God romkjensle
Kven drøymer ikkje om å bu slik?
Johansen, Erik
For ein månad sidan gjorde eg narr av ein bustadmeklar i Oslo fordi annonsen hans sa: «Bo billig på Sørenga!» – 108 kvadratmeter til berre 9,5 millionar kroner, med berre 4487 i husleige.
No ser det ut til at meklaren, som jobbar i Nordvik & Partners, heldigvis les Dag og Tid og tar spott på alvor. Dei har nemleg endra annonsen. No står det: «Bo økonomisk på Sørenga!» Dessutan har dei sett ned prisen til skarve 8,9 millionar kroner.
Så veit du det, i tilfelle du er interessert.
Eventuelt kan du kjøpe eit anna husvære som er til sals på Sørenga, kanskje eit som er litt større (123 kvadratmeter) og har litt lågare husleige (4063 kroner)?
Standarden er god, ifølge Nordvik & Partners: «Leiligheten har en god planløsning hvor kjøkken/spisestue og stue ligger sammenhengende og gir en meget god romfølelse. Samtidig som du fra stuen kommer ut til stor balkong med flott utsikt. Rommene er moderne og åpne med gjennomgående god standard. Videre består leiligheten av 3 gode soverom hvorav master bedroom har direkte adkomst til delikat bad.»
Tenk, her får du både god romkjensle, moderne rom og ikkje berre gode soverom, men bedroom. Og tenk, kjøkkenet og stova ligg samanhengande.
I tillegg kan dette vere ein fordel: «Leiligheten har aldri vært i bruk.»
Viss du tilfeldigvis har arva, vunne eller stole 23 millionar kroner i det siste, er du hjarteleg velkommen til visning.
Apropos hus og heim
Går du gjennom Oslo sentrum, kanskje på veg ut til Sørenga for å legge deg i sild i tønne på byens mest populære badeplass og vorspielplass, ja, eg trur matbutikken, som sjølvsagt selv øl, cider og chips, går godt, og viss du har lyst på kjærast, eventuelt ny kjærast, er Sørenga staden å henge ein heil fredag eller laurdag, eller kva dag som helst. I alle fall er det godt mogleg du har gått forbi dette (digre) reklameskiltet, som eg har prøvd å tyde. (Google Translate fungerte dårleg i dette tilfellet.)
Same kva du tener, treng du tran, trur eg det står. Tar du tran, kjem du nærmare Paradis, kanskje. Og då snakkar eg ikkje om Paradis i Bergen. Men det er vel dyrt nok, der òg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.