Frisk debut
Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.
Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Roman
Gina Tandberg:
Hermeneutikerens håndbok til kjærligheten
Tiden
«Hermeneutikk er læren om fortolkning av tekster […] eller en filosofisk teori om all forståelse», står det i Store norske leksikon. Dette høyrest ut som eit rimeleg stort område, og det er det – så stort at ein kan skrive ein roman om det, som debutanten Gina Tandberg har gjort.
Sjølv lærte eg i studietida at hermeneutikken handla om å sjå delane i heilskapen og heilskapen i delane. «Alt heng saman med alt», kunne ein vere freista til å seie.
Kunnskap og kjærleik
Dei 78 korte kapitla blir innleia med «Kjærlighet som…». Det kan vere «Kjærlighet som advarsel», «Kjærlighet som motbakkeløp» eller «Kjærlighet som raritetskabinett». Lesaren skjønar at det nok skal handle like mykje om kjærleik som om hermeneutikk. Og det gjer det.
Hovudpersonen, som til liks med forfattaren har eit namn på G og bur og arbeider som førelesar i Berlin, fortel om tidlegare forhold og om sitt aktive one night stand-liv på byen. Det verkar livleg å bu i Berlin.
«Språket er solid og klokkeklart, men ikkje utprega litterært.»
Men mest av alt byd forteljaren på kunnskap om hermeneutikken. Somme tider er det som å vere på førelesing: «Det [eit teikn] har et uttrykk (signifikant) og et innhold (signifikat) som kan stå i ulikt forhold til hverandre. Man differensierer gjerne ut fra hvordan de forholder seg til det de representerer (referent).» Andre gongar er kunnskapen om teikn og tolking voven inn i kjærleikslivet, som når hovudpersonen heile tida ser etter teikn i ei gryande forelsking.
Romanen er ei handbok, handbøker er retta mot ein brukar, og Tandberg vender seg med jamne mellomrom mot eit du. Ikkje minst når ho sjølv skjønar at dette kan bli fagleg tungt. Det kan stå «Henger du med?», «Du ser det, du også?», eller det meir billege «Capiche?».
Styrkar og manglar
Sjangermessig ligg teksten ein stad mellom ei uformell forskingsoppgåve og ein akademisk roman, i seg sjølv originalt. Til tider er forma både kosteleg og lærerik. Min favorittstad i teksten er når vi får førelagt ulike måtar menn kan ete is på, og spekulasjonane om kva personlegdommar dette avslører. Problemet er når slike observasjonar blir mange og like (korleis et ein hermeneutikar potetgull?) og listeføringa tar over.
Eg begynner å glipe med auga og oppleve teksten som statisk. Meir dynamikk kunne altså vore kjærkome. Dessutan handlar alt om at hovudpersonen analyserer seg sjølv gjennom hermeneutikken, og hermeneutikken gjennom seg sjølv – etter ei tid kjennest universet innelukka, trass i kunnskapen som blir delt.
Språket er solid og klokkeklart, men ikkje utprega litterært. Her er lite undertekst og poetiske manøvrar. Dei litterære kvalitetane må tilskrivast originaliteten og sjangerblandinga, dessutan dramaturgien. Der første del av romanen har vekt på den faglege utdanninga av lesaren, har siste del preg av krakeleringa av det heile; forelskinga ser ut til å overstyre hermeneutikken. Alternativt: Forelskinga kokar heilt inn i tolkingslæra, så mykje at det blir uråd å halde orden både på teorien om «all forståelse» og på kjenslelivet. Denne utgangen vekker ettertanke på menneskelege og akademiske vegner og løftar romanen til ei «tredje» innsikt, sjølv etter nokre statiske parti.
Når eg seier at romanen manglar undertekst, gjer han altså ikkje det. Den kjem berre med tilbakeverkande kraft.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.