Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Friskt om ferjer

«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.

Foto frå boka: Ole Fretheim

2376
20241220
2376
20241220

Sakprosa

Halvor Folgerø:

Ferjefolket – storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø

Samlaget

«Anten vi likar det eller ikkje ­– ferjene er komne for å bli – i all fall ei stund til», skriv Halvor Folgerø i Ferjefolket.

Boka er full av overskot, med mange artige og innsiktsfulle historier om ferjelivet. Folgerø skriv om Smølaferja, om ulykkesferja MF «Haram», om Vassøyferja, om «Utsira I» som kunne frakta to bilar og 135 passasjerar, om pioneren på Hardangerfjorden, «Folgefonn», om lange ferjekøar i Kvanndal, om ferjestrekninga Lavik–Oppedal, hovudvegen over Sognefjorden, og om Steinestø–Knarvik, som mellom 1937 og 1994 frakta 29 millionar bilar og 65 millionar passasjerar.

Alt er levande fortalt og kjekt å lesa om. Ikkje minst for dei mange som har vakse opp med ferjer. Sjølv kjenner eg ferjestrekningane Dragsvik–Vangsnes og Kaupanger–Gudvangen ut og inn etter tallause turar mellom Førde og Voss i barndomen. Dragsvik–Vangsnes om sommaren, Kaupanger–Gudvangen om vinteren. På den tida var ferjeselskapet framleis Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – eit ekte sjølvforklarande namn i eit ekte fylke. Ikkje Fjord, som kunne vore kvar som helst i landet.

Omlasting midtfjords

Kaupanger–Gudvangen var sjølve ferjeturen langs Sognefjorden. Over to timar tok reisa i noko av det flottaste fjordlandskapet som finst. Der fjordarmen Aurlandsfjorden deler seg og ferja smett inn i Nærøyfjorden, ligg Beitelen.

Folgerø fortel om det flytande vegkrysset ved dette neset, der passasjerar og gods vart sende frå éin båt til ein annan via ein landgang. Slik slapp ferjene å gå innom alle kaiene i bygdene langs strendene. Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.

Kjem det ei ny utgåve av boka, kan Folgerø ta med ei anna spektakulær ferjehending. Då kona mi ikkje rakk ferja på Årdalstangen tidleg på 1980-talet, fekk ho overtalt ein ung årdøl i ein motorbåt på kaia til å køyra henne etter ferja. Då motorbåten nådde att ferja, fekk ho veivande kontakt med mannskapet, som sakka farten og heiste henne om bord etter armane.

Folgerø har tidlegare gjeve ut ei bok om vestlandsvegane og bidreg med viktig kulturhistorie. Hald fram som du stemner. Vi vil gjerne ha meir.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er redaktør i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.

Foto: Anna Rezulak

BokMeldingar

Presisjon ved surrealisme

Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.

Ingvild Bræin

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis