Apropos
Tom Cruise og Janne Miriam Formoe, trur eg.
Foto: Francois Mori/NTB scanpix
Ein annan oppfølgar som snart er å sjå på ein skjerm nær deg, er Karsten og Petra 6. Det begynte med ei bok (Karsten får ikke sove), og så kom det ei bok til (Petra begynner i barnehaven), og så kom det nærmare 30 bøker til. Så kom det ein film (Karsten og Petra blir bestevenner), og så kom Karsten og Petra på vinterferie) og fire til, og eg trur den sjette filmen skal heite Karsten og Petra begynner på ungdomsskulen. Deretter får vi sikkert Karsten og Petra begynner på vidaregåande, Karsten og Petra på Roskilde, Karsten og Petra blir studentar, Karsten og Petra lagar barn, Karsten og Petra giftar seg, Karsten og Petra får problem, Karsten og Petra skil seg, Karsten og Petra prøver igjen, og så vidare og vidare til verda nesten går under, omtrent som i Mission Impossible. (Det skulle ikkje forundre meg om vi til slutt får sjå Karsten og Petra blir zombiar.)
I alle fall: Rykta seier at Tom Cruise har ei gjesterolle i neste Karsten og Petra-film: Han har ein affære med mor til Petra, spelt av Janne Formoe. Ho har nemleg mellomnamnet Miriam. Ho er fødd i juli og kjem frå Kristiansand. Scientologikyrkja er dermed nøgd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ein annan oppfølgar som snart er å sjå på ein skjerm nær deg, er Karsten og Petra 6. Det begynte med ei bok (Karsten får ikke sove), og så kom det ei bok til (Petra begynner i barnehaven), og så kom det nærmare 30 bøker til. Så kom det ein film (Karsten og Petra blir bestevenner), og så kom Karsten og Petra på vinterferie) og fire til, og eg trur den sjette filmen skal heite Karsten og Petra begynner på ungdomsskulen. Deretter får vi sikkert Karsten og Petra begynner på vidaregåande, Karsten og Petra på Roskilde, Karsten og Petra blir studentar, Karsten og Petra lagar barn, Karsten og Petra giftar seg, Karsten og Petra får problem, Karsten og Petra skil seg, Karsten og Petra prøver igjen, og så vidare og vidare til verda nesten går under, omtrent som i Mission Impossible. (Det skulle ikkje forundre meg om vi til slutt får sjå Karsten og Petra blir zombiar.)
I alle fall: Rykta seier at Tom Cruise har ei gjesterolle i neste Karsten og Petra-film: Han har ein affære med mor til Petra, spelt av Janne Formoe. Ho har nemleg mellomnamnet Miriam. Ho er fødd i juli og kjem frå Kristiansand. Scientologikyrkja er dermed nøgd.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»