Di røyst
Det har vore val i nasjonen. Me har gått til stemmeurnene på den lokale skulen og sagt kva me vil, ved å levera ein stemmesetel. Den som fekk flest stemmer, får så lov til å styra. Det er dette som er demokrati, og som er trøblete mange stader.
Ikkje alle som styrer i land det ikkje er naturleg å samanlikna seg med, inviterer til å høyra folkets røyst.
Nokre stader har dei både stemmesetlar og urner, men dei har ikkje for vane å telja på same måte som vi gjer.
Me er med andre ord heldige som får delta på denne måten.
Men er det ikkje litt sjeldan? Me vert berre invitert annakvart år.
I Sveits har dei visst mange slike avstemmingar.
Ikkje berre for å stemma på kven som skal styra, men og om ulike saker.
Kunne ikkje det ha vore moro her òg?
Ikkje berre dei store tinga, som kven som skal vera statsminister, men litt av kvart som politikarane då hadde sloppe å krangla om.
Nei, eg tenker på saker som du og eg kunne ha avgjort med ein stemmesetel.
Kanskje me kunne ha fått foreslå sakene òg?
Nasjonale saker, ikkje om det skal asfalterast bak gjenvinningsstasjonen eller om det skal koma ny reguleringsplan ved ferjekaien.
Store viktige ting som alle er interesserte i.
Trafikk er til dømes noko som engasjerer veldig.
Skal det vera lov å svinga til høgre på raudt ljos, sånn som i USA? Det verkar som om styresmaktene ikkje klarar å bestemma seg. La oss ta oss av dette.
Det er nemleg ein del slike saker som det verkar som om dei som har makta, ikkje orkar eller vil ta tak i.
La oss gjera jobben med ein liten lapp i ei urne.
Kven skal vera landslagssjef?
Slipstvang, nakenbading, parkeringsbøter, storleiken på trillekoffertar eller det at folk går med trillekofferten sin ved sida av seg. Kan ein verkeleg kalla alkoholfri vin vin? Skal det framleis vera lov å selja lettrømme?
Heilt klart noko for oss med stemmesetel.
Elbilar og slikt. Er det enkelte moteplagg det bør vera ei øvre aldersgrense på? Innetider for småungar. Innetider for vaksne. Skal trailerar få køyra fyrst av ferja? Lompe eller brød. Kattepusfilmar og nysteikte vaffelbilete på Facebook. Fargen lilla. Ulv, Bjørn og sau. Grand Prix.
Skal det skal vera lov å laga tacosuppe? Viktige ting.
Nokre stader var det rett nok lokale val om kommunesamanslåing for ikkje så lenge sidan.
Men så patriotiske som me nordmenn er, blir det ikkje vanskeleg å spå; vil du at me skal ha den vesle koselege kommunen vår, med alle dei trivelege folka her på kommunehuset som du kjenner så godt, eller vil du at me skal måtte reise til idiotane i nabobygda langt, langt vekke og møta folk me ikkje veit kven er? Kryss av for A eller B.
La oss heller få stemma meir. I saker som verkeleg betyr noko for oss nordmenn.
Videodømming. Offsideregelen.
Beatles eller Rolling Stones?
Ikkje akkurat Mount Rushmore
I Nordland på øya Tomma ligg fjellet Tommaskjevelen. I profil er det liten tvil om at det liknar på ein amerikansk president. Særleg viss du tiltar biletet litt. Med litt fantasi kan det likna på ei nordkoreansk leiar òg. Dette kan verta populært med den aukande turismen frå Asia. Utruleg kva dei får til på Helgelandskysten.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»