Ufatteleg liding for ingenting
Krigen som bana vegen for Lenin og Hitler, vert markert år etter år.
Fransk artilleri på veg til Ypres i Flandern i Belgia i august 1917.
Foto: NTB scanpix
Dei som fylgjer med i britiske aviser, vil sjå at det nesten dagleg er meldingar frå fronten for hundre år sidan. Fyrste verdskrigen – urkatastrofen i Europa – vert mint om på så mange vis. I 2015 var det Galipoli, i fjor slaget ved Somme og i år Ypres.
Ikkje til å undrast over har det vore stille frå Tyskland. Tyskland var den store taparen, og krigen innleidde det neste store ulivssåret i tysk historie: andre verdskrigen. Ein kan tala om den store europeiske borgarkrigen frå 1914 til 1945, eller gjerne den andre trettiårskrigen i europeisk historie.
FRANSK NASJONSBYGGING
I Frankrike vart sigeren feira storstilt ved markeringa av krigsstarten i 2014. Ein av de siste levande vart funnen fram, ein algeriar som melde seg friviljug. Alle levande presidentar og dei som talte av militære, møtte fram ved Triumfbogen. Seremonien vart ein fest i nasjonsbyggingsteiknet. Det var det republikanske Frankrike som skulle markerast. Det audmjuke nederlaget i 1940 og kapitulasjonsdokumentet som vart underteikna i Compiégne-skogen, i den same vogna som Tyskland vart konfrontert med nederlaget i i 1918, denne skamma skulle druknast i sigeren frå 1918.
Franskmennene kallar det den dag i dag La Grande Guerre, slik også britane kallar det The Great War. I kvar landsby i Frankrike ser du dei ofte attgrodde minnesmerka over dei som fall for «la goire» og fosterlandet. Vi i Noreg slapp som vanleg lett unna. Vi var «den nøytrale allierte», som Olav Riste formulerte det. Om kring 4000 liv gjekk tapt, for det meste sjøfolk.
POLITISK LADNING
Landet der det totalt meiningslause i krigen vert mest mint, er nok Storbritannia. I 2014 tok Michael Cove, då utdanningsminister under David Cameron, til orde mot «venstreradikale» historikarar som grov under og latterleggjorde nasjonalkjensla.
Historikaren Max Hastings forsvara tapa i krigen. Dei var naudsynlege offer for å stogga eit aggressivt, autoritært Tyskland som truga maktbalansen i Europa, sa han – ein maktbalanse som alltid hadde vore målet for britisk utanrikspolitikk.
Men ingen har som britane tort å driva gjøn med fyrste verdskrigen og i sær den allmenne kjensla av militær vankunne og inkompetanse. Tenk berre på musikalen Oh, What a Lovely War frå 1963. Der var det især offiserane som vart parodierte utan bortforklaringar.
Den mest biletstormande britiske historikaren har nok vore Niall Ferguson. Han har argumentert for det tragiske i at Tyskland tapte i 1918. Hadde Wilhelm II vunne, ville vi ikkje fått andre verdskrigen, ikkje holocaust. Og Europa ville sett ut omtrent som det er no, med Tyskland i førarsetet, seier han.
Det er nok eit stivt stykke. Ferguson undervurderer nok kor illiberalt keisardømet var, og kva Tyskland til dømes hadde gjort med Frankrike, arvefienden, for ikkje å tala om England.
BLOD OG SØLE
Denne sumaren har slaga ved Ypres og Passchendaele i Flandern vore gjengangar i minnespaltene i England. Det er 100 år sidan general Douglas Haig 31. juli 1917 i orkanaktig regnvêr sette i gang åtaket ved Passchendaele, i det som er blitt kalla «det tredje slaget ved Ypres».
Då denne fasen av fyrste verdskrigen var over, i desember, hadde det kosta britane nær 70.000 drepne og over 170.000 såra. Tyskarane kan ha mist fleire – statistikk er upåliteleg.
Menn måtte rykkja fram gjennom gjørme og djupe krater. Soldatane drukna som rotter. Det kunne ta seks timar å få såra soldatar heim gjennom søleinfernoet.
Ein flygar sa det slik etter å ha sett landskapet ovanfrå: «Det er rett og slett ikkje tenkjeleg at menneske kan eksistera i ein slik sump, for ikkje å tala om kjempa der.»
FÅNYTTES SIGRAR
Dei allierte erobra til sist landsbyen Passchendaele, men fire månader etter, under den tyske våroffensiven i 1918, vart dei trengde attende.
Passchendaele vart ståande som sjølve sinnbiletet på fyrste verdskrigen som absurd tap av menneskeliv for ingenting. Saman med slaget ved Somme 1. juli 1916 slår tala oss med ei kraft vi ikkje kan fatta: På fyrste dagen ved Somme mista britane 60.000 menn. Storbritannia mista fleire menn på denne dagen enn i tre krigar til saman: Krim-krigen, boarkrigen og Korea-krigen. I El Alamein under ørkenkrigen i Nord-Afrika gjekk det med 1125 menn per dag i elleve dagar.
ERSTATNINGSHÆR I AUST
Den store skilnaden mellom britane og tyskarane i Ypres var at Ludendorff og Hindenburg hadde endå ein hær på vent i aust som dei kunne kasta inn i nye oppgjer i vest. Britane var totalt på felgen. Dei hadde innført verneplikt seint og i byrjinga stolt på friviljuge.
Krigshistorikaren John Keegan seier det slik: I 1917 hadde Storbritannia kalla opp alt dei hadde. No kom det inn soldatar i den britiske hæren «som hadde blitt avviste ved fyrste augnekast i 1914: dei holbrysta, dei pukkelrygga, dei nærsynte, dei eldre. Den fysiske tilstanden og utsjånaden deira var prov på Storbritannias desperasjon og Haigs uvettige forbruk av menn».
«Granatar, granatar»
Vi har ei augevitneskildring av korleis slaget tok seg ut nedanfrå. Edwin Vaughan frå 1st/8th Warwickshire-regimentet kom over ei gruppe tyskarar som ville overgje seg frå ei hole:
«Fangane samla seg kring meg, tilsøla og vonbrotne, og fortalde meg om den forferdelege tida dei hadde hatt. Nichts essen, nichts trinken! Granatar, granatar, alltid. Eg hadde ikkje nokon som kunne ta dei til dei bakre linene, så eg plasserte dei saman med mennene mine, som tok seg av dei og delte dei sparsame rasjonane med dei.
Frå andre granathol i mørkret kom det frå alle sider smertestønn, skrik og fjerne, lange hyl av angst og fortviling. Det var grufullt openbert at såra menn hadde sleppt seg ned i granathol for å søkja ly, og no steig vatnet over dei. Ute av stand til å røra seg drukna dei langsamt. Ufattelege syn kom over meg med desse skrika frå øydelagde menn som rekna med at kameratane ville koma dei til unnsetning og berga dei – og som no døydde saman med dei døde i mørkret.
Vi kunne ikkje gjera noko. Ved sida av meg gret Dunham stille, og alle menn var sterkt påverka av desse nådelause skrika.(…) Eg nærma meg hovudkvarteret vårt. Det var totalt utsletta, hadde fått ein direkte treff.
I det eg skritta over døde menn ved inngangen, kjende eg ei hand klamra seg til beltet mitt. Lamslegen drog eg ein levande soldat ut av likhaugen. Neste morgon heldt vi rekneskap: Av vår vesle eining på 90 mann var det berre 15 att.»
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast
skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Soldatane drukna som rotter. Det kunne ta seks timar å få såra soldatar heim gjennom søleinfernoet.»
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.