JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Eit mysterium

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Viss du er eit geni og har overnaturlege evner, ser du kva flammane seier.

2789
20180119
2789
20180119

Her ein kveld, då ein unge overtalte meg til å bli med ut på skøytebana, berre for at eg skulle sjå han suse rundt mens eg vingla etter på eit par gamle, rustne greier, med ein litt for liten hjelm pressa ned over skallen, såg eg at nokon hadde skrive fire bokstavar med faklar i bakken rett bortanfor bana. (Ja, eg tok ei rekke bilete, slik at eg kan bevise at eg snakka sant i tilfelle publikasjonen var historisk og sosialantropologisk banebrytande; det beste av dei elendige bileta kan du sjå nedanfor.)

Sidan det tok tid å stavre seg bort til undersida av orda i den glatte bakken, fordi eg gjekk på skøyter utan å kunne gå på skøyter, hadde fleire faklar i dei to siste bokstavane brunne ut då eg kom fram, ser du kanskje, men det var ingen tvil om at det som stod skrive, var «SI JA».

Snakk om neglebitande gåte.

Men til slutt, nærmare midnatt, konkluderte eg med tre alternative løysingar:

1) Ein (bokmåls)person frir til ein annan, og den som blir fridd til, sit i eit av toga – flytog, NSB-tog eller godstog – som susar forbi like nedanfor i bakken, der «SI JA» lyser mot vedkommande som ei sol i svartaste helvete.

(Herregud, bokstaveleg talt, sidan ei kyrkje tronar bak orda, kor romantisk.)

2) Ein person frir til kjærasten sin ein stad oppi åsen på andre sida av dalen, og ber kjærasten gå til vindauget, ta kikkerten og sjå ned på kyrkja. «Herregud», bryt kjærasten ut idet ho ser «SI JA».

(Kva ho svarer, veit berre dei to, men vi får tru ho svarer fornuftig.)

3) Ein person tar kjærasten med opp i luftballong, helikopter eller fly, eventuelt hengglidar eller UFO, og i det same orda «Vil du gifte deg med meg?» blir uttalte, må kjærasten kikke ned på landjorda, der det altså står «SI JA».

«Ja», jublar ho, viss ho ikkje seier nei.

Og så kyssar dei kvarandre.

Viss ikkje det blir slutt mellom dei der og då. Gud veit.

Alternativt svar

Det er klart det finst andre moglege svar på «SI JA»-gåta. Det kan for eksempel hende nokon har lese ei gammal avis der det står om EU-medlemsskap, OL i Oslo eller sidemålskarakterar i skulen. Kanskje einkvan har skrive «SI JA» fordi hen – ja, det kan òg hende det handlar om kjønn, kyrkjelege vigslar og slikt noko – er lei av at folk seier nei til alt mogleg. Ungane mine, for eksempel, er leie av at eg seier nei når dei ber om ny telefon eller barnepils (brus) til middag. Ja, det skulle ikkje forundre meg om det er dei som har skrive «SI JA», berre for å plage meg, og at det var derfor eg måtte bli med ut og stå på skøyter, og eg sa ja til å gå ut i kulda fordi eg har som nyttårsforsett å mosjonere meir, ikkje berre sitte og ete bollar og sjå på sjølvportrett av folk som går på ski og smiler muskuløst over heile fjeset – retusjert er det òg, smilet, og sola skin.

At eg ikkje skjønte det!

Skitungar!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis