Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Eit betre alternativ?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik kan livet på ein ny planet arte seg.

3106
20170630
3106
20170630

I staden for å reise til ein annan planet for å restrukturere og forbetre menneskelivet, kunne ein kanskje teke dette i samband med fylkessamanslåinga?

Alternative feiringar

Kven har bestemt at feiringane vi har i dag er dei rette? I ein ny sivilisasjon vil det vere på sin plass å sjå litt på festkulturen vår. Her kjem nokre forslag til alternative feiringar:

NEGATIVT BRYLLAUP: Kvifor skal ein feire bryllaupsdag berre etter bryllaupet? Ein har svært mange markeringar i etterkant, slik som papirbryllaup (1 år), ullbryllaup (7 år) og atombryllaup (75).

Men vi veit jo at tidsrekninga ikkje tok til i år null, og livet tek heller ikkje til på bryllaupsdagen. Så kvifor ikkje feire negativt bryllaup? Kva med laserbryllaup (-10 år), sambuarbryllaup (-7 år) eller ølbryllaup (-1 år)?

FORLOVING PÅ VENT: Ifølgje våre kjelder går ei forloving ut på dato etter ti år. Om ein ikkje har fått ræva i gir og gifta seg, så er ein nøydd til å fri på nytt.

FRAMSKOTEN GRAVFERD: Ein av dei få dagane der du berre får ros og ingen kjeft, er dessverre etter at du er død. I gravferda di står alle fjerne og nære fram med gode historier, opphøgde personkarakteristikkar og rørande refleksjonar. Det er jo litt trist at ein ikkje får høyre alt dette medan er framleis er i live. Vi tilrår difor å ta gravferda litt på forskot, slik at ein kan gå ut av verda med god sjølvtillit. (Litt som at russefeiringa er før eksamen).

SKILSMISSESEREMONI: Det er naturleg å feire starten på eit samliv, men slutten glir ofte ut i ingenting. Kva med å markere skilmisser litt betre? Kanskje ein seremoni der ein leverer inn ringane og oppsummerer åra saman? Kyrkja bør lage eit slikt ritual, som Human-Etisk Forbund straks kan herme etter.

Sjokk nr. 1 (Guri)

Førre helg var eg i eit gullbryllaup (!) på Varaldsøy i Hardanger. Det var kult. Men eg må oppsummere at både naturen og infrastrukturen framstod som ganske rotete. For ein innlandsperson kan det kjennast klaustrofobisk med alle fjordane. På veg til øya måtte vi gjere noko så ekstremt stressande som å rygge inn på ferja. Vi var komne til ein av universets blindvegar.

På returen oppdaga vi i siste sekund at ferja hadde frakta oss til ein ukjend plass. Nokre medpassasjerarar fortalte at vi måtte vere med ein stopp til. Alle bilane forsvann av ferja, utanom to leigebilar som kom frå gullbryllaupet. Den oransjekledde ferjemannen begynte å kave med armane og rope uforståeleg til oss. Vi gjorde tydelegvis ein provoserande feil, men skjønte ikkje kva. Etter ei stund gjekk han over til å bruke verbalt språk, og vi innsåg at vi skulle snu bilen på ferjeplanet før innslepp av nye bilar. Kvifor kunne dei ikkje berre sagt det da vi kjøpte billett?

Sjokk nr. 2 (Guri)

Vestlandet er ein plass mellom det moglege og det urealistiske. Eg forbannar klimaet i Trondheim (ein stabil mellomting mellom vinter og sommar), men når eg besøkjer Vestlandet oppstår likevel eit vedvarande sjokk over at det bur menneske her. I dette landet regnar det meir på éi helg enn på ein heil sommar på Lesja. Eg hadde på meg regnklede, paraply og barnevogntrekk samtidig.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis