Vakthunden
Hallvard Hegna er ein pasjonert jeger. Han har jakta på harar med hundane sine heile livet. Han jaktar òg på dårleg nynorsk.
I juli fyller han nitti år.
Hallvard Hegna representerer eit fenomen som alltid har eksistert i nynorskmiljø, «raudpennen» – elska av mange, hata av like mange.
Foto: Ronny Spaans
NYNORSK
ronny@dagogtid.no
–Eg byrja med harejakt i 1945. Eg ervde interessa frå far min, som òg var harejeger. Så eg har hatt ein lidenskap for harejakt i over sytti år. Og eg har vore spesielt oppteken av den nasjonale harehundrasen, Dunker. Eg er æresmedlem i Dunker-ringen, og eg har vore utstillingsdomar for harehundar.
Dette fortel Hallvard Hegna, pensjonert ålmennlærar og rektor i grunnskulen i Atrå, 25 km frå Rjukan. Han ramsar opp hundane han har hatt gjennom åra, frå 1954: Tela, Hjallis, Odin, Frøya med fleire. Hunden som han og kona hans har i dag, heiter Embla.
– Men du jaktar ikkje berre på hare, du jaktar òg på dårleg nynorsk?
– Eg sit gjerne med ein kulepenn når eg les nynorske tekstar, og eg strekar under språkfeil og inkonsekvensar.
I nynorskmiljøet er Hallvard Hegna kjend som ein vakthund. Men bokmålsjournalistar har òg fått e-brev med språkrettingar frå Hegna. Han representerer eit fenomen som alltid har eksistert i nynorskmiljø, «raudpennen» – elska av mange, hata av like mange, om ikkje fleire.
Dag og Tid har teke turen til Tinn, til den unelege heimen hans mellom høge fjell. Men bodskapen han vil fortelja oss, er ikkje berre hyggjeleg.
Eit drag av røyk
«Nynorskens tragedie» heiter fyrste innlegget Hallvard Hegna hadde på trykk i Dag og Tid. Han minnest ikkje eksakt når artikkelen stod, men det var kring tusenårsskiftet. Han hugsar sluttformuleringa, som galdt lagnaden til nynorsken. Det ville ikkje bli «en død i skjønnhet».
– Den formuleringa har eg frå Ibsens Hedda Gabler, fortel Hegna og humrar litt.
Sidan «Nynorskens tragedie» har han skrive mange innlegg, svært mange. Ikkje alle har kome på prent. Hegna har dei alle på datamaskina. Han har også notert endelykta til innlegga på slutten av dokumentet. Eg får ein bunke overlevert når eg kjem inn i stova.
«Innlegget har ikkje stade på prent nokon stad. Det vart for sterkt for (...). Redaktøren er redd for å støyta ’Makta’», heiter det nedst på ei utskrift. Som lesaren ser, er mottakaren anonymisert. Det vil vi òg gjera med forfattarnamn som Hegna viser til, for Hegna har òg notert alternativ til passasjar i samtidslitteratur. Men dei har ikkje vorte sende. Hegna viser meg nokre slike. Her er eitt:
«Alma røyker hasj mens mamma søv. Ho trekker røyken inn i munnen.»
Norsklæraren rettar det til: «Alma røykjer hasj medan mamma søv. Ho dreg røyken inn i munnen.»
Det skal skulelæraren ha: Du kan røykje hasj på nynorsk, men pass deg for å trekkje inn rusmiddelet med lågtyske verb.
Eg spør om Hegna òg les innhaldet i aviser og bøker på nynorsk, og ikkje berre saumfer dei for dårleg språkbruk.
– Sjølvsagt, eg er jo eit nyfike menneske, ikkje ein fanatikar. Innhaldet kan vera interessant, men eg likar ikkje å sjå bokmålsformer og «først» for «fyrst», som eg vil kalla den fremste blant nynorskmarkørane. Dei skal ein ikkje tukla med, seier Jon Fosse. Eg likar heller ikkje e-infinitiv i verb som har a-ending i kløyvd infinitiv. Folk som har det, eller a-infinitiv i målføret sitt, burde ikkje skriva e-infinitiv.
Hegna viser til ein av favorittdiktarane sine, Olav. H. Hauge, og kva han skriv om dårleg nynorskbruk i dagboka: «Riv ut ein stein her og ein stein der i ein mur, – og det fører til at heile muren rasar saman».
År på Austlandet
Hallvard Hegna er frå Sauherad i Telemark. Men han fortel at han hadde ein bestefar frå Sørlandet som ikkje lika nynorsk. Han var seglskuteskippar frå Grimstad, fødd i 1852. I 1908 flytte han til Telemark og vart fyrste kapteinen i ferjetrafikken til Hydro på Tinnsjøen. I Tinn hadde dei innført nynorsk i skulen, og han sende dotter si – mor til Hegna – til tante Rakel i Fredrikstad, til skulegang der, så ho skulle sleppe nynorsk. Men ho kom snart attende og vart konfirmert med målet i 1915.
Hegna fortel òg at han gjekk i bokmålskule dei tri fyrste skuleåra sine. Då det i 1933 vart innskrenkingar i skulen, fekk far hans delt post mellom Hjuksebø og Moen skule i Nordagutu. Då måtte dei flytja, men då det vart betre tider, fekk faren att heil post i Hjuksebø, og dei fekk koma attende i 1938. Der var det nynorsk skulemål, og Hegna skreiv hovudstil på nynorsk til artium i 1948.
Men i dei fyrste åra hans som lærar var han bokmålsbrukar. Hallvard Hegna er utdanna ved lærarskulen i Elverum, han har tilleggsutdanning i engelsk og historie grunnfag frå Universitetet i Oslo.
Etter eitt år i Ådal i Buskerud fekk han jobb på Vallset, i dåverande Romedal kommune, no Stange. Der var han i åtte år, og han vart glad i hedmarkingane. Han og kona Erna har ofte reist til gamle vener på Vallset.
– Eg tala bokmål på Vallset. Men eg lika hedmarksmålet, og talemålet mitt vart etter kvart litt farga av det. Eg høyrer straks når ein hedmarking knotar. Det er mykje nynorsk i hedmarksmålet. Dei seier til dømes «lyfte» og bøygjer det som i tradisjonell nynorsk.
– Då du flytte attende til Telemark, gjekk du attende til nynorsk?
– Ja, eg hadde jo dialekten min frå Sauherad og nynorsk målkjensle, som var viktig når eg la meg til å tala normert nynorsk. Du veit – dialektromantikken øydelegg nynorsken. Han er ikkje i Ivar Aasens ånd. Kringkastingsringen har vore direkte skadeleg for nynorsken. Jon Fosse har sagt klårt frå til dei: «Det er nynorsk de skal arbeida for!» Men for meg er det ikkje berre korrekt nynorsk som er viktig, også korrekt bokmål. Nyleg sende eg ein korreksjon til ein journalist i Vårt Land, han skreiv «var med å endre», det skal vera «var med og endret». Og eg fekk dette hyggjelege svaret: «Takk for at du bryr deg! Det er for få gamle norsklærere som griper inn! Skal prøve å huske dette til neste gang. Mvh … »
– Her i Tinn og i Vest-Telemark er det i-mål, «soli» og «bygdi» (i Tinn: «bygde»), men du seier «sola» og «bygda». Er ikkje i-målet òg ein nynorskmarkør?
– Jau, eg likar i-mål, og eg har sympati for dei i Vestmannalaget. Det er fint å lesa høgnorsk, men eg trur ikkje han kan få stor oppslutnad.
– «Nynorsk i dag» er eit dokument på datamaskina mi, det er no på mellom 60 og 70 sider. Der har eg notert døme. Dette er språk i oppløysing, det er nynorsken til folk som «ikkje kan» nynorsk (det er enno mange som «kan»). Men presset frå fleirtalsmålet, i spann med den rådande ideologien, fører til språkleg oppløysing. «Dialektromantikken» bergar ikkje nynorsken – ein ideologi som sprang ut av den politske radikaliseringa i 1970-åra, med slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk!». I ein stor reportasjeartikkel i Morgenbladet i 2013 kalla Sylfest Lomheim og professor Kjell Lars Berge strategien til Mållaget i dag for «ein kjempetabbe».
– Å ha «språkleg mangfald» som program er det same som å programfesta språkleg oppløysing. Ein vil ikkje kunna snu trenden. Når nynorsken misser identiteten sin, er han ikkje lenger noko verd. Einaste sjansen for nynorsken er å satsa på språkleg kvalitet. «Eg stend, eg, seddu», sa Olav H. Hauge. Det må òg nynorsken gjera. Sjå til Island og alle andre språksamfunn i Europa. Ingen går inn for «språkleg mangfald» i skriftspråket.
«Påskriket»
Hegna meiner det må vera «tydeleg nynorsk», og folk set pris på det han skriv i Rjukan Arbeiderblad, der han har skrive i over femti år, dei siste tiåra mange nekrologar. Han skriv òg om politikk og livssyn. Og mange vil òg kjenne han frå innlegg i Klassekampen, Vårt Land og Aftenposten. Det skal heller ikkje stikkast under stol: Vaktbikkja i nynorskens skog er ein kjær person i Tinn. Under besøket mitt i Rjukan spaserte vi gjennom sentrum, og der kom folk bort til han og takka for sist.
Han har vore lærar for to generasjonar tinndøler, og formidling av kulturarven har vore ei hovudsak for han, til dømes av songskatten. Hegna kjenner mange i kommunen. I stova i Atrå viser han meg eit par minneord. Dei inneheld forteljingar frå samvær og er skrivne med ein penn som utstrålar takksemd for venskapen.
Hegna har òg vore ein sentral medarbeidar i Dunker-ringens medlemsblad, «Påskriket». Tittelen er eit harejaktuttrykk: Tilrop til hunden for å setja han på eit spor blir kalla «påskrik». Hegna syner meg ein nekrolog han har skrive i bladet.
– Men du har vel òg vore ein påskrikar i nynorskmiljø. Du talar om identitet, men du må skjøna at når du korrigerer språkbruken til andre, oppfattar dei det som åtak på identiteten sin, for språkbruken vår er nært knytt opp til sjølvbiletet vårt.
– Reaksjonane er sjeldan negative. Det er ikkje dialekten deira eg korrigerer, men skriftspråket deira. Dessverre ser eg at nynorsk språkkjensle er på veg ut.
«Ei gledeleg vending»
Så kjem bodskapen: Hallvard Hegna fyller nitti i slutten av juli. Han veit ikkje kor lenge han har att. Slik det ser ut no, er nynorsken i krise – trass i at Noregs Mållag har auka medlemstalet sitt. Men det hjelper ikkje dersom «patriotane» ikkje forstår at dei må leggje seg i selen for å lære språket sitt, slik at nynorsken kan få respekt.
Testamentet Hegna etterlèt til nynorskbrukarar er at dei må finne attende til ein meir tradisjonell nynorsk: Stikkord for Hegna er a-infinitiv eller kløyvd-infinitiv, ikkje e-infinitiv, og markørord som fyrst, ynskje og fylgje, ljos og tek, og tradisjonelle e-verb må vera e-verb, og a-verb må ikkje bli e-verb. Til dømes «regna – regnde».
– Men Hallvard, det heiter då «regna» i fortid i mange dialektar!
– Rettskivinga har båe bøyingane, men «regnde» er best, som me seier i Telemark.
Det blir ein liten pause, så kjem det frå læraren:
– Eg las «regnar» i eit dikt av Olav H. Hauge. Det kan eg godtaka når det er han, men det læt ikkje godt! «Siglde» er eit liknande verb. Sjå verbalbøyinga hjå Anders Hovden og Elias Blix!
– I siste nummer av Norsk Tidend har du eit lesarinnlegg med tittelen «Ei gledeleg vending». Så ting er ikkje så mørkt likevel?
– Nei, dersom nynorskbrukarar tek til vitet. I den artikkelen peikar eg på at mållagsleiar Magne Aasbrenn no har skjøna: I leiarartikkelen i Norsk Tidend 2. mars i år skreiv han ikkje e-infinitiv som tidlegare, men kløyvd infinitiv, det gjer han òg i siste utgåva. Det er ei gledeleg vending, eg trur han har merkt seg det eg har skrive om infinitiv. Han veit dessutan at kløyvd infinitiv er vanleg i dialektane. Eg har til dømes sitert Torbjørn Berntsen og Sigbjørn Johnsen. Vokalen a skil norsk og svensk frå dansk.
– Det er ein skribent i avisa di, han er rogalending, men han skriv e-infinitiv. Det er inkonsekvent. Kunne du gje meg e-postadressa hans, så skal han få brev frå meg.
– Det må du ta opp med redaktøren av Dag og Tid.
Gravsteinen frå fjellet
– Me må læra oss «å telja våre dagar», som det står i salme 90, seier Hegna og bed meg koma ut i hagen, for der har han nemleg gravsteinen sin klar.
– Eg fann han for om lag tjue år sidan då eg var på jakt i åsen du ser der, Torsetåsen. Eg skaut ein hare og fekk auga på steinen. Ein granne frakta han ned hit med traktor.
Det er ein enkel, ærleg og ekte naturstein, som naturen elles i Øvre Telemark. Hegna har jamvel laga si eiga gravskrift. Han seier ho fram, vi gjev ho att her:
På ein gravstein skal namnet mitt eingong stå,
eg er borte, men livet eg reiste ifrå,
det er att og det lever i blomar og strå
langs dei stigar der eg fekk den lukke å gå.
Kan du sjå dette livet og kjenna det med,
at det lever i blomen, kvar tein og kvart tre?
Det er evig og andar av fred.
Hegna fortel så om ein dunkerkamerat som no jagar hare på dei «evige jaktmarker», trønderen Johan Skei, som døydde på jakt. Hegna skreiv nekrologen hans i 2005. Såleis lydde det om venen i Påskriket og Hundesport (sistnemnde er bladet til Norsk Kennelklub, der nynorsk er svært uvanleg):
«Som eit ljos vart sløkt, forlét han livet i denne verda, og det siste som nådde øyro hans, var lósen til Donna. Slik døydde Johan Skei. Han fekk ein god og vakker død i skogen.»
Men heller ikkje her klarer Hegna dy seg. Han tek sjølvkritikk.
– Eg skulle ikkje ha skrive «død», det skulle ha vore «daude». Det er mykje betre, sukkar den gamle harejegeren.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg likar ikkje å sjå bokmålsformer og «først» for «fyrst», som eg vil kalla den fremste blant nynorskmarkørane.
– Å ha «språkleg mangfald» som program er det same som å programfesta språkleg oppløysing.
Hallvard Hegna, harejeger og pensjonert norsklærar
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.