Vanylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Fiskå, eller Fiskåbygd, er kommunesenteret i Vanylven, og der finn me, mellom mykje anna fint, hovudkontoret til lokalavisa Synste Møre. Frå staben i Synste Møre har eg fått tilsendt fylgjande referat: «Under lunsjen i lokalavisa Synste Møre fredagane har vi alltid kviss frå Dag og Tid. Stundom prøver vi oss på Klok på bok også, utan alltid å kome til målet. Men då bladstyraren deklamerte diktet denne gongen, ropte ein oppøst journalist, med munnen halvfull av brødskive med servelat og majones, før vi hadde avslutta siste linja: ’Dette må vere ho Støls-Hilde!’ Vi henta samlinga Søkk frå bokhylla på redaktørkontoret – og der stod diktet på side 31. Hilde Myklebust altså – vår tidlegare kollega og spaltist. No i Klok på bok! Det er sanneleg vel fortent!»
Gunder Runde har vore på festival, og det var fornuftig. Han skriv: «Vi skulle fram til ein forfattar som var fødd anten i 1963 eller 1979, og til ei diktsamling som kom ut anten i 1997, 1999 eller 2008. Så langt greitt. Men etter ein del fomling i dikthylla mi, og leiting i diverse boksoger etter høvelege lyrikarar fødde i 1963 eller 1979, gav eg opp. Men SÅ: Laurdag ettermiddag var vi på det som er kjent i lokalmiljøet som ’Noregs minste poesifestival’, med tittelen ’Under linda’ – dvs. i hagen til forfattar Øystein Orten på Hareid. (Han har faktisk ei lind i hagen!) Blant opplesarar, songarar og anna gildt folk var også Hilde Myklebust, som las eigne dikt. Og eg syntest eg kjende att noko med tonelaget/dåmen/musikken i dikta ho las som minte meg om KPB 1296. Dessverre reiste ho heim att til Vanylven før eg fekk konfrontere henne med teorien min. Men vel heime fekk eg klarlagt at ho faktisk er fødd i 1979, og at diktsamlinga (som ho las frå) kom ut i 2008, og heiter Søkk. Eg kontrollerte teorien på Ulstein folkeboksamling i dag, og der stod boka i ei forbausande ryddig lyrikkhylle, og der stod altså også diktet på s. 31 – med tittelen ’Fall’. Hilde Myklebust har gitt ut ei diktsamling for born med tittelen Bjørkebokstavar, elles har ho gitt ut fleire lyrikksamlingar og ein roman, Glødepunkt, som er verkeleg god, med emne frå ei industriverksemd på landsbygda – nokså lett attkjennande som utvinninga av olivin i Vanylvsbygda Åheim. Ho driv gard, er bibliotekar og småbarnsmor, i tillegg til å skrive dikt.»
Dei som kom opp med rett svar på Klok på bok 1296, var: Skeisebibliotekaren i LASK, John Olav Johnsen, Else Gjesdahl Sørensen, Staben i Synste Møre, Jan Alfred Sørensen, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Gunnar Bæra, Jorunn Øxnevad Lie, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Bjørn Gjermundsen, Guro Funjem, Rannveig Nordhagen, Gunder Runde, Pål Amdal, Per Trygve Karstensen, Olav Molven, Ingvar Engen, Tor Inge Myren, Dei kvasse på Fana, Petter Kristensen, Solfrid Vestli, Olav Holten, Robert Øfsti, Eirik Holten, Turid Tirevold, Marit Lindberg, Inger Margrethe Berge, Kirsten Bakke, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Eva Sunde, Tove Knutsen og Idar Lind og Torleik Stegane. I dag er Olav Holten bokvinnar. Gratulerer!
Til sist vil eg seie meg samd med Laurits Killingbergtrø, som skriv: «Eg tolkar tittelen Søkk som ei dukking ned i ulike minne, forteljingar, opplevingar og observasjonar, i stor mon knytte til naturen. Sjølv om emna er mangslungne, har dikta noko sams i stilen, noko vart og stillfarande som tiltalar meg.»
Klok på bok 1298
Første gang jeg mødte hende var det egentlig Tom Iversen der mødte hende og kunne lide hende men så blev han syg og gik hjem og så var det altså mig der mødte hende og kunne lide hende.
Sitatet er på originalspråket, og kom på prent i bokform fyrste gong i 1976. Forfattaren er fødd i eit år der nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på tysk. Sidan sitatet kan finnast i tallause samlingar og utval frå den store produksjonen til forfattaren, vil eg ikkje masa om namn på verk denne gongen. I staden vil eg insistere på at de finn fram til slektningen som var kjælenamnet til forfattaren. Send namn og kjælenamn på forfattar til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 28. juli.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.