Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

2823
20250117
2823
20250117

Dokumentar

Regi: Andres Veiel

Riefenstahl

Med: Leni Riefenstahl, vener og kjente
Blir vist på TIFF

Adolf Hitlers eigen filmregissør har ho vorte kalla, men Leni Riefenstahl var meir enn det – ho var ei nybrottskvinne bak kameraet. Ho fanga fabelaktige detaljar på film, men gjekk ho glipp av det store bildet av kva som føregjekk i heimlandet på same tid?

Frå katalogen

Eg er på Tiff for å presentera film. Ein del av jobben er å skriva programteksten: «Viljens triumf gjekk sin sigersgang frå han hadde premiere i 1935 – framifrå foto og nyskapande forteljarteknikk gjorde at det i ettertid har blitt sett på som nazistane sin mest effektive propagandafilm, og i samtida vann filmen den gjæve Gulløva på filmfestivalen i Venezia. Publikum skjønte kanskje ikkje kva for eit apparat Adolf Hitler sette i gang på denne tida, men skjønte regissøren bak meisterverket det? Leni Riefenstahl har ikkje kome godt ut historisk sett, men ho heldt til siste slutt på at ho ikkje visste noko.

«Publikum lyt sjølv stilla seg spørsmåla om skuld sett i etterpåklokskapens nådelause lys.»

Brit Aksnes om Riefenstahl

Etter Viljens triumf laga ho dei tilsvarande iaugefallande dokumentarane om OL i Berlin i 1936, Olympia. Eit oppgjer etter andre verdskrigen frikjende henne under tvil for skuldingane om medverknad til krigsbrotsverk, men det var ikkje nok til å få innpass i den filmskapande varmen igjen. Ut frå ei rekkje intervju og TV-program Riefenstahl deltok i gjennom åra, har regissør Andres Veiel sett saman ein djuptpløyande, nyansert dokumentar om henne. Publikum lyt sjølv stilla seg spørsmåla om skuld sett i etterpåklokskapens nådelause lys.»

Meta

Etter å ha sett filmen for andre gong er eg framleis ikkje sikker på kor mykje ho faktisk visste. Men det som framstår ganske soleklart etter gjensynet, er i kor stor grad ein trur på si eiga forteljing, som ho jo har fortalt gong på gong. Ho er beinhard. Så hadde ho kanskje heller aldri fått den posisjonen som ho hadde om ho ikkje var så hard, då det ikkje florerte av kvinnelege regissørar på 1930-talet.

Ho snakkar om at alt skjer i klippen, altså visste ho godt korleis det ho filma, kom til å sjå ut etter redigering. Det ho ikkje har kontroll på, er korleis regissør Andres Veiel har valt å klippa det til i denne dokumentaren, og korleis ho framstår. Eg må innsjå at den makta har han også over meg som sjåar. Forhåpentleg dukkar Riefenstahl opp på ein skjerm eller eit lerret snart, også for andre enn dei på festivalen, så kan du vurdera sjølv.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis