Fløgstad-floke
I veka som kjem, er det val i Noreg. Eg veit ikkje om lesarane av spalta her valfartar til røystelokala, om de tykkjer valkampen har vore eit karneval, eller om de slit med ambivalens når det kjem til kven av rivalane de skal velja. Eg vil oppmoda lesarane til å vakna opp av dvalen og bruka røysteretten, men de må klare det sjølve. Det vert ikkje noko slinger i valsen frå boklækjaren; eg kjem ikkje til å skrive ut resept på verken valium eller valnøtter til dei som er i tvil.
Tvil vart det mykje av for oppgåveløysarane denne gongen. No skuldast ikkje tvilen at oppgåve 1302 var særleg vanskeleg, men at Wikipedia har ei Fløgstad-floke på lur.
Kari Marie Thorbjørnsen skriv: «Eg er djupt såra og vonbroten over Wikipedia, som kunne leie meg så styggeleg vill. Teksta i oppgåve nr 1302 ropte jo «Fløgstad, Fløgstad» lang veg – og sidan han er fødd 7. juni, dagen etter D-dagen 6. juni, verka saka grei. Men søk på verklista hans på Wikipedia, jamført med lista over kvinnelege engelskskrivande nobelistar, gav inga utteljing. Frustrasjon, ingen Fløgstad-utgjevingar i år med nobeldamer på engelsk. Heldigvis sette Store norske leksikon ting så velsigna på plass: Kniven på strupen kom i 1991, det året Nadine Gordimer fekk nobelprisen. Wikipedia påstår at den kom i 1992! Slikt kunne ein truleg lage seg konspirasjonsteoriar av, om ein var lagd åt det haldet.»
Ingebjørg Sogge skriv: «Favoritt, denne gongen! Kjartan Fløgstad reknar eg som fedrelandets fremste nolevande forfattar. Alle snakkar om Solstad, og han har mykje bra for seg, men Fløgstad er min mann. Eitt av kjenneteikna hans er det tung-lette, om lag som stega i folkedans. Her er flust med fjas og ablegøyer, men alltid med eit seriøst siktemål. Ordleiken som er så typisk for tekstane hans, kjem svært godt til syne i den siterte teksten, ein tydeleg signatur. Denne boka, Kniven på strupen, har eg ikkje i hylla, eg har nok lånt henne bort, som kjent ein risikosport. Romanen er eit frittståande framhald av Dalen Portland og Fyr og flamme. Det norske samfunnet blir atter lagt under lupa og dissekert. Denne gongen er det Nye Noreg som er i søkelyset, slik det artar seg på åttitalet; oljeglatte jappejåler med låg moral og høg oppdrift befolkar gråsonene i eit spel om endra norske verdiar, forbrytelse utan straff. Det er befriande å lese ein forfattar som har kunnskap og innsikt nok til å heve blikket frå navleloa, ho har vore nokså frodig i norsk litteratur dei seinare åra.»
Dei som løyste Fløgstad-floken og fann rett svar på Klok på bok 1302, var: Jon Grepstad, Tove Knutsen og Idar Lind, Torleiv Kløve, Inger Anne Hammervol, Per Skjæveland, Solfrid Vestli, Hallgeir Dale, Jan Alfred Sørensen, Nils Ottesen, Petter Kristensen, Laurits Killingbergtrø, Truls Johan Horsberg Hoff, Rannveig Nordhagen, John Olav Johnsen, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Olav Holten, Gunder Runde, Laura Killingbergtrø, Gunn Bull-Berg, Turid Tirevold, Birte Næsheim, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Hegna, Kari Marie Thorbjørnsen, Olav Molven, Kirsten Bakke, Asbjørg Apalset, Ingvar Engen, Geir Instanes, Robert Øfsti, Tor Inge Myren, Folke Kjelleberg, Ester Marit Egeland, Jorunn Øxnevad Lie, Ingebjørg Sogge, Ove Bjørkhaug, Jon Olav Myklebust, Kirsti Husum, Bjørn Gjermundsen, Eirik Holten, Marianne Dahl, Anne-Marie Grønhaug, Sigrid Hiller, Inger Margrethe Berge, Gunnar Bæra, Sjur Joakim Fretheim, Rolv Stølen, Jorunn Hjelle og Dei kvasse på Fana. I dag er Birte Næsheim bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1304
Hun gav ham hånden i all uskyldighet, og – likeledes i all uskyldighet – grep han frøkenens hånd og kysset den med slik en glød, en ømhet og en gratie at virkningen måtte bli som den ble: Leppene møttes, øynene ble blanke og knærne matte og hendene kom på videvanke.
Sitatet er frå fyrste kapittel i ei bok som på originalspråket kom ut under sjuårskrigen. Boka er ein klassikar, og i norsk omsetjing har ho kome ut i fleire utgåver. Boklækjaren sit med ei utgåve frå 2000. Me skal fram til ein kaffiglad forfattar, fødd same året som ein dansk salmediktar. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 15. september.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»