JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Eit tilsynelatande evig spørsmål

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tradisjonell jølstrafrukost.

Tradisjonell jølstrafrukost.

Tradisjonell jølstrafrukost.

Tradisjonell jølstrafrukost.

3009
20170908
3009
20170908

Eit problem vi alle vel har opplevd fleire gonger i vårt mangslungne liv, er dette med folk som ikkje har lås på dodørene sine. Du er på besøk, og får brått ei uroande kjensle av at du må ut eit ærend, og når du kjem inn på etablissementet, oppdagar du at det ikkje går an å låse døra! Og dobesøket mister straks mykje av glansen. Du blir fylt av stress. Heile gleda forsvinn, og i verste fall går du ut att med uforretta sak, og tar deg kanskje heller ein tur bak nova. Og eg spør meg sjølv kvar gong: Kva er det for slags menneske som driv med slikt? Kva for pervers skikk er no dette? Er dette menneske som gjerne vil ha besøk mens dei sit der og godgjer seg? Kanskje slå av ein drøs? Eg har enno ikkje fått meg til å spørje kva greia er, så ein kan seie at eg kunne gjort meir for å få klarleik i saka. Men at det er ein uting, kan vel alle vi som låser dodørene våre, og gjerne kjenner etter ein ekstra gong om døra verkeleg er låst, vere einige om. Ein skulle jo tru at mennesket var komme litt lenger i utvikling.

Fadderordning, ei ordning for pyser

Studentane har vendt tilbake til læreanstaltane sine, og dei nye studentane har blitt tildelt såkalla «fadderar» som skal rettleie dei i å finne høvelege drikkeplassar, kle seg i idiotiske klede og skråle. Dette er jo stort sett folk som nettopp er ferdige med russetida si. Dei har hatt seg ein liten pause, og så kjem russetid nummer to. Akk, ja. Kva er no dette? I studietida mi var det ikkje ein einaste fadder å sjå i mils omkrins, og hadde vi fått auge på ein, hadde vi nok klynga han opp i nærmaste lyktestolpe. Og det blei folk av oss likevel. Einsame var vi, men vi klarte oss. Og drikkeplassane fann vi fram til av oss sjølve. Og om ein og annan kjende trong til å skråle litt, så klarte han seg utan å gjere det i flokk.

Men det har vel vore gjort undersøkingar som viser at studentar i dag er minst femti prosent meir pysete enn oss som var med og bygde landet og skapte dei norske verdiane. Naturleg nok. Men sanneleg min hatt, det er blitt september, og eg skulle hatt med ei kåring av den beste septembersongen, men det må rett og slett utstå til neste gong. Men eg nemner kandidatane: «September Song», «September In The Rain» og «September Of My Years».

De kan få tenkje litt på saka. God og sopprik september!

Sopp

Eg veit ikkje om eg kan ha nemnt at eg har vore ein snartur på hytta i Jølster, og der var det sopptid! Soppen har grodd opp over alt, både inne og ute. No er eg ikkje kjend for å vere nokon typisk soppmann, men eg plukkar no med meg dei kantarellane – den einaste soppen eg er heilt sikker på er etande – eg finn på min veg, og steiker dei etter eiga oppskrift. Men kva med alle dei andre soppane, som trass alt er i stort fleirtal? Det jo synd at dei berre skal stå der og rotne på rot. Og korleis finn ein ut om dei er giftige eller ikkje? Her, kjære lesar, er det berre eitt å gjere: skylje dei litt, og ete dei. Så finn ein ut etter kvart om dei var det eine eller det andre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis