Ein forskar kryssar sitt spor
Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?
Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».
Foto: Helge Øgrim
Thomas Hylland Eriksen
Professor på Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo
Forska blant anna på globalisering, etnisitet og nasjonalisme
Boka Det umistelige – fra global ensretting til et nytt mangfold kom ut i år

Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)
I sommar og i haust hadde Dag og Tid fleire lengre samtalar med Thomas Hylland Eriksen om hans liv og virke. Målet med intervjua var å sjå tilbake på den langvarige og sentrale rolla han har hatt i den norske samfunnsdebatten.
Vi visste at han var alvorleg sjuk, men trudde ikkje at han skulle gå bort så raskt. Med tapet av Thomas Hylland Eriksen har Noreg mista ein av sine store intellektuelle og eit varmt medmenneske.
redaksjonen@dagogtid.no
Thomas Hylland Eriksen er kjend for å provosere, som i dette sitatet frå boka Kulturterrorismen (1993): «Et nasjonalspråk? Det er en dialekt med en hær i ryggen og en skokk ha-stemte patrioter som synger det nasjonale språkets høye pris.»
Sosialantropologen har delteke i samfunnsdebatten sidan han var 15, men blei kjend for verkeleg mange då han i førre tiår uttala seg om innvandring og nasjonalisme. Han framheva at vi må respektere islam og konservative muslimar, noko som gjorde han til skyteskive for delar av høgresida og hatobjekt for ekstremistar. No er det på tide å finne ut kva han står ved.
– I boka Det nye fiendebildet frå 1995 skreiv du at liberale røyster kan skyve dei truande i konservativ retning?
– Ja, det er heilt klart.
– Burde Walid al-Kubaisi, Shabana Rehman og Asle Toje ha lagt band på seg? Salman Rushdie provoserte mange, men han tvinga vel samstundes muslimar til å tenkje over mange viktige spørsmål?
– Av og til er konflikt naudsynt. Om du viser at du respekterer ein person, kan du gå ganske langt i kritikk av haldningane hans.
Sjølv har han i fleire år lege lågt i terrenget rundt tema som fleirkultur og innvandring for ikkje å «gjere høgresida endå sintare».
– Paranoia og det å vere hårsår og mistenksam er blitt styrkt. Det er dumt. Det gjer at vi ikkje får diskusjon om viktige spørsmål.
Oppvekst
Han er blitt 62 år og som dei fleste klokare med alderen. Den alvorlege kreften som har plaga Eriksen i åtte år, gjer han langsamare i steget og raskare sliten. Samstundes verkar han nesten lett til fots; det er kanskje kroppens eigen hugs som kjem til syne.
Vi møter han i typehuset på Berg, eit steinkast unna Ullevål hageby i Oslo. Huset er lyst og hagen avlang. Familien har meir prydplen enn det høver seg for ein økologisk medviten forskar, han er skamfullt samd.
Faren kom frå fattige kår i Tromsø og mora frå borgarlege omstende på Røa i Oslo. Dei møttest på det gamle Journalistakademiet i Oslo, forløparen til dagens mange medieutdanningar landet rundt.
Sjølv har han delvis vakse opp i Kenya, der faren nokre år var tilsett av Unesco for å etablere lokalaviser. Ungdomsåra budde han med familien på Nøtterøy før han reiste til Oslo som student. Først eit år på sosiologi, så på sosialantropologi med fleire studieopphald ute.
Eriksen fekk sine første tekstar publiserte i Gateavisa medan han gjekk på gymnaset og rauk heilhjarta inn i miljøet då han kom til hovudstaden. Anarkisten blei medlem av redaksjonen alt i 1981 og sat der heile tiåret.
– Vi hadde høgreanarkistane som var California-orienterte og for kapitalisme. Og venstreanarkistane som gjekk for kollektive løysingar.
Sjølv har professoren tydelege sympatiar for begge, ein mellomposisjon som ein finn att i mykje han har sagt og skrive.
– Du var i eit miljø der det blei røykt mykje hasj?
– Ja, det var ein del av det. Eg gjorde nokre freistnader, men kom aldri heilt inn i det.
– Det seier dei alle: «I didn’t inhale»?
– Det hadde ikkje vore noko å skamme seg over. Men koffein, nikotin og alkohol har alltid vore mine stimuli.
Han drakk gjerne maltwhisky og konjakk, ein smak som kanskje avslører preferansar på sida av det mest folkelege, men sjukdomen gjorde noko med sanseapparatet hans. Dei seinare åra eksperimenterte han heller fram juicebaserte cocktailar supplerte med mørke variantar av kaffilikør og kvit rom.
Eriksens musikarhjarte banka aller sterkast for sjangeren progrock. Mot slutten av livet bytte han saksofonen med ein klarinett.
Foto: Helge Øgrim
Dekonstruering
I 2012 oppstod det ein heftig strid då han føreslo å dekonstruere majoriteten. Eriksen nytta omgrepsparet først i eit intervju om det tverrfaglege forskingsprogrammet Culum som han gav til internsidene ved Universitetet i Oslo i 2008.
Samstundes hadde debatten om fleirkultur og innvandring hardna, og Eriksen blei utsett for skarp kritikk. Motstandarane meinte han ville oppløyse alt det norske.
– Det fall ikkje særleg godt ut, for det blei mistydd. Eg snakka om kva vi skulle gjere i akademia, ikkje ute i verda. Vi skulle ikkje gå ut og dekonstruere folk, men oppdatere kartet slik at vi ikkje hadde ei førestilling om eit fiktivt Noreg på 1950-talet der alt var fryd og gaman og alle var like, og Gerhardsen.
I eit intervju i Bergens Tidende forklarte han omgrepsbruken med trongen til å undersøkje mangfaldet i den norske majoritetsbefolkninga.
Eriksen illustrerer med skjema vi ofte må fylle ut for å rapportere eige kjønn: mann, kvinne, føretrekkjer ikkje å svare.
– Då er dei med på å dekonstruere majoriteten. Eller når folk seier at «vi i denne bygda er så ulike dykk i Oslo at vi ikkje skjønar kvarandre».
– Eg ser jo korleis det blei feiltolka. Det var ikkje moro for meg og ei avsporing av debatten. Så eg tek sjølvkritikk. Etter mykje mas fekk eg journalisten til å fjerne formuleringa frå intervjuet, men då var ho alt gått viralt.
Historia blir stadfesta av Lorenz Khazaleh, som intervjua fleire Culcom-forskarar på nettsida til prosjektet i 2008. Samtalen hans med prosjektleiaren og mange av dei andre tekstane forsvann då Culcom blei avvikla to år seinare.
Den kontroversielle utsegna – som altså blei redigert bort – lydde i heilskap: «Den viktigste hvite flekken består nå i å dekonstruere majoriteten og gjøre det grundig slik at den aldri kan kalles majoritet lenger, å følge opp noe av Marianne Gullestads forskning i begynnelsen av dette århundret. Noe slikt vil kunne bidra både til forståelse og frigjøring. Og å se det globale i det lokale, at vi en gang for alle virkelig lærer oss at samfunnsvitenskapelige analyser ikke må ta nasjonalstaten som apriorisk utgangspunkt, men at forbindelser og mobilitet er like vesentlig som integrasjon og samfunn.»
– Minervas redaktør Nils August Andresen støtta tanken om å dekonstruere majoriteten, men følgde deg ikkje i andre ledd av utsegna – «så den aldri kan kalle seg majoritet lenger». Han spurde om du eigentleg meinte det?
– Eg må ta sjølvkritikk på den delen òg. Du veit, ein skal pønke seg litt til og vil gjerne at prosjektet får merksemd.
Eriksen er samd med Andresen i at om nokon ønskjer å ha «trygg tilhøyrsle» i ein rotfesta norsk-etnisk identitet som kan førast langt tilbake, er dei i sin fulle rett.
– Asle Toje var meir forarga. Han skulda deg for å gå frå utsegnene og synte til at du framleis nytta den «egenkomponerte og nedsettende betegnelsen ’norskinger’»?
– Det var ikkje eg som fann opp det ordet, det gjorde forfattaren Georg Johannesen (1931–2005). Han likte ikkje nasjonalisme. Eg likar ordet norskingar, det er kjønnsnøytralt og skapar eit nyttig skilje til nordmenn. Dei siste kan vere statsborgarar med foreldre fødde i Somalia. Norskingane er etnisk norske og meiner at vi stammar frå vikingar.
Eg ser jo at ordet ikkje har slått an. Det har ein ironisk snert, og nordmenn likar ikkje å bli ironiserte over som nasjon.
– Dekonstruere blei forstått som «avskaffe»?
– Det er noko i det, intellektuelt. Å frigjere oss frå den tvangstrøya det er å høyre til ei namngjeven gruppe med tydelege grenser fylte av semje.
Eriksen seier han slutta å lese Toje for ti år sidan.
– Kvar han er no, veit eg ikkje. Det gjekk litt på autopilot, og han brukte døme som var 15–20 år gamle. Når han seier ‘etnisk norsk’, tyder det for meg eigentleg ‘den kvite rasen’. Når han seier det er få etnisk norske att på austkanten, meiner han kvite. Men det kan du ikkje seie høgt.
– Meiner du han argumenterer rasistisk?
– Nei, berre at han nyttar ‘etnisk’ som synonym for hudfarge. Det handlar mykje om korleis folk ser ut, og kva religion dei har.
Norsk(ing)
Sosialantropologen er tillagd ei gamal utsegn om at han har meir til felles med ein indisk ingeniør enn med ein norsk bonde eller fiskar. Han avviser ikkje utsegna, sjølv om ho kanskje ikkje er gjeven att heilt presist. Eriksen står likevel ved sjølvmeldinga.
– Eg godtek ho. Sånn tenkjer ein jo på litt ulike måtar gjennom livet når ein føler avstand til kulturen i heimlandet. Eg reiste på feltarbeid og kom til stader der eg ikkje kjende nokon. Så møter ein nokon ein har mykje til felles med. Som min gamle kompis på Trinidad, Kim Johnson. Han var oppteken av Keith Jarrett og Led Zeppelin og var lei seg for at Bob Marley døydde altfor tidleg.
– Nokre tok det som ein proklamasjon: «Jaså, han synest ikkje han er ein av oss?»
– Eg har brukt heile livet på å skjøne tydinga av ordet «vi». Men eg er ikkje i mål. Det kan vere vi som likar progrock, er grøne og litt til venstre. Og det kan vere «vi nordmenn». Kanskje er det «vi nordmenn» litt for ofte. Sånne spørsmål må det vere greitt å stille.
Eg blir litt usikker på om det er den motkulturelle eller akademikaren eg snakkar med.
– Kan du mange vers av «Norge i rødt, hvitt og blått»?
Han ler.
– Nei, eg har aldri orientert meg der. Gateavisa var eit pustehòl. Men høna eller egget, blei eg sånn av å kome dit, eller var eg sånn alt?
Eriksen meiner desse «fridomsimpulsane» stakk djupt i han tidleg, medan dette med det fleirkulturelle kom mykje seinare. Han knyter det til valfridom.
– Du spurde om eg har skifta syn. Eg vil seie at eg i ungdomen undervurderte kva eit nasjonalt fellesskap inneber. Ein lærdom frå Culcom-prosjektet var det sosiologar kallar samanbindingskraft. Men kva er det når vi ikkje lenger stammar frå vikingar?
Han peikar på at 16 prosent av folkesetnaden blir rekna som innvandrarar og lanserer menneskerettar, rettsstat og valfridomen til individet som verdiar med slik kraft.
– Det er vel ikkje særskilt norsk? Då er jo nordmenn, irar og mange andre same nasjon?
Så viser Eriksen til språket, det han altså i 1993 kalla ein dialekt med ein hær i ryggen. Igjen står han for ungdomssynda, sjølv om han her òg ville formulert seg annleis i dag. At riksspråka er eit politisk produkt, er elles eit syn han deler med svært mange nasjonalismeforskarar.
– Sidan mange, kanskje urettvist, har trudd at du har lite sans for nasjonen som idé, er det noko som rører deg kjenslemessig i patriotisk retning?
– Hm, eg trur eg er litt miljøskadd av å ha arbeidd så lenge som antropolog. Eg blir av og til litt stolt av Noreg når vi får til noko. Men rørt? Eg klarer ikkje å mobilisere noko når vi får gull i OL, eg har det ikkje i meg.
Han nemner òg utanriksminister Espen Barth Eide som ein landsmann å vere stolt av.
Israel
– Sidan du nemner utanriksministeren. Blant norske jødar er ikkje sansen for han like stor. Skjønar du misnøya?
– Ja, dei er mellom borken og veden.
Eriksen understrekar fleire gonger at konflikten ikkje er hans fagfelt, og at andre skjønar han betre.
– Eg skjønar godt at situasjonen er vanskeleg å halde ut for jødar i Europa og USA. Om ei anna israelsk regjering ville klart å svare på terroren på ein betre måte, er òg eit komplisert spørsmål. Men å skulde folk som er motstandarar av massakrar på born for antisemittisme, er usmakeleg.
– Kven tenkjer du på i Noreg som argumenterer på den måten?
– Det veit eg ikkje. Eg les ikkje så mange norske aviser, men følgjer med på USA og Storbritannia. Der skriv ein om Israel på andre måtar enn ein skriv om andre land. Det har jo med historiske tilhøve å gjere.
– Ein lesar kunne tru at du har norske aktørar i tankane, la oss seie Ervin Kohn. Det har du altså ikkje. Men meiner du slike skuldingar er vanlege eller sjeldne i Noreg?
– Det veit eg ikkje noko om.
– Tenkjer du at det finst antisemittisme blant dei som gjev Israel nesten all skuld for konflikten i Midtausten?
– Det er eit vanskeleg spørsmål. Og ikkje mitt felt, så det kan eg heller ikkje seie noko om.
Eg skyt inn at eg dagen før møtte ein gamal kjenning, ein liberal og tenksam mann. Vi kom inn på Midtausten, og han uttrykte sinne over den massive bombinga av Gaza. Då vi skildest, var det med eit usagt spørsmål om kvifor han ikkje med eitt ord nemnde ugjerningane til Hamas, og om ein kunne diskutert bombinga av Dresden som britane utførte, utan å referere til samanhengen under verdskrigen.
– Den typen einsidig tilnærming bidreg ikkje akkurat til auka forståing. Den diplomatiske tonen er kanskje ein illustrasjon på korleis den borgarlege opprøraren har endra seg med åra, seier han.
Eriksen fortel at den europeiske antropologforeininga (EASA), der han sat i leiinga frå 2015 til 2019, tidlegare i år publiserte ei fråsegn som tok kraftig avstand frå Israels overgrep og kalla det eit folkemord utan å nemne Hamas. Ei gruppe jødiske og ikkje-jødiske seniorantropologar, han sjølv blant dei, samla seg om eit krast svar og ymta om at dei ville melde seg ut. I Barcelona i sommar justerte organisasjonen sin eigen posisjon.
– Det trur eg sat langt inne. Det oppstår trongsyn og fanatisme der vi intellektuelle må kome inn med balanse. Når eg høyrer slagordet «From the river to the sea», går det kaldt nedover ryggen på meg. Eg lurer på om dei skjønar kva dei ropar. I mi naive verd burde ein ha éin stat og sende inn ein halv million FN-soldatar for å sikre rettferdige val med forbod mot etniske parti.
Han kallar sjølv tanken ein utopi som aldri lèt seg realisere.
– Opinionsmålingar viser vel at mange muslimske palestinarar ser ein tostatsavtale som første steg mot å kaste jødane ut?
– Under Arafat, som var sekulær, såg det på 1990-talet ut som det var mogleg å forhandle. Men når det er islamistar, så stoppar det. Etter 11. september, kvar skulle du starte å snakke med Osama bin Laden? Dei lever i ein annan røyndom enn vår. Samstundes blir situasjonen til palestinarane stadig meir uhaldbar i takt med at dei ser sitt eige land krympe. Og med høgredreiinga i israelsk politikk vil det uansett vere vanskeleg å forhandle. Palestinarane ropar til eit verdssamfunn som har skrudd av høyreapparatet.
Asylretten
Høgresida og nasjonalistar har kanskje noko av skulda for at den norske debatten om innvandring har blitt vanskeleg, og venstresida noko av skulda for å gje dei sjansen ved å framstille Noreg på eit vis dei færraste kjenner att. Slik tolkar eg Eriksen.
Striden blei forsterka i 2015 då millionar flykta frå krigen i Syria, mange søkte seg til Europa, og asylinstituttet frå 1951 blei sett under kraftigare press. Både Sylo Taraku og UDI-direktør Frode Forfang har uttala at asylpliktene ikkje lenger er berekraftige.
– Kva har du tenkt om dette?
– Eg har tenkt, men ikkje så mykje som dei. Sylo er jo statsvitar, så eg stolar meir på han enn på meg. Retten til asyl blei etablert i ein spesifikk historisk situasjon etter verdskrigen, med store flyktningstraumar internt i Europa. No kjem asylsøkjarar frå praktisk talt heile verda. Ingen vil stengje grensene heilt, men ingen vil ha vidopne grenser heller.
Han meiner juristar og samfunnsvitarar må leggje hovudet i blaut og finne ein balanse mellom humanitære og praktiske omsyn.
Eg spør om ikkje noko av skepsisen til asylordninga kjem av at mange søknader har vist seg å byggje på falske opplysningar om heimland og forfølging. Det verkar som han mislikar problemstillinga og synest ho er for grovskoren.
– Det ville eg nok gjort sjølv òg om alternativet var å bli send tilbake til ein sikker død.
– Kan vi vere sikre på at dei som har gjeve usanne opplysningar, risikerer den sikre død?
– Nei, det kan vi ikkje. La oss heller seie ei usikker framtid. Ingen har fasiten, korkje om kven som snakkar sant, eller kva som vil hende om dei blir sende tilbake.
– Talet på potensielle asylinnvandrarar er stort, finst det ei grense for mogleg integrering?
– Eg spør ofte dei meir høgreorienterte eg snakkar med, kva dei har å klage over: «De har dobbelt så stor kjøpekraft som då de var 20 år. Ingen tvingar dykk til å gå med hijab eller burka, ingen prøver å omvende dykk til å gå i moskeen.» Eg må seie dei blir svar skuldig. Men å dømme flyktningar til å bli sosialklientar på ubestemt tid er inga god løysing, og definitivt ikkje for dei.
– Korleis unngår vi det?
– Det vanlege svaret er jo bustad, utdanning og jobb, så får ein folk inn i folden. Men det er ikkje sikkert at det hjelper nok. Det har eg heller ikkje eit svar på.
Eit utval hos dei svenske sosialdemokratane føreslo tidlegare i år at styresmaktene må kunne avgjere kvar innvandrarar utan fast arbeid får bu. Meininga er å hindre at det blir for mange i det Sverige kallar utsette område, som ikkje deltek i det organiserte arbeidslivet og difor er minst integrerte.
Eriksen har ikkje svar på om det er ønskjeleg eller mogleg i Noreg. Han har ikkje forska på desse spørsmåla dei siste 20 åra, understrekar han.
Thomas Hylland Eriksen heime på Nøtterøy om lag 1980.
Foto: Privat
Klanskultur
Thomas Hylland Eriksen kjende forfattaren og samfunnsdebattanten Walid al-Kubaisi (1958–2018), som kom til Noreg som flyktning frå Irak i 1986, hadde kontor i Dag og Tid og blei vår første og førebels einaste statsstipendiat med ikkje-vestleg bakgrunn. Al-Kubaisi utfordra haldningar i innvandrarmiljø og var til han døydde styremedlem i Ex-Muslims of Norway.
– Walid var først og fremst ein forkjempar for individet. Ei liberal haldning inneber retten til å velje sin eigen lagnad. Men bør dei liberale tolerere dei illiberale? Viss dei ikkje gjer det, blir dei ikkje då autoritære, spør Eriksen.
Valfridom må òg vere ein rett til å velje konservative løysingar, meiner Eriksen. Både å velje det frie og liberale, og retten til å velje tryggleiken så lenge det ikkje bryt sterkt med normene og verdiane til storsamfunnet.
Eg vil vite kva kunnskapane om migrasjon kan fortelje oss om korleis kulturar flyttar seg. Som klanskulturar på Afrikas horn, i kva grad følgjer dei med?
Han svarar at i samfunn der staten er svak og fiendtleg, blir ofte slektskap samfunnets organiserande prinsipp. Ein klan kan innehalde fleire tusen menneske, er hierarkisk, har ein leiarskap og byggjer på lojalitet.
– Han går ikkje godt overeins med den individualismen ein finn i Stockholm, der det er ein navlestreng mellom deg og staten.
Denne kulturskilnaden pregar etter hans syn òg gjengmiljøa, der det handlar mykje om å vere mannfolk, om ære og respekt.
Forskinga tyder ifølgje Eriksen på at tjue kurdarar i ein by vil gli inn i massen og bli prega av norske vener, kanskje gå på foreldremøte. Ingen fortel dei at nordmennene er fiendar. Dei blir fullverdige deltakarar i lokalsamfunnet, sjølv om dei er annleis på måtar som betyr noko for dei, som religion, mat, musikk. Men fem hundre kan vere nok til å skape eit sterkt internt fellesskap som blir ståande utanfor det norske.
Culcom undersøkte òg den optimale balansen mellom majoritet og minoritet i skulen. Dei fann at femti–femti er OK og gjev innvandrarar gode sjansar til å kome seg inn i majoritetskulturen. Dette var under den såkalla kvite flukta frå bustadfelt og skular i drabantbyar i Oslo.
– Når det brått blir 70 prosent frå minoritetane, og fleirtalet av dei kanskje har same bakgrunn, blir dei eit samfunn i samfunnet. Men eg er ikkje veldig pessimistisk.
– Synest du at dei antirasistiske aktivistane overdriv norsk rasisme på måtar som kan svekkje integreringa?
– Nei, men ofte kjem synspunkta deira ut på måtar som lett blir mistydde. Vi opplever polarisering, også på grunn av korleis antirasismen blir presentert.
– Kollegaen din Thorgeir Kolshus er skeptisk til overføringsverdien amerikanske omgrep som «kritisk raseteori» og «systemisk rasisme» har i studiar av andre samfunn og kulturar enn det amerikanske, til dømes det norske.
– Eg trur han har rett. Kvart land har sin måte å handtere desse skilnadene på, og det er ikkje det same nokon stad. Det er uheldig når folk kopierer ukritisk. Det ville vore merkeleg om vi skulle vere like USA.
Han ser på rasismen som ein hovudmotsetnad i amerikansk politikk. I Noreg er det by og land, i Storbritannia er det klasse.
I boka Appenes planet såg sosialantropologen og forskaren på smarttelefonen og kva han gjer med oss.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Integrering
Eriksen er uroa for at innvandringa skal gje slektskap sterkare rolle i samfunnet og svekkje individualismen, noko som kan redusere ansvaret for eigne handlingar. Når han lèt tankane fly, ser han for seg eit Noreg basert på andre verdiar og leveformer som i ein økolandsby. Men om vi skal leve som no, må slektsbanda svekkjast.
Den amerikanske sosiologen Mark Granovetter skreiv i 1973 ein artikkel om rolla til sosiale nettverk og styrken i dei svake banda. Rolla handlar om korleis dine personlege nettverk hjelper deg vidare i verda og gjev deg forankring, fridom og sjansar. Studien er ein av dei mest siterte i sosiologien. Ifølgje Google Scholar med over 74.000 siteringar, dei fleste frå dei siste tiåra.
Blant innvandrarar i Oslo var dei sterke, eller tjukke, banda tydelege då Culcom forfølgde problemstillinga. Familien er sentral, og kulturen tilseier at du går gjennom eld og vatn for han. Samstundes held desse banda deg tilbake, avgrensar deg. Du står i takksemdsgjeld til dei næraste.
– Det er fridom på den eine sida og tryggleik på den andre, ikkje sant? Stor tryggleik, lite fridom. Ein nyttar omgrepet sosial kontroll for å stigmatisere, men av og til med rette.
Dei svake banda skildrar han som fem hundre menneske du er ven med på Facebook, har gått på skule med, tidlegare lærarar og ein bibliotekar på ungdomsskulen. Når du treng ein referanse til bustad eller jobb, er det dei du må søkje hjelp frå. Slik kan personar du ikkje kjenner godt, bli avgjerande for livet ditt.
Det kan gjelde gutar med innvandringsbakgrunn som har valt ei utdanning der jobbutsiktene er størst i privat sektor, som i revisjon. Utan kjende som igjen kjenner ein arbeidsgjevar eller i det minste kan gå god for deg, har du eit handikap og risikerer å køyre drosje lenge før du får eit tilbod. I jakta på lærlingplassar verkar liknande mekanismar.
Han kallar det vonde sirklar.
– Kva slags syn får du då? Er dette mitt samfunn, liksom?
Nye tankar
Sosialantropologen har gjeve ut nærare 60 bøker som forfattar eller redaktør. Han seier han må skrive for å kome vidare i eiga erkjenning. Når vi spør kva bok han er mest nøgd med, svarer han Det umistelige, som nettopp er komen ut, og Små steder – store spørsmål, innføringsboka i sosialantropologi frå 1993, som er gjeven ut på mange språk.
Har han stått ved vegskilje der han blei nøydd til å endre oppfatning? Med blikket vendt 40 år tilbake ryggar han varsamt eit stykke ut av anarkismen.
– No skjønar eg trongen for ein sterk stat og solide mekanismar for å hindre korrupsjon. Eg er jo ein small is beautiful-mann, men du kan ikkje byggje heile samfunn nedanfrå. Sjukehus og universitet må ha strukturar på høgt nivå. Og du må syte for at folk betaler skatt.
Samstundes er han meir radikal i kritikken av kapitalismen. Den «har ting som aldri kjem til å gå opp». Den ibuande vekstlogikken er destruktiv, han øydelegg både klimaet og relasjonen mellom menneske. Alternativet han ser for seg, kallar han pluralisme og liten skala. Eit avgiftssystem som støttar opp under kortreist mat, og ein desentralisert økonomi som ikkje føreset vekst.
– Der har eg nok skifta meining fleire gonger i livet. Då eg drog til Mauritius på 80-talet, blei eg nesten omvend til kapitalismen. Landet gjekk så det susa. Jentene kom i jobb, dei hadde berre stått og putla på kjøkenet tidlegare. Krafta i kapitalismen var enormt positiv.
Han var kjend som venstremann, men er ikkje det lenger. Ikkje heilt Senterpartiet heller; Eriksen nøyer seg med å seie at han har røysta på småpartia og nemner Lysbakkens SV.
Professoren trur menneske har éin ting felles. Vi er utstyrte med ein snyltedetektor og likar ikkje gratispassasjerar, enten vi er på Hawaii eller i Andesfjella. Folk som tek ut gevinst utan å vilje betale innsatsen.
– Det skal vi vere merksame på når det gjeld minoritetar. Den heilt feilaktige oppfatninga på den populistiske høgresida og andre stader om at det er så mange snyltarar, stemmer ikkje. Men så fort vi ser noko slikt, skapar det større avstand. Det er som vi pla seie om kvinner og svarte, at dei må yte dobbelt så mykje for å få same anerkjenning. Vi må kanskje godta at sånn ser verda ut.
Helge Øgrim er skribent og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.