Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1865
20170811
1865
20170811

Gravskrift

«Han prøvde alltid å gjere det nest beste ut av det.»

«Ikke alle blir kjønnsmodne i år» (NRK)

Dette var ei overskrift for ikkje så lenge sidan, på ei nettside nær meg. Og her er det vel berre å seie at ein nesten får vere glad for at det er slik. Eg trur det kunne blitt mykje styr elles. Og til dei som kjenner seg litt tilsidesette og vonbrotne, vil eg seie: Mangt tyder på at det kjem fleire år. Nytt år, nye sjansar.

I serien «Falske innsidemenn»

I ei herverande avis kunne ein nyleg lese om den framleis nokså nyvalde franske presidenten Emmanuel Macron at han er «Innsidemannen som hevder han står utenfor systemet.» Dette vil eg kraftig dementere. Emmanuel Macron er rett nok president, men nokon innsidemann er han ikkje. Det er det ein heilt annan som er. Ifølgje artikkelforfattaren står han heller ikkje utanfor systemet, så då er det vel fint lite att?

Ein veit at det er sommar

Når ein finn ei nonne på botnen av whiskyglaset.

Valkamp

Når vi møtest neste gong, er det meir eller mindre september og det er også ganske straks val. Det er lett å bli fylt av vemod ved tanken på dette. Ikkje på valet, men på at sommaren alt er over. Det vil verke som han varte endå kortare enn sommaren i fjor. Men vi får trøyste oss med at vi iallfall skal igjennom ein valkamp, der norske verdiar som «skule» og «pasientar» vil vere i fokus. Og det vil komme politikarar og ringe på døra di for å få deg til å stemme på dei. Var eg deg då, ville eg ikkje lukke opp, men halde meg heilt stille til dei har gått att med uforretta sak. Eg veit det er freistande å helle vatn over dei frå eit vindauge i andre høgda, men eg ville ikkje gjort det. Og kokande olje var noko dei dreiv med i riddartida, det hadde rett nok ein viss effekt, men vi har no stort sett gått bort frå slike metodar.

Og med desse orda ønskjer eg dykk ein god sommar ein liten månad til.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis