Alfredson
Hellumbakken i Svelvik.
Den svenske revyartisten, skodespelaren, regissøren, forfattaren med meir, Hasse Alfredson, er ikkje lenger blant oss. Han var godt oppi åra, og, etter det han sa sjølv, lei av livet. Eller mett av dagar, for å gå til den bibelske terminologien som vi gjerne held oss til her på Innsida.
Eg har den tiltrua til lesarane mine at dei er slik nokolunde orientert om kva Alfredson har bidratt med i denne verdas kulturhistorie, for ein stor del saman med kompisen Tage Danielsson. Eg treng berre nemne filmane Att angöra en brygga, Äppelkriget, Picassos eventyr og den heilt annleis Den enfaldiga mördaren, gjennombrotet for Stellan Skarsgård. Til all lykke ligg svært mykje av Alfredsons bedrifter ute på nettet, så han skal ikkje bli gløymd med det aller første. Men det er trist å tenkje på at av alle dei som var med i filmen Att angöra en brygga, var Alfredson ei stund den siste gjenlevande. (Gösta Ekman gjekk ut av tida, som det heiter i dag, tidlegare i år.) Og no er det ingen att.
Men la meg til slutt få servere ein Alfredson-anekdote (servert via Terje Nordby i eit minneord i Klassekampen) som eg har tenkt å bruke for alt det er verdt: Alfredson var på ein pressekonferanse og fekk spørsmålet han hadde fått ein million – Trump ville sagt «billions and billions» – gonger før. «Kor får de alle ideane frå?» Alfredson vrei seg litt og såg først trøytt og lei seg ut. Men så lysna fjeset litt, og han svarte: «Från Tyskland.»
Den som berre hadde komme på det først!
Hoppbakkar før og no
Kor mange skihopparar kjenner du eigentleg? Eg veit at dette spørsmålet kanskje kom litt bardus på dei fleste av dykk, men det måtte stillast. (Og når eg først er i gang, kan eg innprente at det heiter å stille spørsmål og setje spørsmålsteikn.) Av internasjonalt kjende skihopparar har eg helst på éin: Ingolf Mork (1947–2012). Og eg har sett Bjørn Wirkola i levande live, men då hadde han avslutta hoppkarrieren og blitt fotballspelar for Rosenborg. Men den eg kjenner best, er nok alt i alt far min. Han var i si tid den mest lovande skihopparen frå Strømm (no Svelvik) kommune, og han var stadig vekk på førstesida i dei fleste av landets berekraftige aviser, saman med hopplegenda Birger Ruud, og gjerne omgitt av relativt lettkledde kvinner.
Så kva ville då vere meir naturleg enn å ta han med til staden der det heile begynte, Hellumbakken i Svelvik, der han gjorde sine første hopp, og nådde bortimot 40 meter? (Sjølv har eg berre hoppa ca. 20 meter, så eg veit å respektere det dobbelte.) Og vi køyrde gjennom nokre av dei mest grisgrendte strøk landet har å by på, der tannlause karar sat utanfor dei forfalne husa sine og spelte banjo, til vi endeleg stoppa der far min meinte at Hellumbakken låg. Men kva såg vi? Ein jungel. Den legendariske Hellumbakken var totalt attgrodd, som dei fleste andre stader i landet vårt. Ein kunne framleis så vidt skimte hoppkanten, men det var det heile.
Far min braut naturleg nok saman, men eg tok det for gitt at han ville komme over dette, slik han har komme over alle andre vonbrot i livet og komme styrkt ut att. Og eg fekk rett. I ein alder av 93 år har han no bestemt seg for å begynne å hoppe på ski att, og det ikkje i ein skarve 40-metersbakke. Så dermed kan vi fastslå at dette til slutt blei ei skikkeleg solskinshistorie!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.