Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ringar i vatn

SISTE DEL: Dette er historia om Pøbel, Svein Harald Holmen, Vardø og Teriberka. Eg ser dei alle saman føre meg i ein liten lekk båt, fulle av pågangsmot.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Bertine Tønseth

Foto: Bertine Tønseth

18513
20171013
18513
20171013

Ein skulle ikkje tru det var noko særleg. Fem eldre damer, med verdige andlet og blomstrete blusar, har troppa opp i lavvoen som står midt i Teriberka. Men for Svein Harald Holmen og prosjektet New Chapter er dette eit avgjerande gjennombrot. Bestemødrene og enkene har autoritet, dei utgjer eit slags uformelt eldreråd og representerer Teriberkas moral og historie, heilt frå sovjettida. Dei kjenner alle og veit alt. At dei dukkar opp på uventa besøk her, er eit klart signal om aksept og tillit. Begge delar er hard valuta i Teriberka, eit samfunn som har sett mange lovnader og vonbrot. No er staden som ein kropp full av antistoff mot det som kjem frå utsida.

Holmen får nokre gode klemmar då damene reiser seg og går. Han er rørt. Dette er eit høgdepunkt, det ligg mange veker og månader med hardt arbeid bak desse klemmane.

Pøbel har gått glipp av heile besøket. Saman med to snikkarar har han vore ute og samla material i kondemnerte hus. Dei skal brukast til å innreie lastebilen og militærvogna som står utanfor lavvoen, og som skal bli mobilt bibliotek og dampbad for folk i Teriberka.

Seinare same dagen inviterer eg Holmen og Pøbel til strandhytta mi. Der er det utsikt som inn i eit måleri, der ramma er eit stort vindauge med utsyn mot Barentshavet og vestover i retning Vardø. Pøbel er blitt det etablerte kunstnarnamnet til ein ganske ung mann som snakkar det eg oppfattar som stavangerdialekt. (Han voks opp i Bergen og Stavanger-regionen.) Holmen er frå Vardø, og han er ein av få i Vardø som kan føre slekta tilbake fire hundre år i byen. Dette er høgst uvanleg. I Vardø har det alltid vore mykje utskifting av folk, på grunn av fiskeindustrien, med mykje sesongarbeid, sjøfolk og høg mobilitet generelt, som følgje av oppturar og nedturar i fiske eller fangst i ishavet.

Dei siste tiåra har trafikken mest berre gått éin veg: bort frå Vardø.

Eg må fortelje litt om Vardø. For i likskap med alle andre plassar er Vardø ein unik plass. Byen har ei historie som går tilbake til 1300-talet. For eit par generasjonar sidan var Vardø det største fiskeværet i Noreg. På slutten av 1960-talet budde det godt over fire tusen menneske i byen. Det er meir enn dobbelt så mange som i dag. Slikt er vanleg i USA, men ikkje i Noreg. Finst det noko anna norsk regionssentrum som har hatt ein kraftig nedgang i folketalet dei siste femti åra? Ikkje som eg veit. Dei fleste småbyar har hatt stor vekst, medan landsbygda rundt er blitt tømd for folk.

Etter norske forhold er Vardø uvanleg hardt råka av krise og fråflytting. Vardøværingane er blitt ekspertar på nedgang. Under slike forhold spreier det seg lett ein slags undergangsdeterminisme som forsterkar alt som er negativt. Folk blir tappa for framtid, dei vil ikkje byggje, investere, få born eller ta sats på nokon måte. Fienden er tilsynelatande tidsånda og sjølve utviklinga, og kven kan vinna mot dei? Mange gir opp og reiser, for det er visst det «dei med makt» ønsker. Og «ein har berre eitt liv», som folk gjerne seier med rette. Heimar og industrianlegg er blitt ståande og ramle saman, og dei set sitt tydelege stempel på staden. Psykologisk pessimisme blandar seg med fysisk forfall, og blir som ein skadeleg gass folk går og pustar inn mellom halvruinar. Sosiale problem som alltid kjem med arbeidsløyse og dårlege framtidsutsikter, dyttar i same negative retning, til alt blir ein korsong med refreng: «Her går det ikkje an å bu. Vi får kome oss sørover.»

I denne byen har Holmen dei siste åra starta over femti prosjekt under paraplyen til Varanger museum, som er arbeidsgivaren hans. Prosjekta går ut på å bevare Vardøs historiske bygningsmasse, det vere seg gamle forretningar eller anlegg til fiskeindustri. Han har hjelpt eigarar til å skrive søknader og orientere seg i et uoversiktleg landskap av støtteordningar. Vardø Restored har så mykje å vise til at det har vekt oppsikt nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet er blitt vigd stor plass i prestisjetunge magasin for arkitektur, og har vore på utstilling i Oslo, Moskva og andre stader. Holmen blir stadig invitert rundt for å halde foredrag om framgangsmåten.

Resultata er òg godt synlege i Vardø. Sist eg var der – det var i fjor – merka eg at stemninga kanskje hadde snudd. Fleire bygningar var pussa opp, merkeleg nok, tenkte eg då. Stemninga på Nordpolen kro var lysare enn sist.

No sit Holmen og Pøbel framføre meg. Eg spør kva det handlar om, berre for å kome i gang. Holmen hoppar rett til det som for han er kjernen:

– Det handlar ikkje om hus, men om folk. Om å finne opp forteljinga om Vardø-samfunnet på ein ny måte som gjer at vi enno kan vere der. For det er faktisk ingen feil med at Vardø eksisterer, eller at plassen har gjort det i nesten tusen år. Vi ligg midt i fiskefatet, seier Holmen.

Han ser det som galskap at Vardø, med historia og den geografiske plasseringa staden har, lengst mot øst og nord i Noreg, på ei øy ute i ishavet, skal vere ein slum utan framtid. Han nektar å tru på at dette skal vere historia som blir sirkulert. Ikkje at alt skal bli som før. Det er ikkje målet. Så la det bli noko nytt. Industritrålarar og rovdrift er ikkje redninga. Kvalitetsmat frå havet er redninga. Holmen trur på ei sunnare drift, med mindre lokale båtar, passive reiskapar og ei drift som gir ringverknader lokalt. Kanskje ingen blir milliardær eller mangemillionær, slik enkelte innan dagens fiske blir. Men det burde gå an å leve av fisk og fiskeprodukt på eit fornuftig vis, når ein har verdas rikaste ressursar rett utanfor døra. Kanskje går det an å få til noko der endå, om ein skyndar seg å snu utviklinga. Om ikkje blir Vardø som Teriberka, tenkjer Holmen.

Ein må også finne på nye ting. Eit døme Holmen sjølv elskar å trekkje fram, er Vardø-bedrifta Biotope. Vardø er ein magnet for fuglekikkarar, for mange polare artar har område som sitt nordvestlegaste trekkpunkt, medan andre har det som det nordaustlegaste. Om ein går rundt på Vardø-øya, finn ein fleire skjul for fuglekikkarar, integrerte i terrenget og med nyskapande arkitektur. Dei er laga av Biotope, som eksporterer slike vern for fuglekikkarar til mange verdsdelar.

Holmen var soldat i Telemark bataljon, og trudde han skulle bli i forsvaret resten av livet. Men etter fire periodar i Kosovo fekk han nok. Oppdraget var å hindre etnisk reinsing av kosovoalbanarar. I praksis deltok Nato-styrkane i etnisk reinsing av serbarar. Opplegget var pill ròte, slik Holmen såg det, og han ville ikkje lenger vere med. Dessutan hadde enkelte av dei norske kontingentane mannskap som ikkje heldt mål, moralsk eller disiplinært, for å løyse oppgåva dei blei sett til å løyse.

Holmen drog heim til Vardø i 2003. Han hadde vore borte i berre fem år, men kjende knapt plassen igjen. Han kom heim rett etter jul og blei møtt av ei folketom gate. Nokon hadde kasta ut eit dekorert juletre, og treet bles rundt i gata. Her var ting ikkje som dei skulle vere. Fleire hundre hadde flytta, og butikkar var stengde i hopetal.

Etter ei stund i Vardø rømde Holmen til det gamle fiskeværet Hamningberg. Han starta ein turistkafé og arrangerte filosofifestival. Han leidde eit prosjekt rundt kulturminne, men gjekk for fort fram. Dei lokale var ikkje med, og Holmen gjorde seg mektig upopulær ved å sette i gang eit prosjekt som ikkje var ønskt, fordi dei lokale mista kontroll og påverknad. Dei hadde brent seg på at folk kom utanfrå og berre køyrde på, ofte utan forståing for korleis ting fungerte lokalt.

Det var ei hard tid. Holmen blei sjuk og deprimert og søkte seg mot alternative åndelege univers, som sjamanisme. På eit slikt kurs møtte han ein dommar frå Oslo, som tipsa han om urfolk i Canada. Holmen reiste dit, til indianarane i Canada, utan å fortelje folk i Hamningberg om det. Han kom tilbake og begynte på nytt, med ei heilt anna tilnærming. Ved å endre på det meste fekk han sakte folk med seg.

På eiga tid hjelpte han folk med å reparere gamle hus. Han fekk sett opp ein lavvo midt i bygda, der folk kunne ha det fint og prate saman. Det var gratis servering, og motivet var å få fram den lokale kreativiteten og kunnskapen. Han søkte rundt og fann eit par mentorar.

– Eg gjorde mange feil. Men eg lærte. Ikkje minst at ein ikkje skal prakke prosjekt på folk, same kor velmeinte dei er. Ein må ha folk med seg, seier Holmen.

Ting begynte å falle på plass, og sakte utvikla Holmen tilnærminga han har i dag. Holmen enda opp i Varanger Museum i 2010; han skulle bygge opp ein forstudie til det store, pågåande prosjektet Vardø Restored, som altså dreier seg om vern av kulturminne med sikte på å skape ny aktivitet, ei ny forteljing, som gir inspirasjon og stoltheit i Vardø.

Holmen var på plass. Snart skulle han møte kompanjongen sin, Pøbel. Pøbel heldt til i Bergen i nokre år, der han gjekk på «ei dårleg filmskule», til han fekk nok og berre måtte kome seg bort. Ganske tilfeldig enda han opp i Kabelvåg og Lofoten. Her blei han verande i nokre år. Han blei interessert i lokalhistorie, fiskeri og fråflytting, og sette i gang kunstprosjektet Ghetto Spedalsk.

I likskap med andre gatekunstnarar lagar Pøbel store måleri med ulike typar teknikkar og sjablongar, og dei bruker spraymåling. Målet med Ghetto Spedalsk var å flytte den urbane gatekunsten ut i ingenmannsland. I Lofoten var det nok av tomme hus å måle på.

Då han i 2011 blei invitert av Nordnorsk Kunstsenter for å delta i eit lite prosjekt i Vardø, trudde han først det var uinteressant. Han visste ikkje eingong kor Vardø var på kartet. Men etter å ha lese seg opp syntest han Vardø verka som ein svært interessant plass. Her var det meir enn nok av husveggar som kunne brukast, og problema rundt fråflytting og forfall var større enn nokon annan stad i Noreg. Han reiste dit, og tok mange fotografi. Pøbel og Holmen fekk ein god tone med ein gong. No er dei veldig nære; den eine kan slutte setninga som den andre begynte på, og dei treng ikkje augekontakt for å vite kva den andre meiner.

Året etter kom Pøbel tilbake for å arrangere gatekunstfestivalen Komafest. Før dei sette i gang, var Holmen særs påpasseleg med å skaffe Pøbel lokal forankring. Han introduserte Pøbel for nesten heile byen, slik at folk skulle akseptere ideane hans og kjenne seg delaktige, og ikkje sette seg på bakbeina, kanskje av stoltheit eller fordi nokon kom utanfrå og prakka eit nytt prosjekt på dei. Folk blei med på laget. Pøbel er i dag halvvegs blitt vardøværing.

Komafest i 2012 gjort Vardø til eit slags senter for gatekunst i Noreg. 55 hus er pryda med kunst laga av kjende namn frå mange land.

Også neste år kom Pøbel tilbake. Han inviterte 150 vardøværingar til å stille ut eigen kunst i nedlagde butikklokale.

I Vardø er Pøbels målarstykke spesielt høgt akta. Biletet av ein knyttneve som held ein høtt, er ikkje berre å sjå på veggane i Vardø og Teriberka. Det er blitt eit symbol for det pågåande kystoppgjeret.

Kanskje den negative utviklinga er stansa, eller kraftig bremsa, i Vardø. Men det er enno nok å gjere. Så kvifor er dei her, lengst nord på Kola, i det gamle pomorfiskeværet Teriberka, der situasjonen endå verre enn i Vardø? Det budde fem tusen menneske i Teriberka i glansdagane for over femti år sidan. No er det berre eit par hundre igjen.

Det hadde seg slik at Pøbel blei invitert til Teriberka i 2015 for å presentere det dei hadde gjort i Vardø med Komafest. Han fall for staden, blei verande i fleire veker og fekk idear som han tok med seg til Holmen i Vardø. Holmen og Pøbel er ikkje akkurat dei som held kvarandre nede når dei set i gang med å lage planar. Prosjektet New Chapter byrja å ta form.

I fjor sommar drog Holmen og Pøbel til Teriberka i lag. Plassen minte Holmen om både Kosovo og Vardø.

– Vi held på med kulturminne, bygningsvern og slikt. Men vi gjer det for å snu ei ekstremt negativ utvikling. Kjernen i problema våre i Vardø er fiskeria, og at vi ikkje får bruke havet. Alt peiker tilbake på det. Då eg kom til Teriberka, skjønte eg raskt at dei hadde det same problemet her. Det er den same utviklinga som i Vardø, men her er ho endå meir synleg og konsentrert, fordi Russland er eit fattigare land. I Norge har vi betre velferd, og mykje som dekker over og dempar kjernen i utviklinga. Kokeplata står kanskje på ti her i Teriberka, og berre på to i Vardø. Men problemet er det same, og kanskje resultatet òg. Som når krabber blir kokte, merker folk ikkje kva som skjer før det er for seint. Retten til å fiske er tatt bort frå lokalbefolkninga, både i Teriberka og i Vardø. Han er privatisert og kan seljast og kjøpast på ein fri marknad, kanskje av investorar i Oslo eller Moskva, seier Holmen.

I desember i fjor kom dei tilbake til Teriberka for å gjere eit forprosjekt. No er både biblioteket og dampbadet ferdig bygde, og prosjektet skyt stadig nye knoppar. 12–13 lokale innbyggarar er involverte, pluss mange nordmenn. Somme – inkludert alle russarane – får betalt, mens fleire nordmenn arbeider gratis. Pøbel bruker kanskje eit årsverk på prosjektet, utan å få ei krone i løn.

Eg spør kvifor han gjer det.

– Fordi eg trur på prosjektet, svarer han, nesten som om han ikkje heilt skjøner spørsmålet.

– Eg trur vi kan lære mykje her, ting vi kan ta med tilbake til Vardø, seier Holmen.

Han har også ein langsiktig «baktanke» med prosjektet: Det handlar om å skaffe kontaktar, oppnå erfaring og lære om design for folk som ikkje har pengar. Holmen arbeider for at Arkitektøgskulane i Oslo og Trondheim (NTNU) skal etablere seg i Vardø, slik at studentar skal kunne vere der delar av studiet. Med mange unge kreative menneske på plass, trur Holmen dei kan få til store ting i Vardø – og kanskje i Teriberka.

Pøbel kom over ei gamal militærvogn under det første besøket sitt. Det gav han idear kopla til Vardø og Komafestivalen; det handlar om å vekke daude material tilbake til liv. Det er mange forgreiningar i prosjektet, med reiser og utveksling. Ein av snikkarane i Teriberka er i ferd med å sette opp ei pomorbu i Kiberg. Det blir òg laga film av prosjektet, regissert av Nima Taheri, som bur i Oslo. Rundt tjue russarar og nordmenn er involverte.

Den russiske kunst-/kuratorgruppa Fridaymilk frå Murmansk er ein sentral samarbeidspartnar, men det har oppstått gnissingar. Eg har møtt og snakka med russarane i Fridaymilk fleire gonger. Det er flinke og fine folk, men det er tydeleg at dei held avstand, også fysisk. Dei bur fem kilometer unna gamle Teriberka, og forsvinn ganske tidleg om kveldane, før livet i lavvoen er kome ordentleg i gang.

Holmen tar ein viss sjølvkritikk.

– Dei blei ikkje involverte godt nok i starten av prosessen. Men vi tenkjer også annleis. Dei kjem frå ein tradisjon der formalitetar har mykje å seie, for det er ein måte å sikre seg på. Vi kjem frå ein annan kultur, der ein oppnår tillit ved å vise kven ein er som menneske. Vi arbeider på ein for dei uvand måte, og eg kan skjøne at det er vanskeleg for dei å skjøne. Eg klandrar ikkje Fridaymilk for det, seier Holmen oppriktig.

Når eg seinare snakkar med Zhanna Gyzenko frå Fridaymilk, seier ho samarbeidsproblema ikkje kan forklarast med kulturforskjellar. Ho meiner prosjektet har endra seg mykje undervegs, at Pøbel og Holmen informerer for dårleg og ventar for lenge med å ta avgjerder. Praktiske feilgrep som lett kunne vore unngått, kostar Fridaymilk tid, seier ho.

Men for Pøbel og Holmen er manglande planlegging faktisk ein del av prosessen. Å dra ut på bygda for å be om hjelp av dei lokale er ein metode for å bli kjent med folk og få dei involvert.

Trass i for problema er Gyzenko også raus i omtalen av Holmen og Pøbel: «Dei er sterke og målbevisste og kjem nok til å oppnå det dei har bestemt seg for. Og dei skjønar at noko er feil når det er det, og då freistar dei å lytte. Og så seier dei at vi må vere meir direkte. Men vi russarar liker ikkje å buse ut med ting».

Problema dreier seg nok både om kulturforskjellar og profesjonell usemje rundt metodar.

For eigen del tenkjer eg at Pøbel og Holmen faktisk passar betre som russiske klisjear enn russarane gjer. Dei er litt som to romanfigurar frå gullalderen i russisk litteratur, med brennande auge og store idear som har tatt over livet deira, og som skal gjerast verkelege, koste kva det koste vil. Dei drikk vodka og pratar visjonært halve eller heile natta. Russarane sit og nippar til eit glas god vin, og går tidleg til sengs. Nordmennene er politisk engasjerte, mens russarane meir driv på med kulturarbeid, ikkje politikk. Dei vil breie ut ein forståing om at den russiske periferien har verdifulle kvalitetar, og at alt ikkje bør skje i sentrum. Dei tenkjer meir på økologi enn på politikk.

Vardø og Teriberka. Teriberka og Vardø. To fiskevær ved Barentshavets kalde kystar, der retten til å leve av havet, som innbyggarane alltid har levd av, er tatt bort. Rettane blir samla på stadig færre hender, og flytta sørover, ofte i strid med norske lover som seier at retten til å nytte denne naturressursen ikkje er eit spekulasjonsobjekt som kan privatiserast og seljast på ein marknad. Nærare bestemt seier deltakarlova at fiske er til for fiskarar, medan havressurslova seier at fisk er ein fellesnasjonal ressurs som høyrer til det norske folket. Pøbel, Holmen og mange andre langs kysten i nord protesterer mot at norske lover ikkje blir følgde. Folk i Teriberka kjenner seg makteslause. Dei kan ikkje endre systemet. Det kan heller ikkje folk i Vardø. Begge stadene har levd av fisk i tusen år.

Teriberka er eit slags forstørringsglas.

Eit mobilt bibliotek i ein stor lastebil av typen Ural og ei militærvogn som er innreidd som eit dampbad, skal stå på tundraen i Teriberka. Kva slags forskjell utgjer det? Éin ting veit eg: Det er mykje meir enn ingenting. Eg beundrar dei to mennene – for at dei bryr seg så mykje om noko som det er lettare berre å la vere i fred. Heldigvis finst det alltid nokon som får for seg at utvikling ikkje berre er noko som skjer.

Svein Harald Holmen og Pøbel ønsker å halde fram med New Chapter. Dei ønsker å få biblioteket og dampbadet permanent plassert der huset i den russiske storfilmen Leviatan, skildra i tidlegare i denne reportasjeserien, stod. Og dei håper å få ein avtale med Kulturhuset i Teriberka om drift og vedlikehald. Dei ønsker også å få bygd opp dei øydelagde trappene som går ned den stupbratte skråninga til elva.

Denne reportasjeserien er no slutt.

MORTEN A. STRØKSNES

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Pøbel og Holmen passar faktisk betre som russiske klisjear enn russarane gjer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis