Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Rating på Enga

Då Magnus Carlsen debuterte for Vålerenga denne veka, var det store spørsmålet om han framleis vil vera verdseinar under VM-kampen i november. Før siste runde dukka eit anna spørsmål uventa opp: Vinn Vålerenga Europacupen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carlsen gratulerer svenske Grandelius som har sikra lagsigeren for Vålerenga i 6. runde.

Foto: Niki Riga/eurochess2018.com

6734
20181019

Europacupen for klubblag, Khalkidiki, Hellas. 12.–18. oktober 2018

1. runde Vålerenga (utan Carlsen) – Echiquier Amaytois (Belgia) 4 O – 1 O

2. runde Vålerenga – Molodezjka (Russland) 4 O – 1 O

3. runde AVE Novy Bor (Tsjekkia) – Vålerenga 3 – 3

4. runde Vålerenga – DJK Aufwaerts Aachen (Tyskland) 5 – 1

5. runde Odlar Yurdu (Aserbajdsjan) – Vålerenga 2 O – 3 O

6. runde Vålerenga – Alkaloid (Makedonia) 3 O – 2 O

7. runde Mednyj Vsadnik (Russland) – Vålerenga ? – ?

Stillinga etter 6 av 7 rundar, 61 lag:

1. Vålerenga Sjakklubb 11 poeng

2. Obiettivo Risarcimento Padova 10

3. AVE Novy Bor 10

4. Mednyj Vsadnik 10

5. Molodezjka 10

6. Odlar Yurdu 9

7. Alkaloid 9

11. Nordstrand 8

32. SK 1911 (Oslo) 6

Verda var enklare då cubanaren Capablanca eller sovjetaren Botvinnik var verdsmeister. Under Capablanca før krigen hadde ein berre radioen, så kom Botvinnik og fjernsynet på 50- og 60-talet. Men det var éin verdsmeister – og i Noreg éin TV-kanal. Ingen spurde om NRK var den beste kanalen, eller om Botvinnik var den rette verdsmeisteren – heller ikkje då han tok ein tre år lang pause utan å spela eit einaste sjakkparti.

No er vi i måle- og konkurransesamfunnet. Med fleire TV-kanalar, sjåartal – og rating. Men ingen stader har ratinga vore så viktig som i sjakken. Der er ho nådelaust objektiv. Ratinga motiverer og demotiverer sjakkspelarar i milliontal. Ratinga får born til å byrja med konkurransesjakk og – eit par år seinare – til å slutta med konkurransesjakk. Ratingtalet er brutalt ærleg.

På topp i 2014

Spørsmålet er når kurva flatar ut. Når ein er 11 år gamal med 1100 i rating? Når ein er 13 år med 1300 i rating? Eller når ein er 23 år med 2889 i rating? Det siste var noteringa til Magnus Carlsen i 2014. Då var den ferske verdsmeisteren på sitt aller beste, aller mest dominerande. Vil han nokon gong koma på det same nivået?

Eg trur ikkje det. Konkurransen er hardare i 2018 enn i 2014. Carlsen spelar kan henda ikkje dårlegare, men han vinn færre parti, og dei andre kjem nærare nesten for kvart trekk. Situasjonen har uroa verdsmeisteren i eit halvt år. Då Carlsen vart nummer éin i 2011, var veteranen Vishy Anand verdsmeister, men nordmannen var den beste spelaren. Carlsen har difor sagt at rating er viktigare enn verdsmeistertittelen. Det er om ikkje lygn, så i alle høve heilt gale. Sjølvsagt er tittelen mykje viktigare. Alle skjønar kva det vil seia å vera verdsmeister.

Sju år

Rating er mykje meir komplisert. På nivået til Carlsen er eitt parti verdt 10 poeng. Det er skilnaden på tap og siger. Om Carlsen taper mot dei dårlegaste stormeistrane, misser han 8,9 ratingpoeng til stormeisteren og får partiet sitt i avisa. Om verdsmeisteren vinn partiet mot veslemeisteren, er det få som bryr seg, men Carlsen tener fattige 1,1 ratingpoeng. Matematikken til dr. Arpad Elo, den ungarsk-amerikanske fysikaren som fann opp systemet, fortel oss vidare at Carlsen misser 3,9 ratingpoeng med remis mot ein stormeister-pudding. Mot dei andre toppspelarane forsvinn berre nokre få desimalar for kvar remis.

I sju år har Carlsen vore nummer éin, og han har nok rett i at det er ein større prestasjon enn å vera verdsmeister. Å vinna eller forsvara ein VM-tittel er noko av det enklaste Carlsen kan gjera. Han har jo berre éin motstandar, så sjansane til siger er gode. Men det siste gjeld òg for utfordraren. For Fabiano Caruana er det enklare å slå Carlsen i ein VM-kamp enn det var å kvalifisera seg til VM ved å vinna kandidatturneringa med åtte verdsstjerner. Ifølgje den objektive ratinga – når eg skriv desse linene – er sjansane for siger til Caruana i VM-duellen 49 prosent.

Ratingkrise

Tre veker før VM er det ratingkrise. Det er nesten ikkje mogleg å skilja dei to beste spelarane i verda. Før europacupen for klubblag hadde Carlsen 2839 og Caruana 2832. I det fyrste partiet for Vålerenga vann Carlsen mot ein russisk stormeister på nest høgste nivå, den russiske landslagstrenaren Vladimir Potkin (2590). I det neste spela han remis med svart mot polakken Radoslaw Wojtaszek (2723), den tidlegare sekundanten til Anand. Så langt var alt vel, men i det tredje partiet kom det fyrste feilskjeret: remis med kvit mot den tysk-russiske tjueåringen Alexander Donchenko med berre 2588 i rating. Slikt kostar. Leiinga til Caruana var no nede på berre fire ratingpoeng, mindre enn innsatsen i eit einskilt parti.

Mot nummer 3 og 4

Jamvel om Carlsen ikkje imponerte for Vålerenga, var dei utanlandske lagkameratane i storform. Ein engelskmann, ein svenske, ein bosniar og ein russar sytte for at femterangerte Vålerenga kjempa heilt i teten. Dei tre norske stormeistrane Aryan Tari (19), Johan-Sebastian Christiansen (20) og Kjetil Aleksander Lie (37) er òg på laget, men av desse tre får berre Tari spela dei viktigaste kampane.

For Carlsen var spelet til lagkameratane ei stor oppmuntring. I femte runde (det fjerde partiet til Carlsen) fekk han svart mot verds­trearen Sjakhrijar Mamedjarov (2820) – perfekt trening til VM-kampen. Carlsen heldt partiet greitt til remis og miste berre 0,3 ratingpoeng. Men viktigare: Vålerenga slo det tredjerangerte laget frå Aserbajdsjan etter ein siger på femtebord ved bosniaren Borki Predojevic, som har spela for Osloklubben i mange år.

I nest siste runde møtte Vålerenga fyrsterangerte Alkaloid frå Makedonia. På fyrstebordet fekk Carlsen kvit mot kinesaren Ding Liren (2804), nummer fire i verda. Før partiet hadde kinesaren spela 92 parti på rad – for det meste mot verdseliten – utan tap. For Carlsen var dette eit perfekt høve til å syna litt musklar før VM-kampen. Han gjekk offensivt ut, men pressa for hardt og miste ein bonde. Stillinga var objektivt sett tapt for kvit. Carlsen risikerte å mista 5,3 ratingpoeng og den sju år samanhengande leiinga på verdsrankinga. Etter stor dramatikk berga Carlsen likevel remis og miste berre 0,3 poeng. Han er framleis 3,5 ratingpoeng føre Caruana.

Samstundes vann svensken Nils Grandelius for Vålerenga på tredjebordet og sikra sigeren 3,5–2,5. Før siste runde i går, torsdag ettermiddag, var Vålerenga overraskande i leiinga i sjakkens meisterliga. Eg veit ikkje kva som er viktigast for norsk sjakk og sjakkhistoria: nokre få ratingpoeng og ei stripe på sju år – eller ein tittel i Europacupen. Kor som er, har oppladinga til VM-kampen vore spanande nok.

Dag og Tid gjekk i trykken før siste runde var ferdig.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg veit ikkje kva som er viktigast for norsk sjakk og sjakk­historia: nokre få ratingpoeng og ei stripe på sju år –
eller ein tittel i Europacupen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis