Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Frå ende til ende

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4586
20180713
4586
20180713

Sommarferien er i kjømda, og for at overgangen frå arbeid til avslapping ikkje skal verte for stor, køyrer me for halv maskin her i bokstova. Noko lyt me likevel finne på, så ikkje Gjerdåker får mistanke om at me ligg på latsida. Eit godt hovud i Klok-redaksjonen føreslo at me kunne halde ei høgtideleg kåring av den beste tittelen på ei norsk sommarbok, og etter nokre timar der eg diskuterte med meg sjølv, vart føreslaget vedteke med éi røyst i overvekt.

Ei god stund såg det ut til at Sigurd Hoel med Syndere i sommersol skulle få fyrstepremien, men på siste indre sneik kollega Arne Hjeltnes seg forbi med Den sumaren eg fylte diesel. Høyrer du hyllesta, Hjeltnes?

Grundige Gunder Runde gjekk metodisk til verks på oppgåve 1345. Han skriv: «Med berre tre norske nobelprisvinnarar i litteratur burde det vere ei overkomeleg oppgåve å sjekke bøkene deira som har personnamn som tittel. Bjørnson gjekk kvikt, Arne og Magnhild er neppe gangbare førenamn i omsett litteratur – Leonarda kan kanskje tenkjast? Hamsun har litt fleire: Rosa, August, Victoria (men neppe Benoni). Men så vart det fullklaff med Undset: Jenny. Og då var vegen kort til den tyske forfattaren Jenny Erpenbeck, fødd 1967, debut 1999. Berre to av bøkene hennar er omsette til norsk, og den aktuelle i dag er Alle dagers ende (Aller Tage Abend på originalspråket).»

Ingebjørg Sogge har lese løysingsboka og skriv: «Eg vinn aldri i lotteri, og sjeldan på basar. Men denne gongen var lykketreffet ute, boka det blir spurt etter, ligg på nattbordet og er ferdiglesen! Jenny Erpenbeck er ei av fleire relativt unge kvinner som gjer det spennande å følgje med i tysk litteratur. (Andre er Juli Zeh, Judith Schalansky og Judith Hermann.) Alle dagers ende er ein original roman om europeisk historie på 1900-talet sett gjennom augo til ei kvinne utan namn, ei ’kven-som-helst’ (jedermann). Komposisjonen klargjer kva for rolle slumpetreffet kan spele i eit menneskeliv. Hovudpersonen dett ned tropper og sklir på isen med døden til følgje, men forteljinga er ikkje slutt for det, for kva hadde skjedd viss ho ikkje hadde snubla, eller gata hadde vore isfri? Slik får vi stadig nye versjonar av livet til den namnlause, men alltid med den politiske utviklinga i Europa som bakteppe. Spørsmålet vi stiller oss til slutt, er om vi i det heile har styring over eigne liv, og om årsak og verknad i historia er meir basert på slump og samantreff enn vi likar å tenkje på.»

Frå ende til annan har eg lese svara eg fekk på oppgåve 1345, og her er namna på dei kloke denne gongen: Jon Grepstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunn Bull-Berg, Gunder Runde, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Torleiv Kløve, Magnhild Reisæter, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Ellen Lian, Ingvar Engen, Birte Næsheim, Sjur Joakim Fretheim, Gunnar Bæra, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Kristin Solbjør, Gudrun Havro, Tore Skjæveland, Per Skjæveland, Olav Holten, Jorunn Røyset, Signar Myrvang, Tor Inge Myren, Christopher Messelt, Else Bovim, Tvillingene, Anne Berit Skaarer, Nils Ottesen, Hallgeir Dale, Jorunn Øxnevad Lie, Odd Storsæter, Pål Amdal, Ståle Ritland, Turid Tirevold, Rannveig Nordhagen, Bjørn Gjermundsen, Kjell Helge Moe, Brita Lundeland, Marit Lindberg, Eirik Holten, Marianne Dahl, Folke Kjelleberg og Petter Kristensen. Bokvinnar i dag er Hallgeir Dale. Gratulerer!

Boklækjaren ynskjer alle lesarane av Dag og Tid god sommar. Hugs at kor som er og same kvar du er i verda, vert det aldri feil å leggje ut på litteratur.

Klok på bok 1347

Han stirrer fortapt på henne, hva var det han et sekund hadde vært på nippet til å gjøre? Og samtidig blir han så hjerteskjærende vemodig, han føler det som om hans liv glapp i dette sekund; han kunne ha gjort det, men gjorde det ikke. Det er noe inne i ham som med avsindig sorg strekker seg efter det tapte; kan det noensinne komme tilbake? For hvordan skal han noensinne, våken og skyldig, kunne røre ved henne? Gud, du som er allmektig, kan du gi en mann et sekund tilbake? Et eneste, bitte lite sekund ut av hele evigheten? Ett sekund? Gud, ber jeg om for meget? Ett eneste lite sekund?

Sitatet er frå eit kapittel som heiter «Uskyldens øyeblikk» i ei bok som kom ut i 1956. Boka er ein klassikar som har vore omstridd. For å ha glede av boka er det ikkje ein føresetnad at ein har studert gemmologi. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha føre- og etternamnet på jenta som hovudpersonen tenkjer på i sitatet. Send heile namnet på jenta, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 21. juli.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis