«Kvar eg i verdi vankar»
Dødsbuet til Sophie Weyer omfatta ein viola da gamba – eit strykeinstrument med tverrband, truleg utvikla frå gitaren, her i eit maleri av hollandske Caspar Netscher (1639-84).
Det gjekk meir enn 200 år frå ho døydde til Elen Opdal Bernhoft (1637–1704) vart kreditert strofa «Jesus, styr du mine tanker» – i 1924-utgåva av Landstads salmebok. Så gjekk det berre om lag ti år før forfattarskapen vart tvilsam att. På ein bokauksjon i Oslo på 1930-talet dukka ein noko annleis versjon av strofa opp i ei bok og i ei handskrift frå kring 1700, signert ei anna presteenkje, Sophie Weyer, fødd Nobel.
ORD OG TANKAR
Framleis er salmehistorikarane usamde om kven av dei to 1600-talskvinnene som kan ha skrive strofa, men tungvektarar som hymnologen Paul Emil Rynning (1890–1951) og 1600-tals- og Dorothe Engelbretsdatter-eksperten Kristen Valkner (1903–1972) har halde ein knapp på Weyer. Her er hennar versjon:
Jesu styr min’ ord og tancher
Jesu lad mig lefve saa,
at hvor jeg i verden vancher
jeg dog salig blifve maa
ald den stund jeg aanden drager
dig til ære mig til gafn,
la saa døe naar dig behager
i det søde Jesu Nafn.
I eit av dei mest kjende og memorerte dikta i norsk litteratur har uttrykket «mine tanker» etterkvart fortrengd «min’ ord og tancher», ein skrivemåte tidstypisk for eit 1600-tal då poetane ofte sløyfa lette stavingar av omsyn til takta, men òg av di «ord og tancher» truleg speglar syndevedkjenningas «tankar, ord og gjerningar», ei viktig formulering då einevaldsstaten frå 1660 fremja streng luthersk ortodoksi.
Mindre tidstypisk er den personlege tonen. Dåtidas salmar hadde gjerne den kollektive kyrkjelyden som avsendar, fyrste person fleirtal, salmens namngjetne vi. «Vår (ikkje min) Gud, han er så fast ei borg,» slik Elias Blix omset Luther. Kyrkjelyden syng om (ikkje til) Gud, gjerne med ein treffande metafor. Etter eit slikt mønster kunne fyrstelina i «Jesus, styr du mine tanker» ha vore «Vår Gud, han vil styre våre tanker / slik hyrden styrer hjorden».
INDERLEG
Men nei, i denne salmen er grunnstrukturen snudd heilt på hovudet, både når det kjem til avsendar og mottakar. Dette er ikkje ein salme som snakkar om Gud, men til Jesus. Og kven er avsendaren? Salmens vi er vekk. Fyrstelina handlar ikkje om «våre tanker». Det er ein eg-salme. I teksten er du åleine. Her er det ikkje kyrkjelyden som sit og syng til seg sjølv om kor einsamt Jesus hadde det i Getsemane den natta. Her er det du som kommuniserar direkte med han. Du sit ikkje saman med dei andre og syng. Du ligg åleine og snakkar med einkvan.
Men den inderlege tonen kom frå ein stad. I siste halvdel av 1600-talet hadde han vorte nytta av Thomas Kingo i form av sukk, hjartesukk og kveldssukk. Eit døme er kveldsbøna «2det Aften-Suk»:
Ha takk, o Gud, for denne dag,
for sunnhet, glede, fred og mag.
Takk også når ditt rise-snert
vil kviste meg, det er meg kjært!
Inderleg, ja – kan henda i inderlegaste laget. Ein kan i grunnen skjøna at norske born i nokre hundreår heller lulla seg i svevn med «Jesus, styr du mine tanker» enn med den kjære, kvistande «rise-snerten» til Kingo.
VELSTÅANDE
Ho som signerte den eldste kjende versjonen av strofa, danske Sophie Nobel, var fødd og vaksen opp i København. Då ho gifta seg i Vor Frelsers kyrkje i heimbyen i 1693, var ho 30 år gamal. Kan henda hadde ho nytta tida til å pleia mora som døydde det same året, og som lét etter seg ein arv til dottera. Nobel kom frå ein velståande familie, i likskap med 29 år gamle Birgitte Balslev, som året etter gifta seg i Odense med den 60 år gamle poeten og biskopen Thomas Kingo.
At Nobels jamaldra brudgom, Anders Weyer frå Gjerpen ved Skien, var gifteklar, kom av at københavnarstudenten hadde fått sitt fyrste kall, som kapellan i kyrkjesoknet Holt i Aust-Agder, dit paret flytta det året dei gifta seg. Om han er det skrive at han var den fyrste presten i distriktet som byrja å gå med parykk.
Til Noreg flytta òg den eldre bror til Sophie, Hans Nobel (1657–1732), som i fire ekteskap gifta seg til store eigedomar og vart ein rik godseigar og amtmann i noverande Møre og Romsdal fylke. Då kong Frederik 4. trengte pengar etter kostbare krigar, fekk han ansvar for salet av dei norske kyrkjene.
Sophie Weyer vart buande i Noreg livet ut, i 40 år, til ho døydde i 1734. Ho etterlet seg ein heil del verdigjenstandar, mellom anna ein viola da gamba og ei boksamling, men ingen andre av tekstane hennar er kjende.
Men om fleire av salmehistorikarane har meint at Sophie Weyers er forfattaren, er det inga grunn til å gløyma Elen Opdal Bernhoft som me skreiv om for to veker sidan. For kven var ho? Det veit me diverre altfor lite om. Ikkje mange kvinner som levde i Noreg på 1600-talet, vart på 1700-talet vigde eigne artiklar i både danske og tyske leksikon. I eit historisk allkunneverk som vart gjeve ut i München i 1761 er ho omtalt som «ei lærd, dansk kvinne» som «har skrive fleire lærde avhandlingar».
ÅTTEVERSINGEN
I 1906 vart strofa attdikta til nynorsk av Bernt Støylen, den fyrste nynorskbiskopen, av mange rekna som den fremste omsetjaren av salmar til nynorsk.
Jesus, styr du mine tankar,
Jesus, leid meg med di hand,
So kvar eg i verdi vankar,
Eit Guds barn eg vera kann!
So kvar stund du vil meg giva,
Eg kann kvila i din famn!
Lat meg Gud til æra liva,
Og so døy i Jesu namn!
Salmen vert sunge til fleire melodiar, men mest nytta er ein tone frå 1704 av den tyske teologen, komponisten og salmebokutgjevaren Johann Anastasius Freylingshausen (1670–1739). Mozart og Haydn har skrive melodiar til nøyaktig same strofeforma. Mest kjend er nok Beethovens tone til Friedrich Schillers «Ode til gleda», den såkalla EU- eller Europahymna.
Her heime har Ivar Aasen – i dikt som «Von og Minne», «Elskhugs-Kvæde», «Sveinkallvise» og «Gamle Voner» – dyrka strofeforma. I dei nemnde dikta er takta og rimmønsteret, og talet på liner og stavingar, heilt identisk med «Jesus, styr du mine tankar». Han hadde vel nytta salmen som kveldsbøn som gut.
Ein kjem ikkje bort frå at strofa i seg sjølv har vore tankestyrande. I fleire hundreår, fram til dagen i dag, har ho vore dei siste medvetne orda og tonane til dei mange små og store som har nytta salmen det siste stykket på vegen inn i svevnen.
Håvard Rem
Håvard Rem er forfattar, poet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Norske born lulla seg heller i svevn med «Jesus, styr du mine tanker» enn med den kjære, kvistande «rise-snerten» til Kingo.
Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.