Dagens oppgåve
Omset denne setninga til nynorsk:
Vi ønsker å bytte bøtta.
Svaret finn du nede i høgre hjørne.
Samlivs- opplæring
Så stod vi der igjen, opp mot 2000 barn og vaksne, på årets sommarfest på skulen, og jubla over det faste innslaget «ei overrasking», som inneber at ei popstjerne eller to kjem og opptrer. Så stod vi der, hoftesvingande, 100 sjuåringar, 100 åtteåringar og så vidare oppover, stolte foreldre og besteforeldre, syngande i kor, her fritt omsett frå engelsk: «Når du ligg på golvet og tiggar om meir, kom og spel på tromma mi. La meg smake, å, når eg er klar, er det berre å forsyne seg, fingeren på avtrekkaren, eg legg meg ned og speler med, kroppen min, no greier du ikkje vente, eg er heilt med.»
Ja-ja. Det er vel verken verre eller betre å stå og hoie at «vi tar en pinne for landet» i lag med Freddy Kalas, eller «fy faen, fy, fy faen, mange av gutta mine har begynt å hustle om da’n» i lag med Hkeem og Temur.
Høyrt ein søndag
«Nei, no er det verkeleg på tide med eit par kvite kvardagar. Ingen raudvin resten av veka.»
Svar på dagens oppgåve
Me ynskjer å byta bytta, vi ynskjer å byte bytta, vi ynskjer å byte bøtta, me ynsker å byta bøtta, vi ønskjer å byte bytta, me ønsker å byta bøtta, vi ønsker å byte bytta, me ønskjer å byte bytta, vi ynsker å byta bøtta og så vidare. Eventuelt kan du berre la vere å bytte bøtta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dagens oppgåve
Omset denne setninga til nynorsk:
Vi ønsker å bytte bøtta.
Svaret finn du nede i høgre hjørne.
Samlivs- opplæring
Så stod vi der igjen, opp mot 2000 barn og vaksne, på årets sommarfest på skulen, og jubla over det faste innslaget «ei overrasking», som inneber at ei popstjerne eller to kjem og opptrer. Så stod vi der, hoftesvingande, 100 sjuåringar, 100 åtteåringar og så vidare oppover, stolte foreldre og besteforeldre, syngande i kor, her fritt omsett frå engelsk: «Når du ligg på golvet og tiggar om meir, kom og spel på tromma mi. La meg smake, å, når eg er klar, er det berre å forsyne seg, fingeren på avtrekkaren, eg legg meg ned og speler med, kroppen min, no greier du ikkje vente, eg er heilt med.»
Ja-ja. Det er vel verken verre eller betre å stå og hoie at «vi tar en pinne for landet» i lag med Freddy Kalas, eller «fy faen, fy, fy faen, mange av gutta mine har begynt å hustle om da’n» i lag med Hkeem og Temur.
Høyrt ein søndag
«Nei, no er det verkeleg på tide med eit par kvite kvardagar. Ingen raudvin resten av veka.»
Svar på dagens oppgåve
Me ynskjer å byta bytta, vi ynskjer å byte bytta, vi ynskjer å byte bøtta, me ynsker å byta bøtta, vi ønskjer å byte bytta, me ønsker å byta bøtta, vi ønsker å byte bytta, me ønskjer å byte bytta, vi ynsker å byta bøtta og så vidare. Eventuelt kan du berre la vere å bytte bøtta.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.