Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

11728
20241220

Dag og Tid-stølen

Dag og Tid driv støl på 11. året.

Stølen ligg på Remlo på Voss og er eigd av Bjørn Mjølsnes.

Vi har to kyr, ein kalv, ei purke, to grisungar og tre geiter.

Vi mjølkar, ystar og ryddar kulturlandskapet.

Kyrne er på garden til Hilde og Lars på Selheim om vinteren.

Geitene er i vinter på småbruket til Knut Bryn på Voss.

Fagleg ansvarleg på stølen er odelsguten, og felespelaren Anders Møn Mjelde.

«Ligg du her så seint?» Den svære purka på godt over 200 kg ligg tretti meter frå grisehytta og berre gryntar tilbake. Eg klør henne på ryggen. «No må du gå inn til ungane dine. Det er seine kvelden.» Men ho rikkar seg ikkje.

Ho er godt kjend på stølen. I fjor var ho her som grisunge saman med bror sin. Dei kom opp her rett etter at dei var tekne frå mora, og vog knappe 15 kilo. Det var litt av ein overgang frå det trygge gardslivet til stølslivet, der nye, spanande og farlege ting skulle utforskast kvar dag. Men det gjekk strålande, og dei to vart dei mildaste grisene vi har hatt på stølen nokon gong. Var det sol og varmt, likte dei helst å liggja i skuggen i nærleiken av selet. Og var eg ute og arbeidde, fylgde dei etter meg same kvar eg gjekk.

Då dei kom ned att til heimegarden på seinsommaren, sjarmerte dei Hilde og Lars, gardsfolket på Selheim. Særleg Per – ja, purka heitte Per som grisunge. Når Lars var ute og såg etter dei på den store hegna opp mot skogen, kom ho springande, la seg på sida og ville verta klødd. Ho var nok bortskjemd.

I november var ho 100 kilo og slakteklar, men Hilde hadde late seg sjarmera. «Ho må få leva. Eg får meg ikkje til å slakta henne.» Og slik gjekk det. I februar vart ho inseminert, og tidleg i juni grisa ho.

Ho fekk berre tre ungar, og det er reine tapet for grisebonden. Vanlegvis får ei purke 12–14 ungar. Men ho hadde mjølk til fleire og fekk fire adoptivungar, og enda med å dia sju. Å flytta grisungar mellom purker er vanleg. Som oftast går det greitt om ein gjer det innan tre dagar etter grisinga. Om purka ikkje vil ha dei nye ungane, er eit godt, gamalt triks å gje henne ein god liter vin. Då roar ho seg, slik at adoptivungane slepp til og vert godtekne.

«Vil du ha med deg purka til støls», spurde Lars meg. «Ho fekk for få ungar, dessutan er dei bakarste spenane øydelagde, så ho skal slaktast i slutten av august.»

Det hadde vore kjekt. Ho er mild som eit lam og kunne såleis få ein fin slutt på livet. Eg takka ja, og tidleg i juli køyrde Anders Møn Mjelde, stølsdrengen, purka og to av ungane opp på stølen i ei kasse bakpå traktoren.

Det var flott å sjå den store purka i fjellandskapet. På dugnad fekk vi raskt opp ei ny grisehytte med plass til purka og to av ungane. Bonde og bror Arnfinn hadde hogge to grantre og skore opp nok material. Per Vethe, som kan mykje praktisk arbeid, og Svein Skarheim, museumsstyrar med ansvar for kongens sylvgruver på Kongsberg, var med og slo opp hytta. Med flis og halm på jordgolvet vart ho perfekt ly for regn og vind.

Grisungar går alltid i tospann.

Grisungar går alltid i tospann.

Purka verka glad for å vera tilbake. Eg klødde henne godt med ein kost kvar dag, og ho grynta nøgd. Grisungane våga seg stadig større rundar bort frå mora. Dei held kontakten med ulike grynt. Ikkje overraskande syner studium at griser har eit rikt repertoar av språk seg imellom. I negative situasjonar som slagsmål, separasjon frå mora eller mangel på mjølk er grynta lengre. Dei startar høgt og går nedover i styrke. Men ved leik, når dei diar eller har tett kontakt med sysken, er grynta korte og jamne i styrke – som koselydar.

Einaste gongen purka gav høg lyd frå seg, var fyrste gongen eg smurde solkrem på øyra til grisungane. Den tynne huda med dei mange blodårene gjer at øyra lett vert solbrende. Ungane hylte til då eg heldt dei fast for å få på solkremen. Eg burde hatt høyrselsvern. Alle som har høyrt grisungar hyla, skjønar kva eg meiner. Då kom det òg to kraftige hyl frå mora som kom mot meg. Ho roa seg med det same eg sleppte grisungen, gjekk henne i møte og klødde henne litt.

Slik gjekk det nye griselivet. Dette kunne ikkje gå gale.

Men her står eg altså seint på kvelden og er uroa. Purka reiser seg på framføtene og kjem seg opp på alle fire. Ho står i ro, går nokre steg, men har tydeleg vondt i venstre bakfot. Så grev ho raskt opp litt lyng og mose med trynet og legg seg ned att. Eg skjønar alvoret. Er det brot eller kraftig forstuing, er ho ferdig. Store dyr som øydelegg foten, vert slakta – anten det er griser, kyr eller hestar.

Sjølv Alm Svarten, Noregs store travhest som sprang inn 9,5 millionar kroner, måtte avlivast då han braut foten på det isete gardstunet nyttårshelga heime på Tingelstad på Hadeland i 2008.

Eg ringjer til Hilde, som er både bonde og veterinær. Vi avtalar at vi skal snakkast neste morgon. Eg klør purka på ryggen, ser etter ungane som har lagt seg i grisehytta, og går og legg meg med ei dårleg kjensle.

Klokka seks neste morgon ligg framleis purka der. Foten er ikkje god. Arild Fosse, gardsarbeidaren på Selheim, kjem med traktoren nokre timar seinare, får purka fint inn i grisekassa og køyrer ned att.

For ein nedtur! Var det ein tabbe å ta henne med opp på stølen? Her er nok av steinar og ulendt terreng. Skulle eg ikkje ha sleppt henne ut av hegna? Eg prøver å slå meg til ro med at tanken var god, og at ho var uheldig. Men eg finn ikkje roa.

Stølslivet må uansett gå sin gang. Eg hentar kveldsmjølka som har stått i den kalde oppkoma natta over. Oppkomer er fascinerande fenomen: Ein vasstraum langs grunnfjellet kjem opp til overflata, gjerne ved at grunnvatnet finn ein sprekk og det underliggjande trykket pressar opp vatnet som så samlar seg i ei lita hole og er kaldt nok til kjøling av mjølk ei natt. Den vesle oppkoma må ha vore ein viktig grunn til at stølen vart lagd der han ligg.

Eg tømmer dei ti literane opp i kjelen saman med morgonmjølka, varmar opp mjølka til 32 grader, har i frysetørr mjølkesyrekultur, rører eitt minutt, har i nokre milliliter av den franske eksklusive løypa laga av løypemagen til spedkalvar, rører eitt minutt til, ventar 30 minutt, skjer ostemassen til små terningar, rører i 30 minutt att og varmar han opp att til 36 grader, før eg tek ostemassen i formene og set osten i press til neste morgon. Så legg eg osten i saltlake i eit døger. Eg snur og vaskar han kvar dag den fyrste veka, så kvar tredje dag. Deretter held det med éin gong i veka i seks månader.

Når osten har fått skorpe og modningsprosessen har kome skikkeleg i gang, vakuumpakkar eg han. Det er ikkje ideelt, men i mangel på godt nok lager med rett temperatur og fukt, fungerer det greitt. Norvegia-osten, den milde varianten, er lagra vakuumert. Og det er ein heilt grei og god ost.

Eg tek litt av mysa i ei bytte og går bort til dei små grisungane. I sju veker har dei dia mora. Og dei har vore heldige. Sidan dei var få sysken, var det lite kamp om spenane. Ungane slåst om spenane dei fyrste dagane, og det gjeld å få tak i ein av spenane lengst framme, for det er dei som har mest mjølk. Når fordelinga er avgjord, held ungane seg til same spenen så lenge dei diar. Dei største får gjerne kontroll på to spenar, skiftar raskt mellom dei og slepper ikkje til andre ungar. Dei minste hamnar bakarst med éin spene.

No når mora er borte, må dei to små stølsgrisene klara seg med vatn, røter og gras, i tillegg til kraftfôr to gonger for dagen. Pluss eit festmåltid midt på dagen – varm myse etter ystinga.

Grisungar som vert tekne frå mora, kan oppleva stress og verta rastlause. Men våre to verkar like livlege som før og er glade for mysa. Og det tek berre et par dagar før eg har overteke rolla til mora.

Dag og Tid-geitene Bolette, Indrebø og Blix.

Grisene likar å fylgja etter meg når kyrne skal inn til mjølking. I år er det berre ein liten flokk på tre: Symra og døtrene Odesa og Viktoria. Ikkje veit eg om dei to døtrene skjønar at Symra er mora. Men dei går iallfall svært godt i lag – og sleikjer kvarande stadig vekk.

Odesa er nett som mora, roleg og mild. Eg har med meg ein børste når eg ser etter dei for kvelden. Då kjem Odesa fyrst, senkar hovudet, legg det mot meg, sleikjer meg på jakka og vil verta klødd – særleg bak øyra og oppe på halerota. Ho er drektig og roleg.

I juni trudde vi ho skulle kalva i slutten av juli, men ho laga seg ikkje til med større jur, og fyrst i slutten av august kalva ho på Selheim. I fjor gjekk ho på beitet til september saman med gardsoksen og dei andre ungdyra, så ein hadde ikkje eksakt kontroll på kva tid ho vart bedekt.

Viktoria vart fødd på stølen i fjor, og det er høgdepunktet i historia til Dag og Tid-stølen. Ho er kalla opp etter den ukrainske forfattaren Viktorija Amelina, som kort tid før Symra kalva, vart drepen på ein restaurant i Kramtorsk av ein av Putins mange rakettar som dagstøtt kjem inn over Ukraina.

Vakre Viktora, nyfiken og lettskremd.

Vakre Viktora, nyfiken og lettskremd.

I år har eg altså berre éi ku, Symra, som mjølkar. Eg kjenner meg som dei gamle kvinnene eg såg på landsbygda i Ukraina i vår. Der er det ikkje uvanleg å ha éi ku i eit lite fjøsrom. I kveldsskumringa ser ein dei gamle kvinnene gå heimover med kua som har beita ein stad i nærleiken.

Eg finn fort ut at éi mjølkeku eigentleg er ideelt. 20 liter i døgeret er meir enn nok mjølk for ein amatørystar som slit med å laga ein god ost. Vi har til og med nok mjølk til pannekaker og andre godsaker. Derimot slit eg med Viktoria, denne vakre kalven som sprang rundt her i fjor som spedkalv og lét seg klappa av alle. No, eitt år etter, er ho vorten skvetten og sky.

Det tok to veker før ho våga seg inn i fjøset saman med Odesa og Symra. Ho vart aldri trygg der inne og gjekk ut att så snart ho hadde fått den vesle slumpen med kraftfôr.

Det er merkeleg. Ho har hatt godt stell på Selheim i vinter. Og med gena til mora skulle ein tru ho vart like mild. Kan det vera gena til faren? Nei. Faren, Stasgut, ein semin­okse frå Heidal i Sel kommune, har berre gode skotsmål. Kanskje ho har vorte skremd av eit eller anna? Det er eit mysterium, og slett ikkje bra for henne. Ei mjølkeku må vera roleg og lett å handtera.

I avlsarbeidet har lynne alltid vore ein viktig faktor i utvalskriteria for avlsoksane. Når konsulentane i Geno vel ut oksar, legg dei stor vekt på korleis oksen reagerer på kontakt med menneske, korleis han oppfører seg ved flytting, og korleis han reagerer på uventa hendingar.

Ved systematisk registrering av lynne har kyrne dei siste 20–30 åra vorte rolegare og lettare å ha med å gjera. Det er bra for kua, som igjen mjølkar betre og har betre helse. Og det er bra for bonden, med mindre fare for spark og mindre strev i fjøset.

Ei ku som sparkar under mjølking, må ein berre kvitta seg med. Like eins ei ku som ikkje er roleg nok i mjølkeroboten. Særleg i lausfjøsa, der kyrne går fritt, er det viktig at det er tillit mellom kyrne og bonden. Å verta fotfølgd i fjøset av ei brunstig ku med olmt blikk er ikkje noko å trakta etter. Og ei ku skal ikkje blåsa i nasen og verka trugande når du møter henne på sommarsbeitet.

Så Viktoria lever farleg. Måtte ho berre endra seg i vinter.

Og purka? Tekstmeldinga frå Hilde gav lite von: «Hoven i kodeleddet, smerter ved palpasjon. Kan vera brot. Me vurderer i morgon om ho må avlivast. Gav smertestillande no.»

Smertene gav seg ikkje. Omsynet til purka og god dyrevelferd gjorde valet enkelt.

Om morgonen smell boltepistolen på Selheim. Krutkula skyt den ti centimeter lange bolten inn panna og vidare inn i skallen. Hjernen er øydelagd og grisen bedøvd. Men hjartet slår, og grisen har krampetrekningar. Så stikk Lars kniven inn i halsen og skjer over hovudpulsåra, og blodet fossar.

Ei uvanleg purke er daud. Skuldkjensla sit i lenge.

Svein Gjerdåker

Ansvarleg redaktør i Dag og Tid, stølsdreng, medlem nummer 155 i Laget for Vestlandsk Fjordfe og fast lesar av Bondevennen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis