Eit pre- kontantlaust samfunn
Denne veka vart dei nye 100- og 200-setlane tekne i bruk. Kristian Birkeland vart erstatta med ein torsk, og Kirsten Fløgstad med ein båt. Vi satsar på at det er trekkpliktig båtgodtgjersle inne i bildet.
Variasjonar av laks
Har du nokon gong tenkt tanken om at jorda eigentleg berre er eit atom – berre ein liten byggjestein i ei anna verd? Litt slik trur eg arkitekten bak kongens jubileumsmiddag tenkte. Dersom ein sit til bords og et variasjonar av laks, da bør ein også sjå ut som eit brett med sushi.
Kva bør ein bekjempe? Fattigdom eller rikdom?
Nå som det snart er sommar, kjem nok snart dei tåredryppande historiane om dei fattige barna som ikkje har råd til å dra på sydenferie. Vi spør oss: Er det ikkje heller rikdom ein må bekjempe dersom ein ikkje føler ein kan ha ein fullverdig ferie utan å måtte dra til utlandet? Å berre tusle rundt i nærområdet er bra for miljøet. Tenk globalt, ferier lokalt, seier vi.
Ølkafé
«Har du høyrt om konseptet ’ølkafé’?» spør avisa Firda på Facebook-sida si. Nei, men vi har høyrt om konseptet «pub».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eit pre- kontantlaust samfunn
Denne veka vart dei nye 100- og 200-setlane tekne i bruk. Kristian Birkeland vart erstatta med ein torsk, og Kirsten Fløgstad med ein båt. Vi satsar på at det er trekkpliktig båtgodtgjersle inne i bildet.
Variasjonar av laks
Har du nokon gong tenkt tanken om at jorda eigentleg berre er eit atom – berre ein liten byggjestein i ei anna verd? Litt slik trur eg arkitekten bak kongens jubileumsmiddag tenkte. Dersom ein sit til bords og et variasjonar av laks, da bør ein også sjå ut som eit brett med sushi.
Kva bør ein bekjempe? Fattigdom eller rikdom?
Nå som det snart er sommar, kjem nok snart dei tåredryppande historiane om dei fattige barna som ikkje har råd til å dra på sydenferie. Vi spør oss: Er det ikkje heller rikdom ein må bekjempe dersom ein ikkje føler ein kan ha ein fullverdig ferie utan å måtte dra til utlandet? Å berre tusle rundt i nærområdet er bra for miljøet. Tenk globalt, ferier lokalt, seier vi.
Ølkafé
«Har du høyrt om konseptet ’ølkafé’?» spør avisa Firda på Facebook-sida si. Nei, men vi har høyrt om konseptet «pub».
Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.