Dårlege forretningsidear
Faksimile frå den førre innsida vår.
For kvar gründer som lykkast, finst det mange som mislykkast. For kvar god forretningsidé må det finnast mange dårlege. Nokre gonger er det vanskeleg å føresjå kva som vil bli ein suksess og ikkje. Men éin ting er sikkert: Spørjeundersøkingar er ei gullgruve!
Svar på spørjeundersøkinga
Den førre Innsida vår var utforma som ei spørjeundersøking. Dag og Tid-lesarane er svært engasjerte menneske. «Kom hjem fra Oslo 2. juli og har tenkt på spørsmålene i halve natt», skreiv ein av lesarane til oss. Vi fekk inn tilstrekkeleg med svar til at spørjeundersøkinga vart representativ og sanningsgehalten høg.
Det var stort spenn blant innsendarane våre. Vi har merka oss nokre spesielle karakteristika: 60 prosent har raud som favorittfarge, medan dei resterande 40 prosent hadde blå som favorittfarge. Den mentale alderen går frå 15 år via 75 år og vidare til «utgamal». Blant dei ufullførte utdanningane var det mykje rare greier, mellom anna eit sjudagars offiserskurs, doktorgradssøknad og kurs i å leva i lengevarande forhold. Dei fleste svara at dei var kjekke, medan éin av innsendarane opplyste at han hadde mista håret. Det var ingen riksmålsbrukarar som hadde sendt inn svar.
Her samanfattar vi svara frå dykk som sende inn. Alternativa som har fått flest svar, er fasit.
1. KLIMA OG MILJØ
Spørsmål: Kva bør ein gjera med ein tom druestilk for å bli kvitt han på ein mest mogleg miljøvenleg måte?
Svar: Druestilken kan sendast til ein lokal kunstar og nyttast som materiale i den nyaste installasjonen.
2. SAMFUNN
Spørsmål: Kva bør eigentleg D-en i Victor D. Norman stå for?
Svar: Diskohomo
3. SPORT
Spørsmål: Kva er det mest imponerande trekket ved dialektane til desse norske mannlege herrefotballtrenarane?
Svar: At Drillo konsekvent uttalar sjanse som «kjangs».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?