Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Agurktida er kommen!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3037
20170623
3037
20170623

«Agurknytt er ei nemning for nyhendeoppslag om uviktige emne som typisk finn stad når det er agurktid, ei tid der det er lite anna nyhendestoff å rapportera om.» (Wikipedia)

Ja, kjære lesarar, det er den tida att. Når eg ser ut av vindauget, kan eg slå fast at det ikkje skjer noko som helst der ute, bortsett frå at tujahekken veks eit par meter i minuttet. Men ein får gjere som best ein kan, og ei slags agurkisk innside skal det vel bli denne sommaren òg. For neste gong vi møtest er det alt august, og alt er over.

Jonsokbryllaup!

Når de les dette, de svinepelsar der ute, så er det blitt sjølvaste jonsokaftan! Eller sankthans for dei som ikkje veit betre. Men sidan eg på mi førre Innside skildra inngåande lagnaden til både Hans og Jon, skal eg ikkje gjenta dette no. Det får vente til neste år, når eg sikkert har bruk for litt reprisestoff. Om då ikkje ein liten sjølvmordsbombar har tatt knekken på heile Innsida innan den tid. You never know, som engelskmannen ville sagt. Men la meg i staden vende hugen mot eit fenomen som ikkje var heilt uvanleg i min fagre barndom og i mi viltre ungdomstid: fenomenet jonsokbryllaup! Det innebar at ein gut og ei jente i passande alder og på eit passande nivå av kjønnsmogning blei kledde opp i passande brure- og brudgomstas og blei «vigde» i hermeteikn, omgitt av bryllaupsgjester frå både gode og mindre gode heimar.

Det er nok ikkje mange som veit at eg sjølv har vore involvert i ein slik seremoni (om eg då ikkje lyg, og det vil de aldri finne ut av!), av den enkle grunn at eg aldri har fortalt om det, fram til no. Det har rett og slett vore for sårt. Men la oss no seie det som det var: Vi må då gå nokre tiår tilbake i tid, så hald på hattane! Den unge utgåva av Innsidemannen skulle «spleisast», som det heitte, med ho Halldis som kom frå ein dårleg heim oppe i Åsen, der det elles mest fanst villhundar, som ingen hadde noko godt å seie om. Dei vaksne kledde ho Halldis opp i ein brudekjole som eg straks såg var laga av ei gardin, og eg fekk på meg ein dress (som eg hadde arva av gamlelensmannen, han dei berre kalla «dvergen»), og nokon kleiste ein flosshatt av papp på det (alt den gongen) store hovudet mitt. Og eg må vedgå: Eg kjende meg oppstemd! Ung og uskyldig som eg var, visste eg ikkje kva eit jonsokbryllaup innebar, eg trudde det var eit ekte bryllaup. Og ho Halldis hadde eg alltid likt (i dag veit eg ikkje heilt kvifor), og eg var fylt av ei slags lykkekjensle: Tenk at det skulle bli ho Halldis og meg! Og det for resten av livet!

Eg trur eg skal spare dykk for detaljar etter dette. Ho Halldis og eg blei (slik eg forstod det) vigde etter gammal sed og skikk, og eg klemde den varme og gode handa hennar. Så kjem det eit mørke, og eg stod der i dette mørket og høyrde ho Halldis seie: «Trudde du det var ekte?! Kor dum går det an å bli? Det var jo jonsokbryllaup!» Og så sprang ho av stad for å fortelje dette til venninnene sine.

Kanskje unødvendig å seie, men eg seier det no likevel: Ho Halldis og eg har ikkje mykje kontakt i dag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis