Petter Northug.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko (Guri)
Det er ganske strevsamt å ha ein baby. Men nokre positive bieffektar finst det:
– Når babyen har feber, rekk ein ikkje å eta, noko som fører til at ein (ufrivillig og utan strev) slankar seg.
– Ein vaknar kvar time om natta og fell sjeldan ned i djup søvn, difor drøymer ein svært mange interessante drømmar.
– Eg kom visst ikkje på noko meir.
Enkel kur
Mange prøver febrilsk å spare pengar, medan andre ynskjer å gå ned i vekt. Sigrid har funne løysinga på båe problema: Klipp sund bankkortet ditt.
Kjære idretts- utøvar
Neste gong du vinn ein medalje og skal skryte av deg sjølv, er du da nøydd til å bruke omgrep som «helt sykt» og «sinnsykt»? Kva om du heller seier at det var «friskt», ja, kanskje til og med «100 prosent friskt»?
Lur taktikk (Guri)
I natt drøymde eg at Petter Northug var kjempesint på grunn av ei sak om religionsutøving. Han plasserte seg på den liberale sida, og meinte det var lov å vere religiøs utan altfor strenge oppmøtereglar i kyrkja. Eg prøvde å spionere på han, og følgde etter han i eit varehus med møblar. Eg gøymde meg under eit stuebord, men skjønte at eg var ganske synleg der. Heldigvis hadde eg på meg ein onepiece i eit orientalskmønstra teppeliknande stoff, og håpa difor at eg gjekk i eitt med teppet eg låg på. Om Northug sette seg ved dette bordet for å prate med nokon, tenkte eg, ville eg få med meg svært mykje interessant.
Det er mogleg at eg gjorde alt dette fordi eg trass alt arbeider som innsidejournalist og treng nokre gode saker av og til.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko (Guri)
Det er ganske strevsamt å ha ein baby. Men nokre positive bieffektar finst det:
– Når babyen har feber, rekk ein ikkje å eta, noko som fører til at ein (ufrivillig og utan strev) slankar seg.
– Ein vaknar kvar time om natta og fell sjeldan ned i djup søvn, difor drøymer ein svært mange interessante drømmar.
– Eg kom visst ikkje på noko meir.
Enkel kur
Mange prøver febrilsk å spare pengar, medan andre ynskjer å gå ned i vekt. Sigrid har funne løysinga på båe problema: Klipp sund bankkortet ditt.
Kjære idretts- utøvar
Neste gong du vinn ein medalje og skal skryte av deg sjølv, er du da nøydd til å bruke omgrep som «helt sykt» og «sinnsykt»? Kva om du heller seier at det var «friskt», ja, kanskje til og med «100 prosent friskt»?
Lur taktikk (Guri)
I natt drøymde eg at Petter Northug var kjempesint på grunn av ei sak om religionsutøving. Han plasserte seg på den liberale sida, og meinte det var lov å vere religiøs utan altfor strenge oppmøtereglar i kyrkja. Eg prøvde å spionere på han, og følgde etter han i eit varehus med møblar. Eg gøymde meg under eit stuebord, men skjønte at eg var ganske synleg der. Heldigvis hadde eg på meg ein onepiece i eit orientalskmønstra teppeliknande stoff, og håpa difor at eg gjekk i eitt med teppet eg låg på. Om Northug sette seg ved dette bordet for å prate med nokon, tenkte eg, ville eg få med meg svært mykje interessant.
Det er mogleg at eg gjorde alt dette fordi eg trass alt arbeider som innsidejournalist og treng nokre gode saker av og til.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?