JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Nettside - Frå medisin til funksjon

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit idrettslag på veg til Stoke Mandeville Games i 1969.

Foto: Wikimedia Commons

1762
20220805

Sport før og no

1762
20220805

Sport før og no

På idrettshøgskulen hadde eg praksis på Beitostølen Helsesportsenter. Her trefte me menneske med ulike funksjonshemmingar. Nokre sumde for fyrste gong, nokre vart hekta på boccia, mens andre konkurrerte på toppnivå i paraidrett.

Blant dei sistnemnde var ein nesten blind skiløpar som gjekk frå rettleiarane. Spora var djupe, ho kjende løypene og trong ikkje nokon til å kauke høgre og venstre. Ho mista synet gradvis og konkurrerte i klasse B1, klassa for heilt blinde. I denne klassa må alle ha teip utanpå brillene, slik at ingen får eventuelle synsfordelar.

Meir urettferdig kan det verke i dei andre konkurransane. For korleis kan det vere rettferdig at ein utan fot sym om kapp med ein utan arm? Korleis måler ein eigentleg funksjonsevne?

Klassifisering av parautøvarar starta i samband med Stoke Mandeville Games i 1948. Deltakarane var ryggmergskadde soldatar. For å gjere leikane rettferdige hyrte dei inn legar til å måle muskelstyrke og rørsleutslag for å fastsetje deltakarklassane.

Seinare vart det utvikla klassar etter diagnose, og utøvarar med cerebral parese skulle til dømes differensierast ut frå grad av spastisitet i armar og føter. Dette førte til altfor mange klassar med få utøvarar, og i OL i Seoul i 1988 vart det delt ut 35 gullmedaljar berre i 100 meter fri symjing.

Erfaring viste at medisinske undersøkingar ikkje var nok. Utøvarane måtte målast ut frå funksjonalitet i eigen idrett. Framleis gjer ein testar av utøvaren, men ein legg meir vekt på observasjon, i konkurranse og på trening. Klassifisørar med relevant yrkesbakgrunn avgjer til slutt kva klasse utøvaren høyrer til. Metoden er internasjonal og sikrar rettferd også på tvers av landegrensene.

Maren Bø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis