke delane, ta det ned og setje stokkane i stand etter kvart oppover. I alle fall i nedbørrike strok bør det då stå under eit provisorisk tak, eller stokkane vert flytta til ein hall som er stor nok til å byggje huset opp att i. Arbeidet går raskare då, og bygningen vert ikkje skjemd av væte. Slikt arbeid er det nok best, for dei som ikkje er øvde, å leige kunnige snikkarar til.
Flikking
Å flikke her og der med småbitar på ståande veggar gjev sjeldan resultat som fortener arbeidet. Men no og då kjem spørsmålet: Når er skaden så stor at det knapt har meining å restaurere? Er det kanskje betre å byggje ein kopi? Kopiar vert aldri som originalen, men på ei gammal tuft og i lag med andre, tradisjonelle hus er ein god kopi eit betre alternativ enn å byggje eit nytt hus med dagens material og teknikk. Også gamle hus var nye ein gong.
Kva vi skal gjere med skadde byggverk, har akademikarar i den antikvariske bransjen diskutert i snart 200 år, ofte med kraftfull innleving og intense ord. Debatten er ikkje over, og svara i konkrete saker går stadig i mange retningar. Men nokre haldepunkt har brei oppslutning. Alderen er ein kvalitet å ta omsyn til. Det bør vere strengare krav til varsam restaurering av ein bygning frå mellomalderen enn ein frå 1900-talet. Når det er få igjen av éin type hus, er det viktigare å ta vare på mest mogeleg av det opphavlege enn om det finst mange andre som kanskje er i betre stand. Rett material er alltid viktig. Folk flest set pris på det som er ekte og skikkeleg gjort, og den historiske dimensjonen. Det er ikkje svermeri, det er slik mange menneske har det. Det verkar som interessa for eldre og ekte hus er aukande.
Ein tommelregel
Litteraturen om ulike verdiar ved eldre bygningar verkar sikkert for mange noko abstrakt. Der er sjeldan ei tydeleg rettesnor å finne for den som står klar med øksa. Ein tommelregel er at dersom halve bygningskroppen eller meir er mogeleg å berge, kan vi kalle det restaurering. Om berre nokre stokkar framleis er brukande, kan ein kopi vere løysinga, med dei intakte stokkane på plass der dei høyrer til. Dei fører vidare ei minning om at huset har ei historie, og dei gjer det nye rikare.
Kopien bør vere så ekte som det er råd å få til, med same slags material – treslag, dimensjonar og kvalitet – og den same byggjemåten som dei brukte, dei som reiste originalen. Og ikkje berre i sjølve bygningskroppen. Vindauge, dører, hengsler og andre detaljar tek seg best ut om dei vert som dei var. Slendrian endar lett i misnøye etterpå. Eldre hus var bygde som ein heilskap, etter skikken. Avvikande påfunn gjer bygningen mindre ekte, mindre sann.
Ein falsk tone
Dersom konklusjonen er eit nytt hus på staden der det gamle stod, dukkar dette spørsmålet opp: Står det gamle i ei setergrend eller eit anna, tradisjonelt bygningsmiljø? Når det i slike tilfelle dukkar opp ein ny bygning av vanleg kjøpematerial, har miljøet fått eit mentalt støyande element, ein falsk tone. Her og der kan vi finne forsøk på å etterlikne litt av det gamle, men forstyrra av lettvinte snarvegar og utan å få det heilt til. Ei samling hus held seg mest tiltalande dersom vedlikehaldet er nøkternt og med slik material som er der frå før. Den folkelege tradisjonen var å byggje for varig nytte, sjeldan for å skilje seg ut.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Der er sjeldan ei tydeleg rettesnor å finne for den som står klar med øksa.»
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»