Brev utan strev
U.S. President Donald Trump and first lady Melania Trump wait the arrival of French President Emmanuel Macron (unseen) before a lunch ahead of a NATO Summit in Brussels, Belgium, May 25, 2017. REUTERS/Jonathan Ernst
JONATHAN ERNST
Viss du ikkje er god i engelsk, men har behov for å sende nokon eit brev på engelsk, no problem: Gå inn på Google Translate, skriv brevet inn i boksen og sjå teksten bli omsett mens du skriv, og så er det berre å klippe og lime. Sjølv sende eg eit i går; sjå kor flott det blei:
Hello and hope, Donald.
You are my good one. You raise people across the world. Even neo-Norwegians and women want to have health on you, and maybe you’ll be careful. Even so, I am not going to be rude in this letter, just a triveleg. I sit and enjoy myself with one tear and one rolling, and after seeing a new hand where you showed your flirting and your welding, I thought that I should scratch you a little and beat you – not your undershots , And do not kjerringa di. (I have heard that you can read. (But you may not know, so chorus babes ow.) You want to babe and rable, can you say?
Dear hello Marita.
Som du ser, om du vil, blei den engelske versjonen faktisk betre enn den norske:
Hei og hopp, Donald.
Du er meg ein god ein. Du hissar opp folk over heile verda. Sjølv nynorskmenn og -kvinner har lyst til å helse på deg, og kanskje seie noko passe frekt. Sjølv skal eg ikkje vere frekk i dette brevet, berre triveleg. Eg sit og kosar meg med ein tår og ein rullings, og etter å ha sett nyhenda, der du viste deg med fliret ditt og sveisen din, tenkte eg at no skal eg jaggu meg rable ned noko til deg og berre deg – ikkje undersåttane dine, og ikkje kjerringa di. (Eg har høyrt at ho kan lese. (Men det kan kanskje ikkje du, så korfor bablar eg.) Du gir meg lyst til å både bable og rable, kan du seie. Jau då*. Vi sest.
Beste helsing Marita.
* Google Translate greidde/gadd tydelegvis ikkje omsette «jau då».
Få meir rente
Det er ergeleg at renta på sparepengane mine – eg har eit par tusen kroner i banken fordi eg sparer til hus – har gått nedover og nedover til nærmare 0. Derfor blei eg kjempeglad då eg såg denne reklamen i eit av teikneserieblada som ligg og sleng rundt om i heimen:
I Postbanken får ein 5 prosent rente!
Finn eit postkontor og få deg ei raud bok, du òg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?